Ein krenka Gud
Kan Jesu død på krossen ha gjort kristne meir tolerante for krenkingar enn muslimar?
Då Jesus stod opp frå dei døde, var det ein siger over synda og mørket i verda. Det var også ein siger over krenkingar. Det ultimate nederlag må vere Gud som lir ein pinefull død, krossfesta av sine eigne skapningar. I kristendommen er denne krenkinga vendt til glede. Påskemorgon fjernar Langfredags lidingar. Kristne over heile verda kan om nokre dagar feire påskehøgtida med orda «Kristus er oppstanden».
Islam avviser at Jesus, som blir rekna som ein profet, døydde på krossen (og dermed sjølvsagt også at han stod opp frå dei døde). Kan dette ha noko å seie for korleis muslimar reagerer på krenkingar? Det meiner postdoktor Ole Jakob Filtvedt ved Det teologiske menighetsfakultetet i Oslo. Det at krossfestinga er ein så sentral og integrert del av kristendommen, kan moglegvis gjere det enklare for kristne enn for muslimar å tolerere krenking av Gud og religiøse kjensler.
«Jeg ønsker ikke at min tro skal krenkes og jeg er ikke immun mot å bli såret. Men at Gud har gjort seg sårbar for krenkelser, avvisning og latterliggjøring, betyr at det har gjort det lettere for meg å forholde meg til latterliggjøring,» seier Filtvedt til forskning.no.
Bestill abonnement her
KJØP