Kommentar

Putins kristne fascist

Vladimir Putins Russland har omskrive si eiga historie med hjelp av lik som er henta heim.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Då dottera til den ultranasjonalistiske filosofen Alexander Dugin blei drepen av ei bilbombe i august, blei Dugin framstilt som «åndeleg guide» for Putins invasjon i Ukraina. Langt viktigare for Putin er nok ein avdød russisk filosof: Ivan Iljin.

Putin hadde sist veke ikkje tid til å gå i gravferda til Mikhail Gorbatsjov. Hausten 2005 hadde Putin meir enn god nok tid til å syta for at levningane etter Iljin vart henta heim. Iljin som vart utvist i 1922 og døydde i Sveits i 1954, fekk ny gravferd i Moskva. Iljin er filosofen som Putin verkeleg har brukt for å rettferdiggjera krigen i Ukraina og gje Russland overjordisk legitimitet.

Forsvarte vald

Då Sovjetunionen braut saman i 1991, trudde mange at Russland ville gå mot demokrati og verdiane Vesten lever på. Men herskarklassen i Russland såg seg om etter autoritetar i Russlands tsar-fortid.

Som framståande jurist i Moskva tidleg i førre århundret ønskte Iljin at Tsar-Russland skulle bli rettsstat. Men etter verdskrigen og etter bolsjevik-revolusjonen i 1917 vart han talsmann for å nedkjempa kommunismen med blodig vald. «Dei kvite» tapte den svært blodige, fire år lange borgarkrigen.

I 1922 vart Iljin utvist. I Tyskland der han budde til 1938, beundra Iljin Hitler som forsvarar av sivilisasjonen mot bolsjevismen. Han rosa Hitler for å ha henta jødedehatet frå «dei kvite». Men då Hitler stempla slaviske folkeslag som undermenneske, flytta Iljin til Sveits.

Iljin formulerte skrifter for dei som skulle ta makta den dagen Sovjetunionen braut saman: Russland skulle bli ein kristen frelsar. Iljin misunte Italia for å ha nådd fascismen før Russland, men han trøysta seg med at fascistleiar Mussolini var inspirert av «dei kvite».

Putin er inspirert av Iljin til å sjå seg som Russlands frelsar.

—  Johannes Morken

«Bøna mi er sverd»

Etter den andre verdskrigen justerte Iljin synspunkta sine, men utan å ta full avstand frå nazismen. Han kritiserte dei europeiske fascistane for diktaturet og for at dei var kritiske til religion.

I Iljins kristne fascisme var det val, men ikkje hemmelege. I hans kristendom var det ingen neste å elska. Iljin omfamna ein kristendom der politikk handla om å identifisera Guds fiendar og nedkjempa dei: «Bøna mi er som eit sverd. Og sverdet mitt er som ei bøn», skreiv Iljin i 1927.

Ivan Iljin meinte at før historia var Gud perfekt. Men etter skapinga gjorde Gud den eine feilen etter den andre. Han slapp laus mennesket som var drive av sex, det førte verda inn i «åndeleg og moralsk relativisme».

For dette fordømde Iljin Gud. Filosofen innsette seg sjølv som den som kunne seia korleis verda skulle koma tilbake til tilstanden før Gud starta historia. Iljin såg på Russland som Guds heimland som måtte sikrast, kosta kva det kosta ville. Russland var den einaste kjelda til det absolutt gode og territoriet der Guds totalitet før skapinga skulle gjenopprettast.

Iljin skapte eit bilete av eit evig uskuldig Russland som stadig var offer for andres urett. Kommunistrevolusjonen var, ifølgje Iljin, pådytta Russland frå vest: Karl Marx var tysk, og Lenin fekk tysk hjelp til å koma heim i 1917.

Fantasiens frelsar

På toppen av uskuldige Russland plasserte Iljin fantasibiletet av ein frelsar som skulle gjenreisa riket. Der var Ukraina ein sjølvsagt del. Då Putin kom til makta i 2000, starta han tidleg å sitera Ivan Iljin i viktige talar om Russlands store rolle.

Oligarkane, med Putin som den fremste, tilpassa lett Ivan Iljins lære til det dei gjorde for å sikra makt og kontroll. «Tankegodset hans hjalp tyvene til å fremstille seg som frelsere», skriv den amerikanske historikaren Timothy Snyder i boka Veien til ufrihet (Press, 2018) der han utførleg gjer greie for Iljin og dagens Russland. Snyder skriv at Iljin såg på sitt arbeid som ei lita lykt i eit stort mørke. «Med denne flammen har Russlands ledere (…) startet en storbrann».

Boka til Snyder kom etter Putins krigar i Tsjetsjenia og Georgia og etter invasjonen i Donbass og annekteringa av Krim – men før storbrannen i år spreidde seg og ingen veit korleis den kan sløkkjast.

Krig mot syndige Vesten

Den russisk-ortdokse patriark Kirill har grunngitt overfallet på Ukraina med kampen mot Pride. Det er som å høyra Iljin: Russland skulle liggja i permanent krig mot syndige Vesten. Både Kirill og dåverande patriark Aleksej II var med då Iljin 3. oktober 2005 fekk ny gravferd i Donskoj-klosteret, samstundes med tsar-generalen Dinikin som leia den tapande sida i borgarkrigen. Levningane til generalen var henta heim frå USA. «Det nye Russland skaffar seg nye relikviar og skriv omatt si eiga historie, eitt lik om gangen», skreiv The New York Times frå gravferda.

Putin er inspirert av Iljin til å sjå seg som Russlands frelsar. Iljin klarte aldri å løysa dilemmaet: Kva skjer når frelsaren døyr? Vi er livredde for kva som skjer medan Putin lever og anar ikkje kva som skjer den dagen han går bort.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar