Bøker

Sorg som ingen sender blomster til

Caroline Albertine Minors velskrivne novellesamling Velsignelser undersøker rammene og rituala til dei som lever i sorgas grensetilstand.

Ei kvinne tok kontakt med ei samtalegruppe om «sorg som ingen sendte blomster til». Ho vart litt overraska då det viste seg at målgruppa var menneske med ei skilsmisse bak seg og ikkje, som ho trudde, pårørande til demente.

Danske Caroline Albertine Minors glimrande novellesamling Velsignelser inneheld gripande forteljingar om menneske som opplever svært ulike former for langvarig sorg. Det dreier seg om alt frå sorga over ei dotter som hengte seg i eit fikentre i Australia, til møtet med ein døyande far som aldri har vore nærverande. Ei kvinne har opplevd at barnefaren berre har forsvunne, ei anna slit med at ho ikkje har mjølk og kanskje heller ikkje kjærleik å gje til barnet som vart født etter at elskaren døydde. Og ei må leve vidare med ein mann som har mista minnet etter ein hjerneskade.

LES OGSÅ: Intenst og fargerikt om erobringen av Grønland

Retningslause

Felles for dei alle er at dei opplever langvarig sorg som gjer dei retningslause og sårbare. Her er det ikkje snakk om noko som går over av seg sjølv eller om å gjennomleve sorgas ulike fasar, slik ein snakka om før. Fleire av dei sørgande opplever også at dei blir offer for velmeinte råd og trøysteord som ikkje gir meining. Kjærasten til den hjerneskada opplever eit av møta med fagfolka på denne måten: «Neuropsykologen på afdeling 123 afsluttede et af vores korte ubrugelige møder med at citere et kinesisk ordsprog for mig: Du forlader sorgens have bærende på en gave, sagde han, men svarede ikke, da jeg spurgte, hvad der ville ske, i fald man nægtede. I fald man foretrak at blive». For mange av dei kvinnelege heltane blir. Dei sørger, men yter også motstand.

Rituelle handlingar

Ei av dei skriv på ei hovudoppgave med den talande arbeidstittelen Den objektløse sorgs liminaltilstand. «Ideen var at undersøge de ritualer, der indrammer, eller netop ikke indrammer, en ikke-fysisk død». Men setningane heng ikkje saman og oppgåva med den lovande tittelen blir ikkje til noko. Til gjengjeld har vi fått ei velskriven novellesamling som undersøker noko av det same: Rammene og rituala til dei som lever i sorgas grensetilstand. I Velsignelser heng ikkje setningane berre saman, dei er velforma og vakre. Lesaren oppdagar også at dei ulike novellene heng saman på gåtefullt vis og til dels gir ulike glimt av dei same menneska.

Nokre av dei sørgande oppsøker kyrkjelege ritual for å få hjelp. Nokre begynner å gå regelmessig til kyrkje. Mora som ikkje har mjølk til sonen, som til alt overmål heiter Aron, oppsøker ein prest for å få barnet velsigna. Presten som har vore ute ei vinternatt før, velsignar. «Bare det virker» seier mora. «Virker og virker» svarer presten. Av og til, heilt uventa, er det faktisk noko som verkar. Fleire av forteljingane har glimt av håp i seg, streif av nåde i den langvarige sorg. Det kan vere ein ven eller ein nabo som sørger for dette omslaget, kanskje kan også ei velsigning verke?

LES OGSÅ: I krysset mellom likesæle og desperasjon

Ny gullalder?

Eg ser ikkje bort frå at Velsignelser kan bli til velsigning, ikkje minst for dei av oss som på ulike måtar har nærkontakt med «sorgens have». For nokre av oss er det jo også eit kvalitetsteikn at samlinga blir innleia med eit sitat frå Flannery O'Connor, den katolske sørstatsforfattaren som stadig sette nye ord på nåden i ei tilsynelatande gudsforlatt verd.

Velsignelser er vel fortent nominert til Nordisk råds litteraturpris 2018, same året som Roskva Koritzinsky vart nominert frå Norge for novellesamlinga Jeg har ennå ikke sett verden. Ofte har novellesamlingar framstått som skriveøvingar før den store romanen. At romanforfattarar vender tilbake til novellesjangeren gir håp om ein ny gullalder for novellekunsten. Vi har allereie Ingvild H. Rishøi. Saman med Koritzinsky og Minor gir ho ei tydeleg melding ut: Novellesamlinga er ikkje død!

Les mer om mer disse temaene:

Rolv Nøtvik Jakobsen

Rolv Nøtvik Jakobsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker