Kommentar

Derfor kan det vere farleg å spreie propaganda

I verste fall kan du bidra til å forlenge og forverre krigen.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Scenene frå det anglikanske Al Ahli-sjukehuset i Gaza tysdag kveld var grufulle.

Det er endå mykje vi ikkje veit, men la oss starte med det som er sikkert:

Fleire tusen sivile var stimla saman på ein uteplass ved sjukehuset i frykt for krigens gru. Ein del av desse blei treft av ein rakett. Raketten førte til ein voldsom eksplosjon. Mellom 200 og 500 vart drepne. Bilete i sosiale medier viste korleis born og vaksne låg strødd utover, og eit titals likposar i eit telt.

Hamas som einaste kjelde

Det er vondskap. Det er krigens urett. Det er krigsbrotsverk.

Umiddelbart kunngjorde Hamas at raketten kom frå det israelske militæret. Terrororganisasjonen har hittil i krigen vore ei heller tvilsam kjelde, men det hindra ikkje ein del i å la seg overtyde av at informasjonen stemte.

VG, NRK, Al Jazeera og mange opprørte humanitære røster i sosiale medier vidareformidla at Israel stod bak åtaket. Det skadar truverdet til redaktørstyrte medier og pregar narrativet om konflikten, sjølv om dei var relativt raske med å rette opp. Det er ikkje vanskeleg å forstå den stemninga som derfor råda i sosiale medier nokre timar onsdag kveld.

Også folk heime i Norge bør ta til seg Støres oppmoding om å redusere konfliktnivået. Spreiing av propaganda bidreg til meir hat, konflikt, splid og sinne.

Foreløpig hadde ikkje uavhengige kjelder konkludert med kva som hadde skjedd. Det var noko som skurra, så lenge kjeldene til informasjonen berre var Hamas-organ.

Den israelske hæren hadde i dagane før bede sivile om å forlate Gaza og dra sørover for å unngå sivile tap. Først gav dei ein frist på tjuefire timar, men etter det har den blitt utvida igjen og igjen. No har det snart gått ei veke.

Kan ha vore eit feilgrep

Det ville vore eit merkeleg strategisk trekk av Israel å bombe sjukehuset, etter alt det internasjonale presset som allereie er lagt på landet om å halde igjen på maktbruken. President Joe Biden sat sannsynlegvis på flyet frå Washington då åtaket fann stad – for å snakke med israelske og arabiske leiarar. Samstundes ville det ikkje vore første gongen ein krigførande part gjennomfører eit merkeleg strategisk trekk med grusomme konsekvensar.

På same måte er det vanskeleg å fatte at dei palestinske terrorgruppene Islamsk Jihad eller Hamas skulle sende ein rakett mot eigne sivile. Det kjem heile tida påstandar om at Hamas brukar sivile palestinarar som skjold i si krigføring, men det som skjedde på Al Ahli-sjukehuset ville vore eit nytt nivå.

Den minst konspiratoriske spekulasjonen må derfor vere at åtaket var resultat ein feil, uavhengig av om det var Hamas, Islamsk Jihad eller Israel som stod bak. Like fullt er det uansett eit grovt krigsbrotsverk.

I krig er sanninga den første som døyr. Fakta blir utydeleg i røykskyene frå kuler og rakettar. Det som ligg att, er propaganda og ruiner.

Deling av uverifisert informasjon er som tannkrem du pressar ut av ein tube: Sjølv om informasjonen skulle vise seg å vere feil, har du allereie spreidd propaganda som har bidratt til å etablere eit narrativ. Det kan dermed ha forma mange si oppfatning allereie, og skade du ikkje kan reparere.

Propaganda roar aldri konflikten

I Stortingets spørjetime onsdag morgon var åtaket tema frå første stund.

Høgre-leiar Erna Solberg tok mellom anna til orde for at åtaket må bli etterforska. «Mørket senker seg over denne regionen på ein måte som har enorme konsekvensar for menneska som bur der», oppsummerte Jonas Gahr Støre.

Statsministeren kom òg med ei sterk appell til partane om å få konfliktnivået ned. Det er det einaste riktig for ein ansvarleg politikar å seie i denne situasjonen. Det er nok òg ein del av bodskapen frå president Biden då han møter leiarane i regionen seinare i dag.

Det er mykje meir solidarisk å vente på, og dele, faktasjekka og solid informasjon enn å skyte frå hofta som ein annan cowboy.

Også folk heime i Norge bør ta til seg Støres oppmoding om å redusere konfliktnivået. Spreiing av propaganda bidreg til meir hat, konflikt, splid og sinne.

Krig er ein komplisert dynamikk mellom partar. All krig vert òg påverka av korleis folk og støttespelarar utanfor konfliktområdet oppfattar situasjonen. Her speler propaganda ei nøkkelrolle i å forsterke konflikten.

Betre støttespelar å ikkje dele

Informasjon frå ein av partane som ikkje er verifisert, kan i mange tilfelle vere rein propaganda. Til dømes kan ikkje både påstandane frå Israel og Hamas om åtaket på al-Ahli-sjukehuset vere sanne på same tid.

No kokar det i sosiale medier. Mange som kjenner adrenalin, sinne og hat boble innvendig av nyheitene, tar til tastaturet og trykker på publiseringsknappen. Mykje av propagandaen er kombinert med store doser av fakta, og er derfor endå vanskelegare å få auge på.

Kanskje er det for å vise si støtte med palestinarane eller si støtte til Israel. Det paradoksale er at du sannsynlegvis er ein betre støttespelar for den parten du sympatiserer med om du lar vere å spreie propagandaen. Verken Israel eller palestinarane er tent med ein meir blodig krig enn den som allereie har vore.

Spreiing av propaganda og uverifisert informasjon kan derfor i verste fall bidra til å forverre og forlenge krigen.

Søk etter faktasjekka kjelder

Her i Norge har vi kjelder som faktisk.no og dei redaktørstyrte media. Sjølv om NRK og VG denne gongen var tidleg ute med ikkje-verifisert informasjon, er desse ofte langt betre kjelder enn mange andre. Elles vil åtaket på al-Ahli-sjukehuset sannsynlegvis bli granska av uavhengige aktørar, slik at vi får fakta på bordet. Av dei betre faktasjekkarane om krig og konflikt internasjonalt kan det vere verd å sjekke ut til dømes Bellingcat.com eller Institute for the Study of War.

Ein del er redd for å bli oppfatta som kalde eller kjenslelause ved å vente på verifisert informasjon. Det er ei grov misoppfatning.

Det er mykje meir solidarisk å vente på og dele faktasjekka og solid informasjon enn å skyte frå hofta som ein annan cowboy.



Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar