Nyheter

KrF: Fleire ureturnerbare må få opphald. Ap: Nei

PAPIRLAUSE: KrF kjempa fram amnestiet for eldre, ureturnerbare utlendingar. No vil Kjell Ingolf Ropstad ha på plass ei ny ordning som skal sikre fleire opphald. Ap avviser oppmjuking.

– I Norge oppheld det seg personar som ikkje oppfyller krava i eingongsløysinga, men som likevel har vore lenge i landet, og som må få eit betre liv. I dag er liva deira sett på vente, og dei har få eller ingen rettar. Slik kan me ikkje ha det, meiner Ropstad.

Vårt Land fortalde tysdag at 53 personar som er i målgruppa for amnestiet har meldt seg hjå Utlendingsnemnda (UNE), og ber om at deira sak blir vurdert i lys av ordninga som Justisdepartementet rulla ut i april.

Arbeidarpartiet, som er i siget mot regjeringsmakt etter stortingsvalet, gjev ikkje KrF-leiaren politisk drahjelp til ei ny og utvida eingongsløysing. Masud Gharahkhani, innvandringspolitiske talsmann, skriv i ein sms til Vårt Land at Ap er «skeptiske til generelle amnestier fordi det undergraver returarbeidet, og dermed også asylinstituttet».

Må melde seg innan 1. desember

Ropstad er godt nøgd med amnestiet som UNE no handsamar.

– Dette er ei god løysing.

Det starta med eit punkt i den politiske plattforma då KrF steig inn i Solberg-regjeringa i januar 2019:

«Regjeringen vil […] legge til rette for en engangsløsning for eldre ureturnerbare asylsøkere som har bodd lengre enn 16 år i Norge.» 1. juni i år kunne menn og kvinner i målgruppa for ordninga kontakte UNE. Siste frist for å melde seg er 1. desember.

Lovar opphald til fleire

Du vil ha ei ny, utvida eingongsløysing til å femne fleire?

– Ja.

– Men blandar du deg då ikkje inn i UNEs handsaming av amnestisakene?

– Nei, seier Ropstad og forklarar at UNE må få behandle sakene til dei som melder seg, utan innblanding.

Men når den jobben er gjort, må eingongsløysinga utvidast, meiner KrF-leiaren.

– Me må nå dei som har budd her i 10, 15 og 20 år.

ria

Oppfyller ikkje krava

---

Eingongsløysinga

  • Lovnaden om amnesti til eldre, ureturnerbare utlendingar – også kalla papirlause – med endeleg avslag på asylsøknaden kom i Granavollen-erklæringa frå januar 2019.
  • I april i år sende Justisdepartementet ut eit rundskriv med ei endring i utlendingsforskrifta som presenterer eingongsløysinga, som har fleire krav:
  • Utlendingen må innan 1. oktober 2021 ha ein samla alder og opphaldstid i Norge på minst 65 år, der «oppholdstiden må være minst 16 år», og der «oppholdstiden beregnes fra det tidspunkt søknad om beskyttelse ble innlevert», «senere oppholdstid utenfor Norge skal trekkes fra», «må ha bodd i Norge pr. 1. januar 2019» og må ikkje vere straffedømt.

---

Lene Høigård er styreleiar i organisasjonen Rettferdighet i asylpolitikken (RIA), som i ei årrekkje har kjempa for auka rettar til papirlause asylsøkjarar med endeleg avslag. Ho er glad for løysinga, men seier RIA kjenner til fleire som vil falle utanfor.

– Til dømes ho som er 70 år, men som berre har vore 15 år i Norge.

Andre, opplyser Høigård, kan ha vore i Norge i over 20 år, men er ikkje gamle nok til å innfri 65-kravet.

Krava i eingongsløysinga seier at innan 1. oktober 2021 må samla alder og opphaldstid i Norge vere minst 65 år, og «oppholdstiden må være minst 16 år».

RIA festar lit til punktet i rundskrivet frå Justisdepartementet der det står at «Dersom det viser seg utlendingen ikke omfattes av engangsløsningen, er dette ikke til hinder for at vedkommende gis oppholdstillatelse på annet grunnlag».

masud

Ap: Dei med avslag må reise

Masud Gharahkhani, Aps innvandringspolitiske talsmann, melder i ein sms til Vårt Land at partiet ikkje har eigarskap til eingongsløysinga då ho er regjeringas verk, «og ikke noe vi har vært involvert i fra Stortingets side». Gharahkhani vonar amnestiet kan «bidra til å løse de sakene som reelt sett har vært uløselige, for personer som ikke selv er skyld i at de ikke kan returneres».

Han minner om at «de aller fleste som oppholder seg i Norge ulovlig faktisk kan returnere, dersom de selv samarbeider om utreisen» – og at «hvis vi skal kunne gi beskyttelse og opphold til de som trenger det, er vi også helt avhengige av at de som får avslag returnerer.»

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter