På veg til Woodstock-festivalen i 1969. – I løpet av få år hadde blomebarna endra det store motebildet. Nå var ikkje idealkvinna attraktiv på trass av ein naturleg kropp i fri dressur, behagelege klede og skor, men på grunn av det, skriv Ann Kristn van Zijp Nilsen.
Utemte kroppsdelar
Hippiane forakta det konforme og bundne kvinneidealet. Dei skulle visst kva som kom seinare.
Idealkvinna ved byrjinga av 1960-talet var pen og velstelt som ein engelsk park. Mjuke kroppsdelar blei haldne hardt på plass av ein uunnverleg hoftehaldar og spiss behå under kardiganen. Håret var glattfrisert eller pynteleg sett opp. Frå fangeholet i dei spisse pumpsane skreik tærne hennar lydlaust om nåde. Lite ante dei at fridommen var rett rundt hjørnet.
Blusar og sandalar
Allereie i 1965 begynte dei første hippiane å dukka opp i Slottsparken, og i løpet av få år hadde blomebarna endra det store motebildet: Nå var det langt, utslått hår, vide blusar og flate sandalar. Brysta var også på frifot, etter at behåen var brent på protestbål mot kvinneundertrykkjande tvangs-
trøyer. Estetikken i «flower power» var «tilbake til naturen» – til det utemde og ville, ikkje prydbuskar og parkar. Nå var ikkje idealkvinna attraktiv på trass av ein naturleg kropp i fri dressur, behagelege klede og skor, men på grunn av det.
Bestill abonnement her
KJØP