Nærgåande­ om norsk ­slavehandel

Anders Totland tek opp ei mørk skandinavisk for­historie i barneboka Den norske slavehandelen. Det er engasjerande lesnad.

Dei dansk-norske slavehandlarane skipa ut slavar frå sine fort i den dansk-norske kolonien Gullkysten – dagens Ghana.
Publisert Sist oppdatert

«Du har kanskje høyrt om slavehandelen og tenkt at det var slikt dei dreiv med i USA i gamle ­dagar…» står det bak på Anders Totlands nye bok. Mange vil nok stadfeste dette med eit nikk. Men når vi opnar boka, kjem forteljingar om norske menn, skip og styresmakter som tok del i denne aktiviteten. Ikkje at dette er bane­brytande opplysningar, men særleg kjende er dei heller ikkje.

Vald

Anders Totland har saumfare arkiv og bibliotek for å finna informasjon til denne boka. Fordi denne slavehandelen gjekk føre seg dei hundreåra Noreg og Danmark var eitt rike, har det ikkje vore skrive så mykje om det, men noko finst det. Totland har lista opp mange av kjeldene bak i boka saman med eit lite kapittel der han tipsar lesarar om korleis dei kan gå fram dersom dei har lyst til å finna ut meir om dette emnet.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP