Datering av kyrkje kan endre norsk kyrkjehistorie
MELLOMALDERKYRKJE: Kor gammal er Hvaler kyrkje? Lokale eldsjeler har samla inn pengar for å få svar. Olsoksaftan blei resultata presentert for ei fullsett kyrkje.
STEINKYRKJE: Hvaler kyrkje er ein av 16 bevarte steinkyrkjer frå mellomalderen i Østfold.
Sindre Deschington
Sidan september 2022 har kyrkjeforskar Kjartan Hauglid frå Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU), og tradisjonshandverkar Jørn Berget, arbeidd med å kartleggje kjeldene til Hvaler kyrkje si historie.
Førsteamanuensis ved NTNU Vitenskapsmuseet, Helene Løvstrand Svarva, har analysert tremateriale frå kyrkja ved hjelp av avansert teknologi. Olsokaftan var nokre av resultata klare, og blei presentert framfor ein spent kyrkjelyd og fleire tilreisande.
– Prøveresultata viser at Hvaler kyrkje er ein av dei eldste steinkyrkjene som har vore i kontinuerleg bruk her i Noreg. Vi snakkar første halvdel av 1100-talet. Det er ganske få av dei aldersdaterte kyrkjene som kan plasserast før 1150, fortel Kjartan Hauglid.
Bestill abonnement her
KJØP