Kjersti Toppe

Stortingsrepresentant og helsepolitisk talsperson for Senterpartiet

Tenk deg at du snakkar fortruleg med ein god ven og hjelpar om personelge ting, og at dette så blir offentleggjort slik at alle kan få vite om dei. Det er eit tillitsbrot. I helsevesenet er det nettopp dette som har skjedd.

Fleire helseføretak har mislykkast i å handtere sensitiv pasientinformasjon på ein sikker og trygg måte. Personopplysningar om pasientar er blitt offentleggjort i helseføretaka sitt postjournalsystem. Det handlar om opplysningar om svært så personlege forhold, slik som abort, barnevern, eteforstyrringar og kreft, som er publisert slik at alle kan lese dei. Konsekvensane er store og personlege. Det var ikkje ein gong sjukehusa sjølv som oppdaga tabben. Det var media som har avslørt svikten. Spørsmålet er om dagens Helse- og omsorgsminister forstår alvoret.

• LES OGSÅ: Ekspert frykter for nordmenns personvern under koronakrisen: – Vi lærte mye etter 11. september

Helseminister Høies ansvar

Avisa Nordlys avslørte i mai at Universitetssykehuset i Nord- Norge (UNN) hadde lagt ut teiepliktig informasjon om pasientar på sine nettsider. I juni avslørte NRK at også Oslo Universitetssykehus (OUS) i ein treårsperiode hadde lagt ut svært sensitive pasientopplysningar om pasientar.

Då OUS var gjort kjent med svikten, så blei det ikkje sendt avviksmelding til Datatilsynet . Sjukehuset informerte heller ikkje om kor sensitive opplysningar det faktisk var snakk om, og alle pasientar blei ikkje eingong varsla. I juli kom nyhenda om at også Sykehuset Østfold har publisert teiepliktig informasjon i sine offentlege postjournalar. Sakene tyder på at det ikkje berre er eingongstilfelle, men systemsvikt når det gjeld pasientars personvern i norske helseføretak.

Datatilsynet har no bedt både OUS og UNN om ei forklaring. Det skulle berre mangle. Vi kan ikkje lenger akseptere ein slik slett handtering av pasientdata i sjukehus etter sjukehus, og at pasientars personvern ikkje blir ivaretatt. Men fyrst og fremst er ansvaret politisk.

Det blir feil, slik statssekretær Inger Klippen (H) uttalar til NRK, når ho berre viser til at trygg journallagring er helseføretaka sitt ansvar. Fire parti, Sp, Ap, Frp og SV, har difor gått til det skritt å krevje statsråd Bent Høie (H) til Stortinget for å orientere eit samla Storting om situasjonen. Sakene er alvorleg for tilliten til helsetenesta. Dette er Helse- og omsorgsministeren sitt ansvar.

Skandale på skandale

Det synes liten tvil om at pasientars personvern er svekka på Helse- og omsorgsminister Høie si vakt. IKT-utflagginga i Helse Sør-Øst til eit amerikansk selskap i 2016 blei ikkje stoppa av regjeringa. Det på tross av tydelege åtvaringar frå norske fagmiljø om at det kunne føre til at pasientdata kom på avvege. Og det var nettopp det som skjedde. Pasientinformasjon til 2,8 millionar nordmenn blei gjort tilgjengelig for utanlandske IT-arbeidarar i Asia og Øst-Europa. Milliardavtalen måtte kansellerast, med stor kostnad for helsevesenet. At regjeringa kom frå denne skandalen utan større politiske konsekvensar er framleis uforståeleg.

Smittestopp-applikasjonen som regjeringa lanserte i vår, viste seg å vere ein ny personvernskandale. Amnesty International kåra den som blant dei verste i verda på personvern, saman med applikasjonane i Kuwait og Bahrain. Dei meinte at Norge, med innføring av applikasjonen, gjorde ein grov overkjøring av personvernet, med svært inngripande overvaking som går langt utover det som er forsvarleg i arbeidet med å stoppe koronasmitten. Også Datatilsynet kom med same konklusjon. Folkehelseinstituttet har no sletta alle data frå appen Smittestopp og inntil vidare stoppa vidare innsamling av data etter varsel om forbod frå Datatilsynet.

• LES OGSÅ: Nina Zimmer har gravlagt nærmere 1.400 fostre: – Det har så stor betydning for sorgprosessen

Tilliten er svekka

Desse ulike sakene siste åra sår tvil om Helse- og omsorgsministerens og resten av regjeringa si vurderingsevne når det gjeld å sikre pasientars og innbyggjarar sitt personvern. I ei nasjonal e-helseundersøking i 2018 kom det fram at nordmenn no er meir bekymra for lekkasjar av sensitiv pasientinformasjon enn at manglande tilgang til kritiske pasientdata skal føre til feilbehandling på sjukehusa.

Nær 60 prosent var bekymra for at uvedkomande skal få tilgang til sensitive pasientdata og 54 prosent var bekymra for at personlig informasjon skulle misbrukast. Nær 36 prosent av helsepersonellet hadde låg eller svært låg tillit til at pasientdata vart lagra trygt slik at uvedkomande ikkje får tilgang til og misbruker desse.

Undersøkinga er nedslåande og viser at tilliten er svekka. Helse- og omsorgsminister Høie og regjeringa har difor ein stor jobb i å overtyde både Stortinget og befolkninga om at dei og helsemyndigheitene tek personvern og datatryggleik i helsevesenet på alvor.

Sikker lagring av pasientdata er ein grunnmur i helsetenesta og eit politisk ansvar. Alle pasientar skal vere trygge på at journalopplysningar ikkje blir lekka til uvedkomande og sjølvsagt ikkje offentleggjort. Helse- og omsorgsminister må snarast komme på bana og rydde opp. Helsevesenet kan ikkje lenger gamble med pasientars personvern.

LES MEIR:

Datatilsynet: Kirken må innhente samtykke av alle som skal filmes

Er du en glad giver på Facebook? Din informasjon kan bane vei for ny valuta

Kirka oppdaterer ikke journalene sine: – Oi, det er ikke bra, sier ekspert