I sølvkista ligg kvinna folk stod i lange køar for å få sjå

VALFART: Meir enn 440 år etter at ho døydde blei helgenen vist fram.

LEIVNINGAR: Den heilage Teresa av Ávila har i ein månad blitt vist fram i kyrkja i byen Alba de Tormes i Spania.
Publisert Sist oppdatert

Dei stilte seg i lange køar for å sjå henne.

I ei sølvkiste låg den heilage Teresa av Ávila, meir enn 440 år etter at ho døydde.

Katolske trusfrendar har valfarta til Alba de Tormes, ein by i det vestlege Spania, der leivningane etter den spanske helgenen, mystikaren og religiøse reformatoren frå 1500-talet har vore utstilt den siste månaden, melder nyhendebyrået AP.