Kall, krise, karikatur: ettertankar frå bedehusland

LAVKIRKELIGHET: Kva skal den tenkja som framleis vil ha kvardagen sin tett knytt til bedehus og lågkyrkjeleg forsamlingsliv?

OPPGJER: Saman med Emil André Erstad og Bjørn Eidsvåg, føyer Brørne Nordbø seg inn i ei rekke av profilar som tek eit oppgjer med eigen bedehusbakgrunn. Sofie Braut spør: Kva skal den tenkja som framleis vil ha kvardagen sin tett knytt til bedehus og lågkyrkjeleg forsamlingsliv?
Publisert Sist oppdatert

Brørne Nordbø føyer seg inn i ei rekke av profilar som tek eit oppgjer med eigen bedehusbakgrunn (VL 10/2). Også Bjørn Eidsvåg har tidlegare nærast karikert eit kristenmiljø som var trongt, svartkvitt og latterleg provinsielt; vi snakkar Sauda på syttitalet. Nordhordlending Emil André Erstads tøffe oppgjer med ein potensielt ekstremistisk bedehuskultur passar også inn her. Saman teiknar dei ein mørk versjon av Instagram-hiten «Ting som ser sykt kristne ut». Dei skrellar av flanellografen og det festleg utdaterte interiøret og finn at det lågkyrkjelege manglar eit velfungerande ventilasjonssystem. Vindauga er plomberte.

For dei profilerte bedehus-avhopparane vert det å koma seg til byen eit spørsmål om å overleva.

Kva skal den tenkja som framleis vil ha kvardagen sin tett knytt til bedehus og lågkyrkjeleg forsamlingsliv? Det er nemleg eit paradoks at så mange finn glede, mot og meining ved å tilhøyra nettopp bedehusforsamlingar, dersom vitnesbyrda som får mest spalteplass er representative. Dersom det faktisk var tomt for oksygen i bedehusland alt mot slutten av syttitalet, seier det seg sjølv at det ikkje hadde vore ei levande sjel att i dag. Svaret er at her er like mange vitnesbyrd som det er menneske, og mange har heilt andre forteljingar enn dei som distanserer seg. Men det som veks, trivst og blømer har minimal nyhendeverdi, det er business as usual, og ingenting å skriva heim om.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP