– Det er ei utfordring å få nye faste givarar
DET NORSKE MISJONSSELSKAP: Årsrekneskapen til Det norske misjonsselskap (NMS) i 2024, viser til eit årsresultat på minus 4,9 millionar kroner. Dette er ein nedgang på 7 millionar kroner frå året før. – Drifta er under kontroll, seier generalsekretær.
OPTIMISTISK: Generalsekretær i NMS, Helge Sylfest Gaard, ser lyst på misjonsorganisasjonen si framtid. Samstundes er han bekymra for dei framtidige generasjonane si givarforplikting.
Guro Asdøl Midtmageli
Årsrekneskapen til Det norske misjonsselskap (NMS) viser eit årsresultat på minus 4,9 millionar kroner frå 2024. Det er ein nedgang på 7 millionar kroner frå året før, då totalresultatet var på 2,1 millionar kroner.
Sjølv om inntektene til misjonsselskapet har auka med 7 millionar kroner frå 2023 til 2024, viser rekneskapen likevel driftskostnader på minus 8 millionar kroner i 2024.
Dette skuldast i stor grad auking i lønnskostnadene, frå 73,7 millionar kroner i 2023, til 82,1 millionar kroner året etter.
Bestill abonnement her
KJØP