Nei.

Majoriteten er tydeleg når Berlingske Tidende spør folket: Bør Danmark gje ei offisielle orsaking for bruken av slavar på dei vestindiske øyane?

59 prosent svarar nei. 24 prosent meiner ja.

Spørsmålet om Danmark skal gjere opp for gammal slaveriurett, er sett på dagsorden etter ei kjede av hendingar: Drapet på afroamerikanaren George Floyd i Minneapolis i USA, internasjonale protestar mot rasisme og oppgjeret med slaverihistoria som blei starta av britiske aktivistar starta. Dei reiv slavehandlaren Edward Colston ned av sokkelen i byen Bristol og kasta han i sjøen.

Handla med menneske

Kongeriket Danmark-Norge har ei brutal fortid som menneskehandlarar. Om lag 111.000 afrikanarar blei segla til Karibia, særleg dei dansk-norske øyane St. Thomas, St. Jan og St. Croix.

Danmark-Norge var verdas sjuande største på slavetrafikken over Atlanterhavet, fortel standardverket The Slave Trade av historikaren Hugh Thomas.

Nordmenn var involvert på alle plan; som slavehandlarar, slavefraktarar, plantasjeeigarar og koloniadministratorar.

Vel framme i den karibiske slavekolonien, blei afrikanarane lagt i lenker og sett til å arbeide med det kvite gullet. Sukkeret.

Handelen med menneske varte i 175 år. Dei blei kjøpte på Gullkysten, som er dagens Ghana - på seks dansk-norske handelsfort, og selt i Vestindia, til danske og norske plantasjeeigarar. Heilt fram til 1848 blei menneske haldne i lenkjer i Dansk Vestindia.

I 1917 selde Danmark øyane til USA. Med innbu, 26.000 slaveetterkommarar. Pris: 25 millionar dollar for land og folk.

Utanfor varehuset til Dansk Vestindisk Guinea Compagni i byen Christiansted på øya St. Croix var det ein slavemarknad i godt over 100 år. Øyane St. Croix, St. Jan og St. Thomas var dansk-norske slavekoloniar i Karibia.
Foto: Håvard Sæbø

Utanfor varehuset til Dansk Vestindisk Guinea Compagni i byen Christiansted på øya St. Croix var det ein slavemarknad i godt over 100 år. Øyane St. Croix, St. Jan og St. Thomas var dansk-norske slavekoloniar i Karibia. Foto: Håvard Sæbø

Danmark har sagt nei, nei

I 1998 stunda det mot 150 års markeringa for frigjevinga av slavane i Dansk Vestindia, og Danmarks utanriksminister blei utfordra: Er det ikkje på tide at den danske regjeringa ber om orsaking for slaveriet og slavehandelen?

Nei, svarte Niels Helveg-Petersen. Det har ikkje noko for seg at personar som ikkje var personleg involvert i slavehandelen ber personar som ikkje var utsette for slavehandel om orsaking, konkluderte han.

I 2017 var det 100 år sidan Danmark selde St. Thomas, St. Jan og St. Croix. Ved inngangen til året tok statsminister Lars Løkke Rasmussen opp slavehandelen i nyttårstalen:

– Det er ikkje en stolt del av Danmarks-historia. Det er skammeleg.

Heller ikkje då Løkke Rasmussen deltok på 100-årsmarkeringa for øysalet, ville han be om orsaking. Han strekte seg til:

– Slaveriet i Vestindia er ein del av vår historie som me ikkje kan tilgje.

Nederland siste ute med slaveriforbod

1. juli er datoen då Nederland forbaud slaveriet i koloniane; i Surinam i Sør-Amerika og i dei nederlandske Antillane, øyane Aruba, Bonaire, Curaçao Saba, Sint Eustatius og Sint Maarten.

No blir Nederlands statsminister Mark Rutte utfordra til å bruke dagen til å be om orsaking for Nederlands rolle i slavehandelen og bruken av slavar i koloniane.

