Støyande kaos
Skjørt, ja, men stille, nei.
Forfattar Olaug Nilssen har eit barn med autismediagnose. Nilssen står bak teatersuksessen Stort og Stygt. Her viser ho korleis familielukke bryt saman, forventning går i oppløysing, håp blir knust og korleis alt dette må byggast opp på nytt på grunn av eit barn med funksjonshemming.
Foto: Berit Roald/NTB scanpix
Belastning er kanskje eit flatt ord, men det er eit sant ord.
Ein gong sat eg på eit venterom på ei sjukehusavdeling for barn som det er «noko» med. Her sat foreldra med barn som hadde vore gjennom ei første og kanskje ei andre undersøking, for så å ende opp her, på avdeling for barn med funksjonshemming. Barna kunne eg ikkje lese så mykje ut av. Men i dei vaksne ansikta såg eg smerta.
Eg smaker på ordet belastning. Eit slik dumt ord, men like fullt vanskeleg å kome bort frå, skal det vise seg. I møte med sjukehus-røynda, blir orda annleis og språket sakte skifta ut.