Alle har vi sett dei uforgløymelege bileta av Kristian Blummenfelt som vann OL-gullet i triatlon i Tokyo. Ein heidersmann, tenkte vi.
Så kunne vi lese at han konkurrerte for eit lag frå Bahrain, det private laget Bahrain Endurance13. Då vart kanskje inntrykket litt meir nyansert. Bahrain er som kjend eit brutalt diktatur av eit kongedøme, som set opposisjonelle i fengsel og undertrykker folket sitt.
Krev eigeninnsats
Då Dagbladets sportskommentator, Esten O. Sæther, skreiv om Blummenfelt si avtale med Bahrain-laget, skreiv han følgande: «En norsk toppidrett som de siste par åra plutselig har begynt å slite med å gi gode svar på slike verdispørsmål, trenger minst av alt en gullvinner fra et så tvilsomt privatlag».
[ Mens KrF strekker ut en hånd til ureturnerbare asylsøkere, setter Ap foten ned ]
Sæther er kjend for å ta store ord i munnen sin, og mange av oss var kanskje villige til å la tvilen kome den ferske olympiske meisteren til gode. Kanskje ville han bruke posisjonen sin til å snakke høgt om menneskerettsbrot? Det er ikkje forbode eller absolutt moralsk forkasteleg å drive med idrett i eller for autoritære regime. Men då krev det ein viss eigeninnsats.
Må tenke meir
Så opna ein del av oss Aftenposten, der Blummenfelt var portrettert i eit langt og nært intervju. På spørsmål frå journalisten om kva Blummenfelt tenker om kritikken for samarbeidet med Bahrain-laget, svarar triatleten at han ikkje har tenkt så mykje på det.
Bobla til Blummenfelt av sykling, svømming og springing er finansiert av eit regime som set folk som nyttar seg av ytringsfridomen i fengsel. Der vert fleire av dei same folka torturert.
— Emil André Erstad, kommentator
Deretter vert Blummenfelt konfrontert med faktaopplysningane om at 150 utøvarar, trenarar og dommarar vart arrestert i Bahrain - på jakt etter opposisjonelle som støtta regimeendringar under Den arabiske våren. På spørsmål om kva Blummenfelt tenker om at folk – som har same jobb som han sjølv – vert fengsla av det regimet han arbeider for, svarar bergensaren at «jeg synes ikke man skal blande idrett og politikk».
Korleis han kan sei det når Bahrain set idrettsutøvarar i fengsel? Jo, då svarar han: «Jeg vet ikke hva som er årsaken til at de ble arrestert».
Moralsk oppegåande
I beste fall er det naivt. Det finst ei heil rekke andre adjektiv som òg kan passe.
Kristian Blummenfelt blir skildra på den same klisjéaktige måten mange idrettsutøvarar vert skildra: Ekstremt opptekne av det dei gjer, og derfor litt på sida av samfunnet, i si eiga vesle boble.
[ Afghaner: – Angrer på at jeg har jobbet for norske styrker ]
Problemet er berre at dette ikkje er sant. Bobla til Blummenfelt av sykling, svømming og springing er finansiert av eit regime som set folk som nyttar seg av ytringsfridomen i fengsel. Der vert fleire av dei same folka torturert. Den som har ansvar for torturen er den same som har ansvar for idrettssatsinga til Blummenfelt.
Når Kristian Blummenfelt er tilbake i trening i Bergen bør han snarast ta seg ein tur til Raftostiftelsen på Raftohuset, der dei kan fortelle han ein heil del om kva som føregår i det arabiske landet.
— Emil André Erstad, kommentator
Det kan rett og slett ikkje Kristian Blummenfelt halde seg likegyldig til, all den tid han sannsynlegvis er eit normalt og moralsk oppegåande menneske.
For Bahrain er utøvarar som Blummenfelt med på å «sportsvaske» regimet. Med positiv merksemd rundt idrettssatsinga deira, kan dei ta merksemda bort frå grove og systematiske menneskerettsbrot.
Moralsk abdisering
Blummenfelt kan late som om han ikkje bryr seg, men det er hans fordømte plikt å sette seg inn i tilhøva for menneske som vert ramma av det regimet han nyt godt av. Ingen – verken olympiske meistrar eller oss andre – kan abdisere moralsk så til dei grader som Blummenfelt ser ut til å gjere i spørsmålet om Bahrain.
Vi veit kvifor folk blir torturert i Bahrain. Det er fordi modige menneskerettsorganisasjonar har gjort mykje for å dokumentere tortur, fengslingar og overgrep over mange år. Dei vert torturert fordi dei ønsker fridom. Dei vert sett i fengsel fordi dei ønsker demokrati. Dei vert undertrykt fordi kongefamilien er despotar.
[ Urfolks- og regnskogaktivister drepes daglig i Amazonas ]
Når Kristian Blummenfelt er tilbake i trening i Bergen bør han snarast ta seg ein tur til Raftostiftelsen på Raftohuset, der dei kan fortelje han ein heil del om kva som føregår i det arabiske landet. Så slepp Blummenfelt å sei «veit ikkje» neste gong nokon spør om kvifor folk vert fengsla og torturert i Bahrain.