Nyheter

Han skal reformere Hellas

Venstrepopulisten Alexis Tsipras skal innfri ei lang liste med Robin Hood-lovnader. Han skal ta frå kyrkja, reiarar, mediemogular og næringslivsoligarkar.

– Alexis Tsipras og Syriza kan lukkast med mykje. Til skilnad frå dei gamle partia skuldar dei ikkje nokon av Hellas' mange mektige noko. Dei skal berre stå til ansvar for veljarane som har sendt til regjeringskontora, forklarar seniorforskar Asimina Michailidou. Medievitaren arbeider ved Senter for europaforsking på Universitetet i Oslo.

SJÅ KART OVER PROTESTPARTIA I EUROPA!

Grekaranes nye statsminister er fødd fem dagar etter at den greske militærjuntaen gav frå seg makta i juli 1974. Leiaren for partiet som nesten fekk fleirtal åleine etter sundagens parlamentsval, representerer ein ny generasjon politikarar.

Alexis Tsipras har ingen band til dei skandaliserte partia som har styret Helles sidan oberstane blei skuva til sides av folkevalde i 1974 – og i tiåra før. Han leiar eit 12 år gammalt populistisk parti­ med kommunistar, maoistar og anarkistar – som har vunne veljarar ved å tale Brussel midt i mot, med megafon.

I Athen-familien Tsipras var dei lenge meir opptatt av fotball enn av politikk. Men som 17-åring opplevde Alexis Tsipras at ei sak blei viktigare enn siger til hovudstadsklubben Panathinaikos.

LES OGSÅ: Skal halvere statsgjeld på 2.760.000.000.000 kroner

Dyre lovnadar

Då ei høgreregjering trua med upopulære utdanningsreformer i 1991, gjekk unge Tsipras til aksjon saman med jamaldringar, dei tok over den vidaregåande skulen dei var elevar ved. Tsipras, som blei med i ungdomspartiet til kommunistane, var ein av leiarane for den elevstyrde skulen. I månader leia han okkupasjonen.

Som landets yngste stats­minister nokosinne skal sivil­ingeniøren på nytt utfordre mektige krefter som ligg til høgre i det politiske landskapet i Hellas. Alexis Tsipras har nemleg lova to ting som heng saman:

• Betre offentleg tryggingsnett: Auke minstelønna til 6.500 kroner i månaden, matkupongar til 300.000 fattige barnefamiliar, minstepensjonistar; dei som har mindre enn 6.100 kroner i månaden, skal få ei ekstra pensjonsutbetaling i året, gratis elektrisitet til folk som har fått kutta straumen, helseforsikring til dei utan forsikring og det skal bli for­bode å kaste ut folk som ikkje kan ­betale frå heimane.

Kostnad: Over 100 milliardar kroner.

LES OGSÅ: Protestpartiene truer Europas makthavere

• Dei privilegerte skal vere med å betale rekninga. Dei som i dag betalar lite eller ingenting i skatt, skal no vere med å betale for det greske fellesskapet. Privilegia til dei rikaste skal fjernast.

– Å avgrense den politiske innflytinga til oligarkane er ein ­hovudprioritet, seier Syriza-talsmann George Stathakis til Financial Times. Konkret handlar omlegginga om å hindre at statlege kontraktar ukritisk kjem milliardærar til gode. Det skal ikkje lenger vere lukrativt å kjenne ­nokon i regjeringsapparatet.

I valkampen forkynte Syriza-leiar Alexis Tsipras at kyrkja, reiarar, mediemogular og næringslivsoligarkar må yte langt større skjervar til statskassa enn dei gjer i dag.

LES OGSÅ: Auschwitz - symbolet på Holocaust

Mektig kyrkje

Den gresk-ortodokse kyrkja er ein mektig institusjon. Utan at nokon veit nøyaktig kor mykje kyrkja eig – Hellas manglar eit godt eigedomsregister – er kyrkjesamfunnet likevel den nest største landeigaren i Hellas. Som har store skatteprivilegier og statslønna medarbeidarar.

Alexis Tsipras ser ikkje på kyrkja som ein autoritet. Ikkje er han gift, og ingen av dei to barna han og sambuaren har, er døypte, slik skikken er.

Tradisjonelt har kyrkja vore på lag med politikarane, som naudsynte vaktarar av religion, språk og kultur. Den erkekonservative biskopen av Thessaloniki, Anthimos, seier det slik til Spiegel.de:

– Det er heilage band mellom det greske folket og kyrkja.

Alexis Tsipras er usamd. Kyrkja må bu seg på å betale meir skatt, og få kutt i lønningane. Eit første varsel kom tysdag under innsetjinga. Tsipras skrota den tradisjonelle religiøse eida som alle statsministrar før han har avlagt. Han nøgde seg med å framseie følgjande ord, «alltid tene interessene til det greske folket».

– Tsipras ønskjer å skilje stat og kyrkje, og har fleire med seg. Han kan skattleggje kyrkja hardare, men må vere varsam med å ta for hardt i. Den gresk-ortodokse kyrkja er ein viktig institusjon i Hellas, og oppslutninga er sterk, seier Asimina Michailidou.

LES OGSÅ: Verdens største minneprosjekt skaper splid

Statlege goder

Hellas' mektigaste familiar dominerer gresk politikk ved hjelp av private mediekonsern. Fleire TV-­kanalar har hatt for vane å hjelpe politikarar til valsigrar. Grekarar flest får nyhende levert via TV. Åtte private deler 90 prosent av marknaden.

Magasinet Foreign Affairs seier det slik: Mange mediekonsern går med tap, men dei får stadig nye lån frå bankar med tette band til TV-kanalane, som også kringkastar raust med bank­reklame. I byte får bankane TV-sjefane til å sjå ein annan veg når det blir meldt om dårleg bank­nyhende. Fleire av banksjefane er tidlegare politikarar.

– I denne valkampen har vi sett at mange veljarar har «tenkt sjølve». Trass i skeiv mediedekning i favør av dei gamle partia, har folk lete vere å lytte på bodskapane frå dei gamle media, fortel Michailidou. Nytt av året var fleire uavhengige nettaviser som ikkje favoriserte dei gamle partia.

Fleire av medieeigarane er store skipsreiarar. Michailidou forklarar at dei får gjennom sine krav om privilegium – låge skattar, gode kontraktar og rause ­lisensar – ved å true med å flagge flåten ut frå Hellas.

Skal ikkje stele

Kan Alexis Tsipras lukkast med omfordelingane han har lova?

– Ja, dersom folket ser at han får dei som har mykje til å yte meir til dei som har lite, altså betale meir i skatt, vil han ha folket i ryggen, seier Asimina ­Michailidou.

– Blir han ein gresk Robin Hood?

– Nå skal han ikkje stele frå dei rike og gje til dei fattige. Han skal berre få til ei heilt anna og betre omfordeling av godar.

– Kva blir mest utfordrande?

– Han må vise veljarane at skatteinntektene ikkje bere ­forsvinn i eit svart hol, slik som no.

– Kva andre viktige endringar enn auka skatteinngang må til?

– Han må reformere det greske byråkratiet. I dag har Hellas ein stor, tungrodd offentleg administrasjon som fungerer svært dårleg.

I dag arbeider 20 prosent av arbeidsstyrken i landet i offentleg sektor.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter