Kommentar

Danske historier

Den danske litteraturen fortener vår stadige interesse. Ikkje berre fordi litteraturens «far» var fødd i Noreg.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Nordmenn reiser gjerne til Danmark på ferie, men fyller sjeldan kofferten med bøker frå danske bokhandlar. Den norske skjønnlitteraturen er for tida så sterk at vi har lett for å gløyme naboane våre i sør. Det fanst tider då vi ikkje hadde eit slikt privilegium. Danmark-Norge bestod i 434 år. Det er kanskje ikkje så rart at vi har hatt behov for ein smule avstand.

Ludvig Holberg, mannen som blir omtalt som den danske litteraturens «far», var fødd i Bergen. Vi gjer likevel klokt i å gå vidare frå den venskaplege spiten og halde oss med eit vidare utsyn på det litterære feltet. Den danske litteraturen fortener vår stadige interesse.

Gullskrift

Blant danske forfattarar som står skriven i litteraturhistoria med gullskrift, finn vi både H.C. Andersen, Karen Blixen og Søren Kierkegaard, for ikkje å gløyme salmediktarar som N.F.S. Grundtvig og Thomas Kingo. Desse namna kjenner vi, dei forsvarer sin plass med bravur. Derimot kan det vere nyttig å rette søkelyset mot den danske samtidslitteraturen, der det har skjedd særs mykje interessant dei seinare åra.

LES OGSÅ: I krysset mellom likesæle og desperasjon

Samfunnsdebatt

Slik den unge, danske poeten Yahya Hassan sette fyr på samfunnsdebatten med den sjølvtitulerte diktsamlinga si i 2013, har debutant Sara Omar no gjort det same med romanen Dødevaskeren. Begge utgivingane tematiserer ­utfordringar i innvandrarmiljø, og går inn i si samtid på modig og eksplosivt vis.

Ein annan yngre forfattar, Theis Ørntoft, har vekt oppsikt med si økokritiske dikting. Han er ein av fire poetar fødd på 1980-talet som Samlaget nyleg gav ut på nynorsk; dei andre er Asta Olivia Nordenhof, Amalie Smith og Olga Ravn.

Prisvinnarar

Det seinare tiåret har tre danske forfattarar fått Nordisk råds litteraturpris: Naja Marie Aidt (Bavian, 2008) er for tida er aktuell på norsk med den sterke sorgboka Har døden tatt noe fra deg, så gi det tilbake. Kim Leine (2013) er denne veka ute med oppfølgjaren til Profetene fra Evighetsfjorden. Og Kirsten Thorups (2017) Erindring om kjærligheten kjem i norsk omsetting den 1. juni.

LES OGSÅ: Sorg som ingen sender blomster til

Norsk eller dansk

Vårt Land har allereie meldt den danske originalutgåva av sistnemnte, slik vi i dag melder både debutromanen til Theis Ørntoft og dei to danske nominerte til årets Nordisk råds litteraturpris. Vi synest det er viktig at utanlandske bøker kjem ut på norsk, samtidig som vi også ønskjer å følgje med på viktige utgivingar internasjonalt og fortelje lesarane våre om desse.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar