I krysset mellom likesæle og desperasjon
Danske Theis Ørntofts Solar er eit litterært blinkskot. Boka er både ein generasjonsroman, ei medrivande undergangskildring og ein mørk samtidsdiagnose.
Ned i mørket: Fallet skjer i raskt tempo og det er stort og uavvendeleg, skriv vår meldar om den danske poeten Theis Ørntofts første roman,
Lærke Posselt
Ein forfattar som på fleire måtar liknar Theis Ørntoft, dreg frå København for å vandre sørover på den gamle pilegrimsleia Hærvejen på Jylland. For å kome vekk frå noko eller for å finne fram til noko? Det veit han ikkje sjølv. Trist og tom som han er, skjer også dette «uden klar grund». På vegen reflekterer han over korleis det står til i Danmark. På vegen ser han matfabrikkane som har erstatta bondegardene: «enorme haller; der lignede nazistiske koncentrationslejre, måske blot en smule ondere». Eg-personen observerer landskap og menneske, dyr, særleg hundar, slangar og insekt, og tenker at det ikkje lenger gir meining å skilje mellom natur og kultur. Heller ikkje førestillinga om eit samfunn gir meining «i den spektakulært middelmådige privilegiesump som var Danmark». Etter denne opptakten går det berre nedover for vår helt.
Ned i mørket
Eg-personen sluttar reflektere og lever ut alle guttedraum-klisjear: Han har eit rikt sex-liv med ein stilig kjæraste, går på fotballkampar, har fri tilgang til alle tenkelege middel for sjølvmedisinering, lever på trygd og brukar dagane til å spele valdelege Playstation-spel.
Bestill abonnement her
KJØP