Slepphendt arbeidsgjevaransvar
DEN NORSKE KYRKJA: Måten Therese Egebakken bruker vigslinga av ein ikkje-binær prest til å fremje synet sitt på, bærer preg av trakassering.
ARBEIDSMILJØ: Dorrit Vignes, representant for Open Folkekyrkje i Stavanger bispedømmeråd, skuldar kollega Therese Egebakken for ikkje å leggje til rette for eit godt arbeidsmiljø i Den norske kyrkja.
Foto: Marit Mjølsneset
I forbindelse med fjorårets kyrkjeval bad eg innstendig om at mine kristne søsken må tenke over om ein gjer rommet meir eller mindre trygt for menneske med LHBT-identitet. Siste utspel frå kollega Therese Egebakken i Stavanger bispedømmeråd viser meg at me har ein lang veg å gå i dette arbeidet.
Den aktuelle saka gjeld ordinasjonen av Den norske kyrkjes (Dnk) første opne ikkje-binære transperson. Utnemninga gjer Therese Egebakken bekymra for kyrkjas framtid. Måten Egebakken legg fram bekymringa si, er urovekkjande, sett i lys av rolla hennar som medlem av kyrkjerådet. Kyrkjerådet har nemleg arbeidsgjevaransvar for tilsette i rettssubjektet Dnk – der Døsvik no straks blir vigsla til teneste. Egebakken går dermed hardt ut mot ein enkeltperson ho har arbeidsgjevaransvar for.
Les svaret til Therese Egebakken her: «Jeg har naturligvis ikke trakassert noen, og må stå fritt til å kommentere utviklingstrekk i Den norske kirke»