Nyheter

Brunstad Christian Church klagar NRK inn til PFU

NRK er klaga inn til PFU for Brennpunkt-dokumentaren «Guds Utvalde – Smiths Venner», som vart vist på kanalen i november.

Brunstad Christian Church (BCC), også kjent som Smiths Venner, klagar inn NRK til Pressens Faglege Utval (PFU) for Brennpunkt-dokumentaren «Guds Utvalde – Smiths Venner», skriv Medier24.

BCC klagar på sjølve dokumentaren, i tillegg til promotering av produksjonen i sosiale medium og på radio.

Kringkastingsrådet behandla saka i november etter å ha fått over 300 klagar på serien, men NRK fekk medhald.

Klagar meiner rikskanalen bryt Ver varsam-plakatens punkt 3.2, som omhandlar ukritisk bruk av kjelder. BCC meiner NRK har late upålitelege kjelder få prege framstillinga av kyrkja og fremme alvorlege skuldingar.

I tillegg blir kanalen skulda for å ha brote VVP 4.14 ved ikkje å innhente samtidig imøtegåing ved mellom anna publisering av ein promovideo på Instagram og Facebook med tittelen: «Hvorfor er leiarane i Smiths Venner så rike?».

– I utgangspunktet meiner vi at vi har dekning for det vi har publisert i saka. Så har vi sjølvsagd respekt for at PFU behandlar dei enkelte klagepunkta for seg, seier etikkredaktør Per Arne Kalbakk i NRK.

Tidlegare i mai skreiv Medier24 at den kristne grunnskulen Ørsnes privatskule klaga NRK inn til PFU for same Brennpunkt-dokumentar.

Serien vart vist i tre delar i november i fjor.

(©NPK)

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Nyheter