Moskvas lojale frontfigur

Om Lukasjenka blir styrta, vil det skje ved at framståande personar frå det kviterussiske regimet – og den russiske ambassaden - snakkar saman i eit røykfylt rom.

Lukasjenka har no halde på makta i 26 år, takka vere nokolunde grei økonomi, stabilitet i samfunnet, total kontroll over media, undertrykking av all opposisjon – og støtte frå den mektige naboen, Russland, skriv Øystein Hellesøe Brekke.
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Øystein Hellesøe Brekke

Historikar

I Minsk og andre byar i Kviterussland har opprørspoliti og demonstrantar slåst i gatene etter søndagens presidentval, der president Aljaksandr Lukasjenka – akkurat som ved dei fire føregåande vala – gav seg sjølv rundt 80 prosent av stemmene.

Han har sete som president sidan 1994, då han vann det første, og einaste, demokratiske presidentvalet landet har hatt. Vala sidan då har vore politisk teater, arrangert for å gi Lukasjenka eit skin av legitimitet.

Oppskrifta er den same kvar gong: Først presenterer regimet sitt oppdikta valresultat, så måler opposisjonen sin styrke i kor store og kor langvarige gatedemonstrasjonar dei får folk med på.

Førre gong det var håp

Førre gong det var reelt håp om endring var ved valet i 2006, då autoritære regime i Ukraina og Georgia nettopp hadde falle for slike gatedemonstrasjonar. Det meste av den kviterussiske opposisjonen hadde samla seg bak éin kandidat.

Til og med her i Noreg var me ei handfull som samla oss til solidaritetsmarkeringar i Oslo og Bergen.

Men etter nokre få dagar knuste regimet demonstrasjonane i Minsk med hard hand, opposisjonsleiaren vart fengsla og regimet heldt fram som før.

• LES OGSÅ: Espen Goffeng: «Det vokser frem en aggressiv aktivisme på venstresida over hele Vesten»

Russiskvennlig diktator i 26 år

Lukasjenka har no halde på makta i 26 lange år, takka vere nokolunde grei økonomi, stabilitet i samfunnet, total kontroll over media, undertrykking av all opposisjon – og støtte frå den mektige naboen, Russland.

Gjennom det meste av presidenttida si har Lukasjenka søkt nært samarbeid med makthavarane i Moskva. Mot slutten av 1990-talet pågjekk ein prosess for å oppretta ein «unionsstat» med dei to landa som medlemmer. Sjølv om denne prosessen har stagnert, er Kviterussland økonomisk heilt avhengig av Russland, mellom anna av subsidiert russisk gass.

Til gjengjeld har Kviterussland vore trygt plassert i Russland si interessesfære, med russiske militærinstallasjonar i landet og felles militærøvingar.

Ny opposisjon

Den blodige, ukrainske revolusjonen i 2014 med påfylgjande russisk invasjon og krig i Aust-Ukraina var demoraliserande på opposisjonen i Kviterussland. Frykta var at om ein nokon gong vart kvitt Lukasjenka, ville ein vakna opp til russiske tanks i Minsk dagen etter.

Med denne bakgrunnen gjekk det førre valet, i 2015, roleg for seg. Lukasjenka sleppte nokon politiske fangar fri, skreiv ned sitt føretrekte valresultat – 84 prosent – let ei handfull demonstrantar marsjera gjennom gatene utan å senda opprørspolitiet på dei, og alle gjekk roleg heim til fem nye år med det same.

Men i år stod nye opposisjonsleiarar fram. Forretningsmann Viktar Babaryka, tidlegare ambassadør til USA Valeryj Tsapkala og den populære politiske bloggaren Siarhej Tsikhanowski ville alle stilla til val og vart alle nekta av regimet.

Tsikhanowski og Babaryka vart fengsla og Tsapkala flykta til Russland. Støttespelarane til desse tre samla seg då bak kona til Tsikhanowski, Svjatlana Tsikhanowskaja. Med Lukasjenka svekka av mellom anna ei parodisk dårleg handtering av koronaviruset, samla valkampmøta hennar uventa støtte og store folkemengder både i Minsk og andre byar rundt i landet.

Putins verste mareritt

Det er god grunn til å tru at Putin aldri vil tillata eit demokratisk styre i Kviterussland. Russland har ikkje alltid vore nøgd med alt Lukasjenka har gjort, men framfor alt vil dei ha stabilitet og unngå eit regimeskifte som kunne redusera Moskva si makt over landet og føra det nærare EU eller, i Putins verste mareritt, NATO.

Direkte russisk militær innblanding verkar mindre sannsynleg – den russiske krigen i Ukraina har trekt ut i seks år utan at Russland har fått stort meir enn likposar og internasjonal isolasjon att for det, og appetitten for nye militære eventyr er neppe stor i Moskva. Men det finst andre grep Moskva kan ta.

Vegen vidare

Om Lukasjenka skulle bli styrta, trur eg det mest sannsynleg vil skje ved at nokon snakkar saman i eit røykfylt rom: Framståande personar frå regimet, maktapparatet – og den russiske ambassaden. Lukasjenka vil få beskjed om å gå av, og Moskva vil stilla seg bak ein ny, lojal frontfigur i Minsk. Den demokratiske opposisjonen ville då få vanskar med å halda seg samla og halda trykket for reell endring oppe.

Mest truleg er det likevel at Lukasjenka overlever også denne stormen, men med ei svekka stilling. Det er fem år til neste gong valteateret skal setjast opp på nytt. Kanskje vil andre personar i maktapparatet før den tid, i all stille, bestemma seg for at Lukasjenka ikkje er den rette til å føra regimet vidare.

Surrealistisk frå NRK

Imens, her i Noreg, var rapporteringa frå to av våre viktigaste nyheitsleverandørar, NTB og NRK, surrealistisk.

«Lukasjenko befester sin makt og feier utfordreren av banen,» meldte dei. «Lukasjenko hadde åpenbart lite å frykte», den «politiske nybegynneren» Tsikhanowskaja klarte ikkje å «vippe ham av pinnen». Medan tusenvis av kviterussarar strøymde ut på gatene for å protestera mot openbert valfusk, slukte våre fremste medieaktørar diktatoren sin propaganda rått og ukritisk, og feilinformerte sitt norske publikum.

Det er berre å håpa at NRK og NTB vil gi eit riktigare bilete av korleis den spente situasjonen i Kviterussland utviklar seg vidare.

LES MER:

EU støtter diktator i å stoppe asylsøkere

Hviterussisk forfatter får Nobelprisen i litteratur

Geir Hellemo: «Hvorfor er omgjøringen av Hagia Sofia så forferdelig? Den bærer i seg så mye»