1. juli 1863 var Nederland siste land ut til å forby slaveriet. Portugal gjorde det i 1761, Danmark-Norge i 1803, Spania i 1818, England i 1834 og Frankrike i 1848.

- Statsminister Rutte må be om orsaking for slaveriet på vegne av Nederland, krev leiar i partiet GroenLinks, Jesse Klaver, melder De Telegraaf.

Nederland har ikkje kome med ei offisiell orsaking for slavehandelen og slaveriet. I 2013 strekte regjeringa, ved visestatsminister Lodewijk Frans Asscher, seg til desse orda: «Den nedverdigande praksisen med slaveri er ein flekk i historia vår».

Kvinner og menn blei selt på marknader - her ein salsplakat frå Charlotte Amalie, den største byen på St. Thomas, ein av Danmark-Norges slaveøyar i Karibia.
Foto: Håvard Sæbø

Kvinner og menn blei selt på marknader - her ein salsplakat frå Charlotte Amalie, den største byen på St. Thomas, ein av Danmark-Norges slaveøyar i Karibia. Foto: Håvard Sæbø

 

Eit land har sagt «orsak»

Heller ikkje Portugal, som var ein pioner i handelen med menenske, har sendt ut eit «orsak». Under eit besøk på slaveøya Gorée i Senegal i 2017 nøgde president Marcelo Rebelo de Sousa med å seie at «slaveriet var urettvist».

Eitt land har sagt «orsak», slavestormakta Storbritannia.

Då Tony Blair, som statsminister, vitja Ghana i 2007, fann han fram det etterspurde ordet:

– Eg har sagt orsak, og eg seier det på nytt, sa han etter samtalar med dåverande president John Agyekum Kufuor.

Blair var i Ghana for å markere at det var 50 år sidan Ghana blei sjølvstendig, som den første kolonien sør for Sahara.

Karibia etterlyser utviklingshjelp

Medan etterkommarane til slavane i Karibia ventar på dei forløysande orda fra stats- og regjeringssjefar, har verksemder som var involverte i slavehandelen byrja å seie orsak, bankar og forsikringsselskap:

– Me seier orsak for rolla Lloyd's spelte i slavehandelen på 17- og 1800-talet, ein avskyeleg og skjemmande epoke i engelsk og vår eigen historie, seier forsikringsgiganten i ei kunngjering.

Lloyd's var ein leiande tilbydar av skipsforsikring, som også inkluderte slavar. Dei blei klassifiserte som gods.

Forsikringsselskapet vil no støtte frivillige organisasjonar som hjelper slaveetterkommarar og etniske minoritetar. Men frå Karibia kjem det ikkje varme helsingar:

– Det er ikkje nok å seie «orsak», meiner Hilary Beckles, styreleiar i CARICOM Reparations Commission, ein paraplyorganisasjon for karibiske statar som krev erstatningar frå dei gamle kolonimaktene.

Ein sukkerplantasje på øya St. Croix. Dei dansk-norske slaveøyane i Karibia produserte sukker som blei segla heim til Danmark og Norge.
Foto: Nationalmuseet

Ein sukkerplantasje på øya St. Croix. Dei dansk-norske slaveøyane i Karibia produserte sukker som blei segla heim til Danmark og Norge. Teikning: Nationalmuseet

 

Til nyhendebyrået Reuters seier Beckles at det er respektlaust å berre seie «orsak og så sende ut ei pressemelding». Han krev at ordet må følgjast opp med handling.

– Britiske institusjonar må setje seg ned saman karibiske land og finansiere utviklingsprosjekt, eller kanskje vurdere ein Marshall-plan for å gje tilbake noko av formuen ein plyndra.

 

LES MEIR OM DANMARK-NORGES ROLLE I SLAVEHANDELEN

Nordmenn dreiv slavehandel

Vil fjerne gatenavn etter Møhlen, Tordenskiold og Angell

– Reis heller minnesmerker over slavenes liv