Religion

Prest i Ørskog teken ut av teneste etter kvinneprestmotstand

DEN NORSKE KYRKJA: Vidar Nes Mygland vil ikkje samarbeide med kvinner om gudstenester. No har biskopen i Møre bestemt at han skal takast ut av teneste inntil vidare.

– Det er ikkje forbode for prestar å vere mot kvinners presteteneste, men ein kan ikkje reservere seg mot å samarbeide, seier Olav Gading til NRK.

Medan biskop Ingeborg Midttømme er ute i eit planlagt fråvær, er han fungerande biskop i Møre. Gading seier at dei no treng tid til å avklare nærare etter det som har kome fram i media.

Førre veke kom det fram at den nye soknepresten i bygda Ørskog i Ålesund kommune er kvinneprestmotstandar. Likevel har biskop Midttømme, ynskt ham velkomen til presteteneste, kunne Bygdebladet og Sunnmørsposten melde.

Vil ikkje ha gudsteneste med kvinner

Vidar Nes Mygland (32), som er tilsett i eit firemånaders vikariat som sokneprest, sa til Sunnmørsposten at:

– Eg er fullt klart over at eg er tilsett i ei kyrkje med kvinnelege prestar. Og eg ynskjer dei det beste i si teneste. Men eg kan ikkje ha gudsteneste saman med dei.

Det har fleire reagerte på, mellom anna sokneprest i Møre, Margit Lovise Holte, og ingen ringare enn prinsesse Märtha Louise.

Martin Enstad, leiar i Presteforeningen, reagerte også sterkt. Han viste til at Bispemøtet i oktober i fjor vedtok at det ikkje er høve for mannlege prestar til å reservere seg mot samarbeid med kvinnelege kollegaar.

– At biskopen likevel vel å tilsetje ein vikarprest med ein slik praksis, meiner me er eit brot på det biskopane er blitt einige om, sa han til Vårt Land.

I april var Mygland einaste søkjar til ei stilling som sokneprest i Åmli. Agder og Telemark bispedømmeråd valde å lyse ut stillinga på nytt. Til Vårt Land sa Mygland at han ikkje hadde fått vita nokon grunn til det, men at han ikkje kunne forstå noko anna enn at det var på grunn av synet han har på kvinnelege prestar.

ØRSKOG KYRKJE: Nyleg blei Vidar Nes Mygland (32) tilsett i eit fire-måneders vikariat som sokneprest i bygda Ørskog.

Glad biskopen tek tak

Therese Utgård Aas er medlem i Møre bispedømeråd for Åpen folkekirke. Ho var ein av dei som kravde svar på kva som har skjedd under tilsetjinga av Mygland. Tysdag kl. 18.00 var det kalla inn til ekstra møte i bispedømerådet om saka. Kort tid før meldte altså NRK at Mygland foreløpig er teken ut av teneste.

Trondheim 28.03.2019
Kirkemøte i Trondheim 2019. Her fra torsdagen. Therese K. B. Utgård.
FOTO: JOAKIM S. ENGER

– Eg er glad for at biskopen tek tak. Det viser at ein tek både dei tilsette og dei folkevalde sine reaksjonar på alvor, seier Utgård Aas.

Ho fortel at fleire kvinnelege prestar i bispedømet har gitt uttrykk for at tilsetjinga av Mygland har gjort dei utrygge og usikre.

Utgård trur biskopen gjer lurt i å ta «ein pust i bakken» for å avklare ting, før ein avgjer kva som skal skje vidare.

– Burde ein visst i forkant av tilsetjinga at han ikkje ville samarbeide med kvinnelege prestar, og er det biskopen sitt ansvar?

– Det er klart at det har skjedd noko uheldig her, og arbeidsgjevar har eit ansvar for tilsetjingar generelt. Men nøyaktig kva som har skjedd her veit eg ikkje, seier Utgård Aas.

– Men uansett kva som har skjedd kjenner eg som folkevald eit ansvar for å fylgje opp saka og sjå nærmare på korleis dette i det heile kan ha skjedd. Det er heile tida krefter som pressar på for at rommet for reservasjonar skal vera større enn det biskopane har slått fast at det er. Derfor er det veldig viktig at ein fylgjer med på slike saker, og korleis dei blir handterte praktisk, meiner Utgård Aas.

Ho reagerer på at ho får greie på utfallet i saka gjennom media, i forkant av ekstramøtet med bispedømerådet der saka blir teken opp.

– Det er litt spesielt å få vita dette gjennom media, men eg respekterer at det er biskopen sitt ansvar.

Leiar i Møre bispedømmerådet, Ann Kristin Sørvik, seier det er opp til fungerande biskop Olav Gading å uttale seg om saka i media.

Vidar Nes Mygland seier til Vårt Land at han ikkje ynskjer å kommentere saka.

– Hårreisande personalbehandling

Sverre Elgvin Lied, leiar i nettverket Frimodig kirke, meiner at personalbehandlinga av Mygland er hårreisande.

– Det er ganske rått av kyrkja si leiing å behandle folk på den måten. Gje i alle fall mannen ein sjanse. Tenk deg sjølv korleis det er å bli hengt ut på den måten fyrst i eit bispedøme, og så eit anna, seier Lied.

Han meiner vikariatet kunne vore ein gyllen sjanse til å sjå korleis Mygland fungerte i jobben.

– Han er sitert i lokalpressa på at han ikkje ynskjer å samarbeide med kvinnelege prestar, punktum. Det ville vore problematisk, men eg tvilar på at det stemmer. For dei fleste med den typen embedsteologi er det liturgiske fellesskapet det som er utfordringa, som for eksempel å lede nattverdsliturgien saman med ein kvinneleg prest. Det er heilt unntaksvis at det er ei aktuell problemstilling, meiner Lied.

Han synest det er skjerpande at det er Den norske kyrkja som har endra praksis på dette feltet etter at Mygland vart ordinert til teneste, og ikkje Mygland sjølv. Lied meiner dei i praksis har gitt Mygland yrkesforbod.

– Kva med alle dei kvinnelege prestane som seier dei blir utrygge av tilsetjinga?

– Eg er sjølv gift med ei kvinne som er prest, og kan forstå at nokre kvinnelege kollegaar er usikre. Men i praksis har det som regel, med nokre unntak, fungert greitt, seier Lied om prestar som har reservert seg mot liturgisk fellesskap med kvinnelege prestar.


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion