Kommentar

Irak-krigen vart ei gåvepakke til despotane

Irak-krigen for 20 år sidan tappa demokratikampen for truverd.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Våren 2003 kom det som for meg vart ei stor politisk vekking. Eg studerte journalistikk i London og draumen var å bli utanriksreporter. Men no vart den journalistiske objektiviteten sett på vent.

Statsminister Tony Blair hadde bestemt seg for å bli med president George W. Bush på USAs invasjon av Irak. Krigsmotstanden vaks lynraskt. Eg hugsar dei stappfulle gatene frå landemerkene i Soho, langs Piccadilly til Hyde Park og vidare. Folk strøymde ut av t-banestasjonane med plakatar der Blair var teikna som Bush sin puddel.

Frå heile Storbritannia kom det hundrevis av bussar med unge og gamle, folk frå alle samfunnslag. Mange hadde nok aldri delteke i ein demonstrasjon før. «Who let the bombs out? Bush, Bush and Blair», ei lett omskriving av landeplaga til gruppa Baha Men, og dei tunge rytmane frå stortrommene, gjorde demonstrasjonen til krigsmotstand og folkefest på same tid.

Millionane som demonstrerte i gatene kunne ikkje stanse krigen. Invasjonen kom og Saddam Husseins regime var knust. Det er nå snart 20 år sidan George W. Bush erklærte Oppdrag utført. Kort tid etterpå vart landa kasta ut i ein brutal borgarkrig.

Frå Irak-krigen til kald krig på nytt

Vi som gjekk på barneskulen då Sovjetunionen fall, vart fortalt at ein stadig meir sammanvevd økonomi og mest mogleg fri flyt av menneske, varer og idear ville sørgje for at demokratiske verdiar ville spreie seg. USA stod att som verdas einaste stormakt. Det var få som såg for seg at nokon ville tene på ein ny krig.

Demokratikampen i seg sjølv er farleg for despotane, farlegare enn militærmakta til USA. Irak-krigen braut med denne, og historia er ei gåvepakke til Vladimir Putin og Xi Jinping

—  Lars Inge Staveland, nyheitsredaktør

Den verdsoppfatninga var naiv, og motstanden mot USA auka før krigen. Men sjølv oss ihuga krigsmotstandarane måtte innrømme ein ting: Når fyrst eit land skulle vere så mektig, var det like greitt at det landet var USA.

Argumenta for krig i 2003

Kvifor gjekk USA til krig i 2003? Den populære britiske podkasten Real Clear Politics har i to episodar spolt tida tilbake. Noverande podkastar Alastair Campbell var Blair sin næraste rådgjevar. Vi såg på han som skruppellaus spinndoktor, som vridde på sanninga for å få Blair til å stå fram i eit betre lys. Tidlegare toppdiplomat og statssekretær Rory Stewart vart guvernør i ein sørirakisk by etter invasjonen.

I ein samtale om krigsutbrotet er det lite anger å spore hos Campbell. Stewart støtta også invasjonen, men har i ettertid sett den var eit historisk mistak. Campbell peikar på valet Blair overfor eit val: Å sjå vekk ifrå informasjonen han fekk om at Saddam Hussein hadde masseøydeleggingsvåpen. Det var trass alt ein despot som tidlegare hadde brukt kjemiske våpen mot eigen befolkning. Hussein hadde også tidlegare brote samarbeidet med FNs våpeninspektørar.

Blair fekk, ifølgje Campbell, truverdig informasjon viste at trugsmålet mot Storbritannia var reelt. At det heile viste seg å vere feil, betyr ikkje at Blair burde handla annleis, meiner han. Dette var berre to år etter at 3000 menneske var drepne i terroråtaka mot USA og Washington 11. september.

Ville demokratisera med militærmakt

Stewart meiner på si side at Iran og Nord-Korea, ifølgje den same etterretninga, var komme lengre i å utvikle våpen som kunne ramme Storbritannia. Campbell fortel om ei møte i Washington der Tony Blair klarte å overtyde ein skeptisk Bush-regjering til å søkje støtte for krigen i FN. Som vi veit, mislukkast FN-sporet utan at det stoppa invasjonen.

I Washington var det også eit langt meir ideologisk argument for krigen. Det tilhøyrde den nykonservative fløya i den amerikanske administrasjonen, som lenge før terroråtaket 11. september hadde jobba for invasjon av Irak. Ein krig ville vere ein første fase i utrulling av vestleg-venlege regimer i heile Midtausten. Det var eit moralsk ansvar og strategisk nødvendig for USA å bruke militærmakt for å fremje demokrati. Det ville også gi sikre USA tilgang til oljeressursane i regionen.

Så kvifor er alt dette viktig nå? Blant anna fordi Irak-krigen gjorde det enkelt for autoritære statar å vise til at demokratiske land lyg når dei må for å oppnå sine resultat.

Demokratikampen i seg sjølv er farleg for despotane, farlegare enn militærmakta til USA. Irak-krigen braut med denne, og historia er ei gåvepakke til Vladimir Putin og Xi Jinping.

Førte Irak-krigen til handlingsvegring?

Men kan krigen også ha påverka vår evne til å handle når vi faktisk bør?

I podkasten spør Rory Stewart seg om Irak-krigen har gjort vestlege land redde for å bruke den makta som faktisk burde brukast. Som då Bush sin etterfølgjar Barack Obama først åtvara om at bruk av kjemiske våpen i Syria ville vere ei «raud linje», utan å bruke makt til å følgje det opp.

Den nødvendige støtta til Ukraina viser kor viktig det er å komme ut av skuggen frå den illegitime Irak-krigen

—  Lars Inge Staveland, nyheitsredaktør

Obama førte ein utanrikspolitikk som var eit uttalt linjeskifte frå forgjengaren.

Det er i dag ei utstrekt oppfatning av at USA og Europa gjorde for lite då Russland annekterte Krim i 2014. Sanksjonane var avgrensa, Russland arrangerte fotball-VM i 2018 og heldt fram å byggje ut røyrleidningar til Europa.

Ein ny konflikt vil truleg ikkje ha FN-støtte

I dag er det nok av mørke skyer på horisonten.

Fleire ekspertar spår at vi i framtida kan oppleve at Kina bruker makt til å leggje under seg store land- og havområde i stillehavs-regionen, og Taiwan kan vere først ute.

At Irak-krigen mangla støtte i FN, vart brukt som prov på at krigen i 2003 ikkje var legitim.

Ein militæroperasjon for å hindre at Kina tek kontrollen over landområde i Asia, vil ikkje ha ryggdekning i FN. I Tryggleiksrådet sit både Russland og Kina.

Den nødvendige støtta til Ukraina viser kor viktig det er å komme ut av skuggen frå den illegitime Irak-krigen.

Les mer om mer disse temaene:

Lars Inge Staveland

Lars Inge Staveland

Lars Inge Staveland har vært nyhetsredaktør i Vårt Land siden august 2022. Han har ansvar for nyhet- og publiseringsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar