Bøker

Den 80 år gamle diktaren trur stadig neste bok vert betre

Under brillestålet ser han på meg med milde auge: – Er ein var for det, kan ein sjå djupnene i kvart eit menneske, seier lyrikar Oskar Stein Bjørlykke. 80 år gamal i dag.

I februar i år gav han ut novellesamlinga Blikket. Om to månader kjem neste bok Her vi går – ei samling små meditasjonar over bibelvers likt det som står gjengitt her på sidene. Den neste skjønnlitterære boka er også under arbeid.

– Ting har kome meir langsomt til meg. Eg har skreve frå eg var ganske ung, men kjenner stadig at det er ting eg vil ha uttrykt. Slik er mitt forfattarliv.

Skrivestova

Han debuterte i 1966 året før han var ferdig utdanna teolog.

– Heilt frå eg var ganske liten har eg visst at eg kom til å skrive heile livet. Teologien ga meg mykje, men det å være prest var litt fjernt. Min plass er ikkje på preikestolen, men i skrivestova.

– Kva har det kosta å stå i forfattargjerninga eit heilt liv?

– Eg tenkjer ikkje slik. Det å skrive kan eg ikkje vere forutan. Eg er ikkje ein som trivest godt i rampelys, men det å skrive kvar dag og gi ut bøker som eg står inne for og vil formidle noko med, det er greit. Då tar eg imot både ros og ris.

– Kva er det ved skrivinga du ikkje kan vere forutan?

– Det er ein glød i meg etter å få uttrykt ting. Gleda i det å finne formuleringa. Samtidig er det gode ved å skrive at ein kjem inn i ein flyt der du kjenner at no får eg sagt det.

– Du vel varme ord som glød og glede, andre snakkar om ein kamp med orda.

– Eg kan hugse eg har strevd, men ein kan samanlikne med det å gå tur på fjellet. Ein kjem ikkje dit på ein flat veg, men det er ei glede ved å gå, og det gir utsyn når ein kjem opp. Strevet er ikkje noko som har plaga meg.

Oskar Stein Bjørlykke
Forfatter og teolog.

Derfor skriv eg

– Kva er drivkrafta di?

– Eg har i grunnen same tema i alle bøkene, og det er dei store, eksistensielle spørsmåla – angst, livsmeining, fellesskap og etiske utfordringar. Kvifor skriv eg om dette? Jo, eg har opplevd dette som viktig. Det har slått ned i mitt eige liv, både angst, fellesskap, etiske utfordringar. Alle desse tema – meir eller mindre – sett opp mot ein kristen horisont. Mitt eige liv er stoff for alle disse temaene.

– Å ha ein slik kristen horisont har vore ringeakta blant litteratar. Har det råka deg?

– Det er gledeleg å sjå at kristne og religiøse perspektiv har fått ein breidare plass dei siste to tiåra. På 60-tallet og utover var det å stå i ein kristen posisjon sett på som ein raritet. Eg har likevel aldri følt at eg har vore sett ned på av den grunn. Eg har aldri skjult min kristne identitet, men eg har gått inn i eit felles rom og plassert tekstane mine der. Det er ikkje noko slags forkynning eller overtaling i bøkene. Så har eg skrive andre bøker eg vil skal fungere i ein liturgisk samanheng eller i eit personleg religiøst liv.

På det jamne

Inne i nærliggande Østmarka og i bakkane opp mot og over Ekeberg i Oslo kan ein møte forfattaren i boblejakke og gode sko. Han er ikkje ein som kan sitte pal ved skrivebordet. Er han ikkje ute, så sit han og les.

Oskar Stein Bjørlykke
Forfatter og teolog.

Han vel varme ord om fellesskapet med kona Aud Aletta og gleda dei deler over tre barn og fem barnebarn. I år skal dei igjen feire jul i stova på Karlsrud. I blant har dei og feira i huset dei har på Oppdal der kona er i frå.

– Fellesskap med vener og familie er viktig, understreker han.

Han budde i Fitjar på Stord til han var 14-15. Då flytta familien attende til Sunnmøre der foreldra var frå. Han seier han har ei vestlandsk dialekt blanda av Sunnhordland og Sunnmøre. Han føler seg alltid heime når han kjem til Vestlandet, også til Fitjar.

– Der eg har folk eg er glad i, kjenner eg meg heime, seier han.

Radikalar

I 1969 ga det radikale Pax forlag ut boka Deilig er jorden?. Redaktørar var Nils Johan Lavik og Jardar Seim. Dei høyrde begge til ein krets som fekk namn etter førstnemde. Bland dei som skreiv «ti innlegg om demokrati, revolusjon og kristendom» finn du Svein Haugsgjerd, Henry Notaker, Harald Olsen, Rune Slagstad, Fredrik Engelstad, Pål Repstad, Trond Skard Dokka og Oskar Stein Bjørlykke.

– Heilt frå starten av var eg med på den politiske vekkinga blant dei unge. Den viktigaste impulsen eg fekk med meg i studietida var Jesu identifikasjon med det lidande menneske. Den tanken gjekk rett inn i denne radikaliseringa.

I diktsamlinga Futurum I som kom ut på denne tida, finn ein dikt han kallar politiske, men ikkje agitatoriske.

Bibel og vedkjennning

Når ein i Bibel 2011 kan lese ordlyden «Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik» har Bjørlykke hatt meir enn ein finger med i spelet. I mange år var han med i arbeidet med å fornya bibelspråket. Eit arbeid han hadde stor glede av.

– Eg kom så tett på bibelteksten som eg aldri har kome, seier han.

– Vi måtte finne ein balanse mellom høgstil og kvardagsstil i språket. Eit eksempel er valet mellom orda håp og von. I Korinterbrevet valde vi det meir høgstemte: «tru, von og kjærleik».

Han har også delteke i utviklinga av liturgien i Den norske kyrkja. Liturgi og salme er rammer han kan gå inn i. Midt mellom to setningar i ei salme eller ein liturgitekst kan han få opplevinga av noko større.

– Eg vil kalle det åndelege glimt. I dei faste uttrykka har det åndelege sin plass, seier han.

I salmegruppa han er med i veit alle at førstevalet hans blant dei moderne salmane er «Gå gjennom byens lange, rette gater» av danske Holger Lissner.

– Teksten hans er eineståande, Vi har mange salmetradisjonar. Ei kan synge med i pietistane sine og vere inne i deira rom, slik ein kan synge Grundtvig og ha eit rom for det. Ein må ikkje gløyme Svein Ellingsen sine salmar som set den moderne livskjensla inn i ein kristen samanheng.

To bom

Eit par av dei meir enn førti bøkene sine, skulle han gjerne ha ugjort. Fortsatt kjenner han at den siste boka er den beste.

– Ein utviklar seg heile tida som forfattar og som menneske. Eg kan språket betre no enn som 26-åring. Eit anna poeng er at eg har større frigjorte, mentale rom som eg kan bruke. Som 20-åring var det mykje som var stengd. Som 80-åring kan eg skrive utan å bry meg om andre i same grad. Ein kan dessuten ha betre innsikt på visse område enn før. Ein kan til dømes ha betre innsikt i barndom, ungdom og vaksenliv som skiftande fasar av livet.

Han skriv ikkje om verkelege personar så dei kan bli gjenkjende. Har ikkje sansen for det. Ein gong skreiv han likevel kjærleg om eit miljø der ein av personane fekk navn etter gråtassen Massey Ferguson.

– På ferja til Fitjar var det ein som dunka meg i ryggen og sa: God dag, her er Ferguson, fortel han og ler godt.

Spor av angst

– Kva er det viktigaste livet har lært deg?

– Å vere var for andre menneske. I ungdommen hadde ein oppfatninga at slik og slik var folk. Etter møte med mange ser ein at dei har mange sider. Er ein var for det, kan ein sjå djupnene i kvart eit menneske.

Heilt mot slutten av intervjuet tek han sjølv fram erfaringar som vart avgjerande.

– I studietida vart eg ramma av nokre intense opplevingar av angst. Då så eg kor sårbar og utsett ein er. Som barn var eg mykje sjuk. Eg lå seks veker i isolat med skarlagensfeber seks år gamal. Som tiåring fekk eg poliomyelitt og låg i to månadar på Haukeland sjukehus. Folk kunne berre vinke inn til meg. Det er eit uttrykk å verta teken til sides, det var litt sånn eg kjende det. Det kan vere litt av bakgrunnen for skrivinga. Eg las mange bøker på sjukehuset. Min kommunikasjon med livet var gjennom bøkene som tiåring, fortel 80-åringen.

LES OGSÅ:

Intervju med Hans Fredrik Dahl. Kulturradikaleren som ble katolikk gir ut bok med sin bror, karteusermunken Dom Filip, sine tekster

---

Oskar Stein Bjørlykke

  • Forfattar.
  • Utdanna lærar og teolog.
  • Fødd 4. desember 1929 på Fitjar på Stord.
  • Bosatt i Oslo.
  • Etter debuten i 1966 har han skreve meir enn 40 bøker – romanar, lyrikksamlingar, barnebøker, bønne- og andaktsamlingar.
  • Han har motteke ei rekke litterære prisar.
  • Bjørlykke har vært leiar i foreninga Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere.
  • Er aktuell med novellesamlinga Blikket (Samlaget 2019) og snart med meditasjonstekstane Her vi går (Verbum 2020)

---

Les mer om mer disse temaene:

Arne Guttormsen

Arne Guttormsen

Arne Guttormsen er kulturjournalist i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker