Nyheter

Hentar fram elektriske stolar

Leveransane av gift blir strupa. No hentar amerikanske delstatar fram elektriske stolar. Kutte dødsstraffa er ikkje eit alternativ.

Som einaste vestlege land praktiserer USA dødsstraff. Sidan 1977 har landet avretta over 1.400 straffedømde. Dei aller fleste dødsdømde er blitt drepne­ med giftsprøyter.

Men fordi store internasjonale legemiddelfirma nektar å levere­ giftstoffa som blir brukte ved avrettingar, mellom anna som følgje av moralsk press frå organisasjonar som Amnesty, opplever mange delstatar at lagra av dødsgifter går tome.

Fremst blant legemiddelnektarane står europeiske medisinprodusentar som meiner at deira produkt skal brukast til å redde liv, ikkje ta liv. Legemidla amerikanske delstatar blandar skal roe ned fangen, lamme pusteorgana og stoppe hjarta.

LES OGSÅ: – Unge muslimer diskuterer dødsstraff og steining

Nokre statar har prøvd nye giftblandingar. Dette har skapt store overskrifter verda rundt:

Avrettingar har trekt i langdrag fordi giftblandinga ikkje drep raskt nok.

Som då Clayton Lockett skulle avrettast i Oklahoma i fjor vår. Det tok 43 minutt før hjarta hans stoppa. Då hadde legane gjort over ti forsøk på å plassere giftsprøyta rett.

Plasserte i stolar

Mangelen på effektive giftsprøyter har fått delstatsforsamlingar og domstolar til å finne fram gamle og velprøvde avrettingsmetodar:

• Alabama: Representantanes hus vil hente fram «Yellow mama» dersom giftmangelen held fram. Den gule, elektriske stolen var einaste alternativ heilt fram til 2002. Då kunne dødsdømde velje mellom elektrisk stol og giftsprøyte.

• Tennessee: Høgsterett skal i mai vurdere å gjeninnføre den elektriske stolen.

• Texas: Justisdepartementet seier dei skal vurdere «alle alternativ», noko som kan bety at «Old Sparky» blir henta fram att. Siste gong Texas brukte elektrisk stol var i 1964. Då hadde 361 menneske enda sine liv i «Old Sparky».

• Oklahoma: Ein senatskomite vil erstatte giftsprøyte med gasskammer dersom det blir uråd å få kjøpe gode nok giftblandingar. Andre alternativ er elektrisk stol eller skyting.

LES OGSÅ: Saudi-Arabias bestialske styre

Vil skyte

Fleire statar hellar mot skyting. Blant desse er delstatsforsamlinga i mormonarstaten Utah. Her vil dei henta fram eksekusjonspelotongen. Også i Wyoming har delstatspolitikarane sagt seg villige til å hente fram skyttarar som kan fullbyrde dødsdommar.

Utah stoppa avrettingar ved skyting i 2004, men sist ein dødsdømd blei drepen på denne måten var i 2010. Vedkommande insisterte på skyting – og fekk medhald. For dødsdommen var avsagt før 2004.

Etter fleire år med forbod mot dødsstraff, blei avretting på nytt lovleg i USA i 1977. Først ute til å avrette ein dødsdømt var Utah. Gary Gilmore blei skoten.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Gjennomgang

I lys av mangelen på dødlege giftblandingar har USAs høgsterett varsla full gjennomgang av dødsstraffpraksisen i delstatane som ikkje nøyer seg med fengsel på livstid. Domstolen vil hindre brot på grunnlov som vernar alle mot «ubarmhjertig og uvanleg straff». Saka kjem truleg opp i april.

LES OGSÅ: «Dødsstraff mer rettferdig enn 12 års soning»

I fjor blei 35 amerikanarar avretta, noko som er det lågaste talet sidan 1994. Hittil i år er ti menneske avretta.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter