Kommentar

Er The Send så farleg?

KARISMATIKK: Viss eg var tenåring, hadde eg garantert blitt med på The Send, sjølv om Helge Simonnes åtvara mot bolsonarisk høgrepopulisme og sterke åndskampar.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Flakkande filmsnuttar av fulle stadion, ungdommar som spring så vitalt som berre ungdommar kan og ein eldspsrutande romrakett rett før utløysinga, møter deg når du går inn på nettsida til The Send. Dette er potente saker, tenker eg medan eg noterer at det breiar seg bittelitt gåsehud på armane mine.

The Send er eit arrangement som vart etablert av den amerikanske misjonsorganisasjonen Youth With A Mission (YWAM), som også finst i Norge under namnet Ungdom i Oppdrag (UIO). Arrangementet har samla titusenvis av menneske til kristenkarismatiske møte på store stadion i Los Angeles, Florida og Brasil. Juni 2022 kjem The Send til Telenor Arena i Oslo.

David Sviland

Bolsonaro og Trump

Det uroar fleire. Blant anna tidlegare Vårt Land-redaktør, Helge Simonnes. Han er skeptisk til at Brasils kontroversielle president, Jair Bolsonaro, dukka opp på scena på The Send i Brasil og blei erklært som gjenfødd kristen av møteleiaren. Han kan også fortelle at sentrale personar i The Send-rørsla er Trump-tilhengarar som samanliknar koronaviruset med demonangrep.

Ein pikant cocktail beståande av høgrepopulistisk tankegods og åndeleg krigføring mot demonar som står bak koronapandemien, der altså.

Trass i åtvaringane frå Simonnes, klarar han ikkje å stogge ei gammal kjensle av at det bob-bob-bob-bob-boblar litt inni meg når eg skrollar vidare på nettsida til The Send. Eg har nemleg vore borti liknande før.

Eg gjorde ganske mykje rart på denne tida.

—  David Sviland

«Treasure hunting»

Etter vidaregåande takka eg nei til dei lunkne, kristne folkehøgskulane og sette kursen mot den sveitsiske alpebyen Davos for å gå på ein av dei mange disippeltreningsskulane til nettopp YWAM. Med snowboard på føtene, Bibelen i handa og ungt overmot i hovudet, vart me sende ut i slalåmbakkar, fengsel, nattklubbar og sjukeheimar for å be for sjuke og gjera Jesus kjent.

Eg gjorde ganske mykje rart på denne tida. Nokre kveldar gjekk me på «Treasure hunting», altså skattejakt. Me jakta ikkje gull, men menneske som trong eit ord frå Gud. Måten me fann desse menneska på, var å be Gud peike dei ut for oss. Metodikken var enkel: Me fann fram penn og papir og lot Herren styre handa. Slik oppstod lister med dei merkelegaste kombinasjonar: Mintgrønt pannaband, miniskjørt og spaserstokk. Så gjekk me ut for å finne denne personen og fortelle vedkommande at det finst ein Gud som elskar ho.

Kanskje hadde det kledd meg betre å gå på ein norsk folkehøgskule med ein morgonandakt som ikkje trakka nokon på tærne, kan eg lett tenke i dag.

—  David Sviland

Fikk flere nyanser

For ein tilbakehalden nordmann som meg sjølv, kom det lite ut av skattejaktane. Og vel heime i Norge la eg dei fleste prinsippa frå disippeltreninga bak meg. I løpet av studietida fekk trua mi så mange nyansar at ho til slutt blei heilt beige og umogleg å selje.

Kanskje hadde det kledd meg betre å gå på ein norsk folkehøgskule med ein morgonandakt som ikkje trakka nokon på tærne, kan eg lett tenke i dag. Det hadde vore enklare å stå inne for det året, enn eit år i ein amerikansk organisasjon som blir sausa saman med Trump og Bolsonaro.

Ikkje optimalt

Det er sjølvsagt ikkje optimalt at The Send lar ein høgrepopulistisk president som ikkje tar koronakrisa på alvor, er skulda for korrupsjon og for å ha øydelagt mange år med klimaframsteg på grunn av avskoging sleppe til på scena. Men er det verkeleg naudsynt å uroe seg over at desse skal få noko å seie når den norske delen av YWAM, Ungdom i Oppdrag, arrangerer The Send saman med norske frikyrkjer?

Leiar for UiO og initiativtakar for The Send-arrangementet i Oslo, Andreas Nordli, skriv i Dagen at «hverken The Send eller Ungdom i Oppdrag internasjonalt har støttet tidligere president Trump eller president Bolsonaro», og forklarer at Bolsonaro inviterte seg sjølv til å gje ei kort helsing på The Send i Brasil.

Då får me håpe at ingen kontroversielle politikarar inviterer seg sjølv til Telenor Arena. Kven som faktisk kjem for å tale på The Send, veit me ikkje enno. Nordli skriv at «det kommer til å bli en blanding av bidragsytere fra Norge, Europa, Brasil og USA, som representerer en bredde i lav- og frikirkeligheten, både kvinner og menn – lutheranere, katolikker og pinsekarismatikere».

Miljøa eg vanka i og framleis helsar på, er meir opptekne av å hjelpa folk over heile verda ut av fattigdom, menneskehandel og anna elende, enn kven som vinn valet i USA

—  David Sviland

Unna kontroversiell politikk

Ein variert meny der, altså. I og med at omtrent halvparten av alle amerikanarane røysta på Trump, skal ein ikkje sjå vekk ifrå at det kjem ein som gav stemmen sin til Trump på talarstolen også. Nordli gjorde det imidlertid klart at han ikkje er begeistra for Trump. Då Dagen spurde norske kyrkjeleiarar om dei ville røysta på Trump før valet i fjor, svarte Nordli at det ville «vært uaktuelt for meg å stemme på Trump.

Men slik eg kjenner norsk kristenkarismatikk, kjem dei til å halda seg langt unna kontroversiell politikk. Miljøa eg vanka i og framleis helsar på, er meir opptekne av å hjelpa folk over heile verda ut av fattigdom, menneskehandel og anna elende, enn kven som vinn valet i USA. Dei drøymer stort og kjempar mot likesæle. Det skal ein ikkje kimse av.

Myke rart

Ein skal heller ikkje kimse av at det kan skje mykje rart på The Send. Dei trur på ein Gud som gjer folk friske og er ikkje redde for å legge hendene på sjuke. Dette er omstridd og ikkje uproblematisk – trua og sjølvbildet til dei som ikkje blir friske (dei fleste, vil eg tru), får seg fort ein knekk. Eg håper det har blitt mindre av dette sidan den gongen eg var aktiv.

Det viktigaste argumentet for å arrangere The Send, er at amerikansk og norsk kristenkarismatikk har mykje å tilføre kvarandre. Eg har større tru på at det kjem noko godt ut av dialog og samarbeid enn om dei held seg unna kvarandre i frykt for å bli assosiert med upopulære politikarar. Ein slik tankegang tenar ikkje til noko av interesse i mine auge. Og er det noko The Send i alle fall blir, så er det interessant. Eg stiller med pressepass.

David Sviland

David Sviland

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar