Kommentar

Streiken handlar ikkje om seigmenn, Stratos eller pils

Det er lett å la seg lure av kreftene i bakgrunnen av årets streik. Vi bør møte den heftige informasjonskrigen med eit skeptisk blikk.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Streik er alvor.

For alle som ikkje forstår det, var det berre å skru på NRKs nyheitsmorgon måndag morgon.

Statskanalen kunne melde at nasjonen måtte starte veka med mangel på essensielle varer i norske butikkhyller på grunn av streiken: Det var no mellom anna manko på seigmenn av typen Laban og sjokolade av typen Stratos.

Ingenting å le av

Kanskje styresmaktene kunne ha gripe inn med rasjoneringskort, slik at desperate folk flest i det minste kunne få sine sjokoladeplater med kjærkomne luftbobler inni? På den positive sida kunne vi no avlyse all identitetskrig om seigmenn- og kvinners kjønnsorgan.

Det hjelper kanskje ikkje at butikkhyllene bugnar av Stratos, Laban og pils – viss du ikkje har råd til å kjøpe noko av det for løna di.

—  Emil André Erstad, kommentator

Aftenposten kunne melde endå meir alvorlege nyheiter med tittelen: «Historisk storstreik. Kan bli tomme ølhyller». Verre kan det neppe bli for solhungrige nordmenn enn å måtte sitte i solsteika med tomme hender utan pils.

Vi kan gjerne tøyse og le av det, men den kampen som no går føre seg om definisjonsmakta over streiken er ingenting å le av.

Beinhard informasjonskamp

LO og NHO prøver på kvar side å teikne eit mest mogleg fordelaktig bilete av streiken si sak. Gjennom lekkasjar og såkalla spinn prøver dei i bakgrunnen å selje inn saker som gir støtte til sitt respektive syn.

Akkurat no er 23.000 LO-medlemer i streik. Fredag er det varsla at streiken vil bli trappa opp. Då kan totalt cirka 38.500 LO-medlemer streike.

Vi bør alle møte denne beinharde informasjonskampen med eit kritisk blikk – uavhengig om vi er journalistar, politikarar eller forbrukarar.

Uansett kva side av denne informasjonskrigen du står på, er det vanskeleg å meine at Laban, Stratos og øl er dei største problema streiken skapar. Kva med alle gravferdene som ikkje kan bli gjennomført på grunn av innstilte ferjer? Kva med alle som ikkje kjem seg til sjukehus i tide?

Meir og meir forbrukarperspektiv

Vi kjem nok til å høyre meir om desse og større utfordringar i dagane som kjem.

Journalistikk om streik er sjeldan nøytral. Sjølv om journalisten oppfattar seg som objektiv, har det ofte meir å sei kva perspektiv ein legg seg på i dekninga.

I stadig større grad har journalistikk om streik i Norge dei siste åra tatt eit forbrukarperspektiv. Det er eit klart og aktivt verdival redaksjonane har gjort, som går på kostnad av andre interesser. Til dømes vanlege folk sine arbeidsvilkår.

Er ikkje dei aller fleste av oss som kjøper ting i norske butikkar også arbeidstakarar og tilsette i verksemder som vert påverka av det lønsoppgjeret LO no streikar for?

—  Emil André Erstad, kommentator

Kvifor vart det eigentleg streik? Heller ikkje der er NHO og LO samde. Sistnemnde meiner det handlar om at LO ikkje fekk gjennomslag for å auke kjøpekrafta i forhandlingane med arbeidsgivarsida i NHO. «NHO har valt å avvise våre krav», sa LO-leiar Peggy Hessen Følsvik då streiken var eit faktum. Frå NHO får vi vite at det er feil. Arbeidsgivarane «imøtekom LOs krav om økt kjøpekraft», meiner han.

Sannsynlegvis er sanninga meir komplisert enn begge gir inntrykk av. Lekkasjar frå forhandlingane kan tyde på at NHO har gått med på å ville auke kjøpekrafta for dei tilsette, men har samstundes kravd vilkår som LO ikkje kunne gå med på.

Det er komplisert på begge sider. Til dømes her: Dersom NHO gir etter for LOs krav vil ein for stor lønsvekst kunne bli tungt å bere for dei minste bedriftene i distrikta.

Kjernen i streiken handlar om kjøpekraft

Akkurat no er det slik at den kampanjedrivne forbrukarjournalistikken om streiken har gitt mest støtte til arbeidsgivarsida si sak – altså NHO.

Det er LO som har gått ut i streik. Dermed får ikkje bedriftene produsert det dei skal produsere, og kven er taparen? Jo, det er oss forbrukarar. I alle fall viss vi skal tru den journalistikken fleire store medium presenterer.

Så snart vi får slutt på streiken – altså at LO sine medlemer går attende på jobb – vil forbrukarane få sitt.

Men er det verkeleg så enkelt? Er ikkje dei aller fleste av oss som kjøper ting i norske butikkar også arbeidstakarar og tilsette i verksemder som vert påverka av det lønsoppgjeret LO no streikar for?

Ikkje berre det: Også menneske på trygd er heilt avhengige av utfallet av streiken. Fordi grunnbeløpet i folketrygda (den berømte G-en) følgjer lønsveksten. Dersom LO sine medlemer ikkje får betre kjøpekraft, vil det same gjelde mange andre grupper i samfunnet.

LOs krav kan ikkje vekse inn i himmelen, fordi for mykje lønsvekst kan gje auka inflasjon. Det er sjølvsagt NHO opptekne av å poengtere i forhandlingane, fordi det kan skape sterkare press på norsk økonomi og bedriftene. Det vil alle tape på.

Derfor er streiken komplisert, og kampen om sanninga ikkje så enkel som nokon av partane vil ha det til.

Det hjelper kanskje ikkje at butikkhyllene bognar av Stratos, Laban og pils – viss du ikkje har råd til å kjøpe noko av det for løna di.

Det er det streiken handlar om.





Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar