Kultur

BCC vann fram – NRK felt i PFU etter Brennpunkt-dokumentar

PRESSEETIKK: Brennpunkt-dokumentaren «Guds Utvalde – Smiths Venner» førte til omfattande diskusjon i PFU. Til slutt fell utvalet ned på at NRK hadde brote god presseskikk, men ikkje for sjølve TV-dokumentaren.

– Konklusjonen er at NRK har opptredd kritikkverdig på 4.14 og brote punkt 4.17 i Ver Varsam-plakaten, sa PFU-leiar Anne Weider Aasen under møtet i Pressas Faglege Utval (PFU) onsdag.

NRK blir felt for å ikkje rydde opp i kommentarfelta etter Brennpunkt-dokumentaren som omhandlar Brunstad Christian Church (BCC), tidlegare kjende som Smiths venner. Punkt 4.17 omhandlar redigering av lesarkommentarar. På punkt 4.14, som omhandlar samtidig imøtegåing, fekk NRK kritikk for fleire radioinnslag om Brennpunkt-dokumentaren.

Styreleiar og informasjonsansvarleg i BCC, Berit Hustad Nilsen, seier ho synest det er veldig gledeleg at NRK blei felt i PFU.

– Det stadfestar at NRK har gått for langt og har brote god presseskikk.

Ho seier dei var ganske trygge på at dei hadde ei god klage med sterke argument på førehand.

– Men sjølve dokumentaren gjekk fri. Kva tenkjer du om det?

– Kommentarane dei blei dømte for å ikkje fjerne i kommentarfelta, meiner eg viser kva inntrykk dokumentaren formidla mellom linjene. Og det at PFU ikkje vil peike på presseetiske overtramp i dokumentaren, betyr ikkje at den er feilfri og at den viser heile sanninga, seier Nilsen.

INFORMASJONSANSVARLIG: Styreleder og informasjonsansvarlig Berit Hustad Nilsen i BCC mener Ben van Wijhe er ute etter medieoppmerksomhet.

«Stjæler penger fra menigheten»

I klaga viser BCC til at NRK lèt «en rekke grovt sjikanerende og diskriminerende kommentarer ble tillatt publisert» i samband med promo i sosiale medium.

BCC viser til ei rekkje ugreie kommentarar, som for eksempel: «Fine jævler», «skulle vært anmeldt for barnemishandling», «bedriver rein svindel og burde vært bura inne», «satans venner», «drives av kjeltringer», «stjæler penger fra menigheten» og «verre enn Covid-19».

I samband med radioinnslaga, meinte BCC at dei burde hatt samtidig imøtegåing då NRK Nyhetsmorgen omtalte sakskomplekset. Dei viser til følgjande intro før eit radioinnslag:

«Medlemmer i kristne trossamfunn opplever negativ sosial kontroll, isolering av barn og egne interne rettssystemer. NRK Brennpunkt har i lengere tid undersøkt lukkede kristne trossamfunn i Norge.»

BCC viste til at dei verken har privatskular eller «interne domstolar».

– Dokumentaren blir ikkje merkt raudt

Sjølv om NRK blir felt på to punkt, gjekk dei fri på dei to andre innklaga punkta: 4.4 (om dekning for titlar) og 3.2 (om kjeldekritikk og kontroll av opplysningar). PFU-leiar Anne Weider Aasen slo fast at Brennpunkt-dokumentaren som heilskap står seg godt.

– Det er ikkje sånn at dokumentaren blir merkt raudt, for den går fri, sa Aasen.

Ei rekkje av dei andre medlemmane i Pressas Faglege Utval meinte òg at sjølve TV-dokumentaren ikkje har brote god presseskikk. Fleire meinte derimot at NRK slurva i radioinnslaga. Dei meinte at NRK ikkje klarte å skilje mellom kva påstandar som handlar om lukka trussamfunn og kva som handlar om BCC.

– Nokre av radioinnslaga kjem med kritikk mot lukka trussamfunn, og koplar det opp mot BCC. Men så er det ikkje noko svar frå BCC i innslaget, og det er kritikkverdig, sa PFU-medlem Gunnar Kagge.

Sjølv om NRK blir felt, var PFU-medlemmane òg tydeleg på at BCC burde vore meir tilgjengelege for NRK. Når det kom til sjølve TV-dokumentaren, la PFU seg på linja til Kringkastingsrådet: Når leiarane i BCC ikkje lèt seg intervjue, kan dei ikkje klage over manglande tilsvar.

Bakgrunn: BCC meinte kjeldene var upålitelege

I mai blei det kjent at Brunstad Christian Church (BCC) klaga NRK inn til Pressas Faglege Utval (PFU) for Brennpunkt-dokumentaren «Guds Utvalde – Smiths Venner».

BCC meinte rikskanalen bryt Ver varsam-plakaten på fire ulike punkt, mellom anna om kjeldebruk. BCC meiner NRK har late upålitelege kjelder få prege framstillinga av kyrkja og fremje alvorlege skuldingar. NRK har avvist påstanden om ukritisk kjeldebruk.

I tillegg blir kanalen skulda for å ha brote VVP 4.14 ved ikkje å innhente samtidig imøtegåing, mellom anna ved publisering av ein promovideo på Instagram og Facebook med tittelen: «Hvorfor er lederne i Smiths Venner så rike?». NRK avviser at promoteringa på Facebook og Instagram skulle innebera presseetiske overtramp.

Fleire klager

Dokumentaren om BCC har også blitt klaga inn til Kringkastingsrådet. Der fekk dei godt over 300 klager, men då rådet behandla saka i fjor fekk Brennpunkt brei støtte.

Det var i november i fjor at NRK sende dei tre delane av Brennpunkt-dokumentarserien kalla Guds utvalde. Serien handla om det NRK omtala som «kristne lukka trussamfunn».

Den fyrste episoden handla om BCC, dei to neste om Jehovas vitner og Guds menighet. Den sistnemnde blei også klaga inn til PFU, men blei ikkje felt i utvalet. Derimot var det punkt som utløyste mild kritikk mot dokumentaren.

---

Brunstad Christian Church

  • Eit kristent trussamfunn stifta i Noreg i 1898.
  • Har namnet sitt frå kyrkjelydens samlingsstad Brunstad i Sandefjord kommune.
  • Også kjent som Smiths venner, etter grunnleggjaren, Johan Oscar Smith.
  • Usikre tal seier 35.000 medlemmar i over 50 land.
  • Vektlegg personleg tru og meiner at det er mogleg for menneske å unngå å synde.

Kjelde: snl.no

---

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Hans-Olav Rise

Hans-Olav Rise

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kultur