Religion

Kven er mest rettruande: nordmannen, dansken eller svensken?

I dag kjem tre representantar for dei skandinaviske landa til Bergen for å utveksle erfaring om tru, teologi og Gud.

«En gang for alle skal vi finne ut hvem som er ­Skandinavias mest djevelske folkeslag», ­lovar ­arrangøren. Til å ­representere nabolanda har dei fått tre ­teologar. Lik­skapen ­stoppar der. Den svenske venstre­radikalaren, feministen og anarkisten, Tobias Elof ­Hadin, er venta å dukke opp på ­Bergen stasjon, medan den danske sokne­presten, Marie Høgh, ­truleg går inn for landing på Flesland med konservativ ­høgresidepolitikk i bagasjen. Vår eigen Bjørn Eidsvåg byr 
nok på folkeleg og liberal ­teologi.

Skilnad

Tidlegare kultur- og debattredaktør, Hilde Sandvik, skal leie samtalen og satsar på å få fram kva som rører seg på både overflate og djupne.

– Det eg håpar å få belyst denne kvelden, er ikkje berre karikaturen, men også å gå ned i kva skilnadane handlar om, og kvifor dei finst, seier Sandvik.

– Har du nokre hypotesar om kva som skil teologien mellom landa på førehand?

– Danskane har lang ­tradisjon for teologiske ­diktarar og ­politikarar – frå Søren Kierke­gaard til Sørine Gotfredsen. I ein annan debatt eg var med på, blei det hevda at lang teologisk tradisjon er ein av ­årsakene til at dei har eit mykje tøffare ­debattklima i Danmark. ­Sverige har verdas mest sekulære folk, og truleg gjeld det teologane òg. Dei er særs opne mot ­andre ­religionar og har den k­ortaste utdanninga, berre fem år.­ ­Norge er nok det mest truande ­landet av dei tre, noko som truleg har leia til ei sterk humanistisk ­rørsle som vi ikkje ser i dei ­andre landa.

LES MEIR: Studentprest kunne tenkt seg et kristent kapell

Politisk Gud

Sandvik gler seg og seier ho trur det blir ein ­morosam samtale.

– Vi skal innom mykje, ­mellom anna det store spørsmålet: Høyrer Gud heime på venstre- eller høgresida i ­politikken?

Arrangementet er det ­åttande i «Norsken, svensken og dansken»-serien, eit sam­arbeid mellom Broen.xyz og­ ­Litteraturhuset Bergen. Samtalen bli også kringkasta på ­Debatt i P2.

Kven er mest rettruande, 
norsken, dansken eller svensken?

LES OGSÅ: NRK Super får kritikk for kjønnshårvoksing-video

David Sviland

David Sviland

Mer fra: Religion