Vetle Jarandsen gjekk frå å skrive love songs til lovsong

Denne saka blei fyrst publisert i februar 2022. Den er henta opp att i forbindelse med at Jarandsen, saman med David Andre Østby, Karoline Neteland og Thomas Neteland fylte Oslo Konserthus med sin lovsongskonsert fredag 18. oktober.

Vetle Jarandsen er 18 år gammal og har starta opp eit lovsongsteam i Frelsesarmeen i Stavanger. Det vil seie, han syng og spelar kristne songar på gudsteneste. Og han leier forsamlinga i si lovprising av Gud, men sjølv trur han ikkje på det han syng.

Han har sett sitt snitt til å imponere ei ekstra søt jente som tilfeldigvis er kristen. Det var det som gjorde at han for nokre veker sidan for fyrste gong sette sin fot frivillig i ei kyrkje. Til no har møta med gudshus avgrensa seg til skulegudstenester og ein konfirmasjon eller ei gravferd i ny og ne.

Den unge mannen har ei popstjerne i magen, og er nøgd med å kunne spela og syngje framfor folk kvar veke. Og teksten er det ikkje så nøye med, enten i popmusikken eller lovsongen.

– Dei visste at eg ikkje var kristen, så eg skjønar ikkje kvifor dei lét meg halde på, seier Jarandsen i dag når han ser tilbake på sitt fyrste møtet med musikksjangeren som skal bli så viktig i livet hans.

I popbransjen er det eit evig jag etter prestasjon, og du skal alltid fylgje vinden som tek deg lengst framover. Det var noko annleis med menneska eg blei kjent med i Frelsesarmeen.

—  Vetle Jarandsen

Kompisane hadde ledd

Klokka er berre halv ni på morgonen då han viser veg inn i dei store lokala til Filadelfiakirken i Oslo. Han ser uforskamma opplagt ut, og har vore på kontoret i halvannan time alt. Han avslører at det ikkje er eigen iver eller morgonfugltendensar som er årsaka til dei tidlege morgonane, men kona sin sjukepleiarturnus.

Om dedikasjonen til å fylgje sin utkåra sin døgnrytme er eit innfall prega av forelsking eller ein livslang dedikasjon står att å sjå. Det er berre fem månadar sidan dei gav kvarandre sine ja.

Og det har altså ikkje liggje i korta at det var her han skulle ende opp. Som lovsongsartist, forsamlingsleiar og kristent førebilete.

– Kompisane mine frå skulen ville ledd hadde du sagt til dei at eg kom til å bli kristen.

I dag ville ikkje Vetle Jarandsen late seg sjølv som ikkje-truande 18-åring opp på lovsongsscenen. Men at nokon andre faktisk gjorde det førte til ei sterk tru og produksjonen av fleire av dei mest populære lovsongane i Noreg.

Kristne trong trøyst

Trass i at størstedelen av skulegangen fann stad i bibelbeltet hadde han ingen kristne vener. Det var statusen som oljeby som førte familien frå Porsgrunn til Sør-Vestlandet sin hovudstad då han var sju år gammal.

---

Vetle Jarandsen

  • Tittel: Forsamlingsleiar i Filadelfiakirken i Oslo.
  • Alder: 30
  • Oppvekst: Flytta frå Porsgrunn til Stavanger då han var 7 år.
  • Bakgrunn: Musikar med bachelorgrad i teologi.
  • Sivil status: Nygift.
  • Aktuell med: Den nye singelen «Levende Bevis».

---

Lovsongsleiaren skildrar familien sin som «akademikar-menneske», der dei fleste jobbar i oljebransjen. Det er ikkje det at han meiner akademikarar ikkje kan vera kristne, men Jarandsen oppfatta at ein i familien tenkte at ein kunne vera kristen av to årsaker.

Éin: Fordi ein hadde opplevd noko vanskeleg og trong trøyst. To: Fordi ein hadde vakse opp i ein kristen familie.

Dei visste at eg ikkje var kristen, så eg skjønar ikkje kvifor dei lét meg halde på

—  Vetle Jarandsen

Så då han sjølv byrja å gå på gudstenester fall det ikkje naudsynt i god jord:

– Dei synest det var kjempevanskeleg. Rett og slett. Mamma verka oppriktig bekymra når eg byrja å gå i kyrkja. Og det var attpåtil ikkje i Den norske kyrkja!

– Trudde eg hadde byrja i sekt

Korkje Jarandsen eller familien hadde noko kjennskap til frikyrkjer.

– Mamma trudde oppriktig eg hadde byrja i ei sekt, meiner Jarandsen.

Han bryt ut i ein liten latter. Forklarar at det har blitt betre med tida, men at han og mora framleis har ei felles forståing av at dette med kva han trur på er ein ting dei ikkje snakkar om.

– Me har aldri hatt ein stor krangel, men ein merkar at det fort blir ukomfortabelt når ein dristar seg ut i farvatn der me rett og slett ikkje forstår kvarandre.

Jarandsen ser litt utilpass ut av å snakke om at det er ukomfortabelt å snakke om det.

Me har funne vegen til sitjegruppa på kontoret som ligg vegg i vegg med hans eige. Her er det nemleg sofa. Han sit med føtene i kryss og armane i fanget.

Platekontrakt og jakta på pop-draumen

Då flørten med den kristne jenta i Stavanger dabba av etter eitt års tid bestemte han seg for å flytte til hovudstaden, utan å kjenne ei sjel der. 19-åringen hadde eitt mål for auget: Å bli popstjerne.

Men til si overrasking var det ikkje berre saknet etter kjente og kjære han merka i sin nye Oslo-kvardag. Han sakna å gå i kyrkja.

I den nye byen var det ingen som forventa at han skulle møte opp på gudsteneste, og han hadde ikkje venner eller ein flørt som lokka han med seg. Og behovet for å stå på ein scene blei dekt av ei musikarkarriere på veg oppover.

Draumen om ei platekontrakt var alt oppfylt, og plateselskapet hadde stor tru på den unge telemarkingen.

Popbransjens jag etter prestasjonar

– Kva sakna du med å gå i kyrkja?

– Eg sakna ærlege relasjonar og genuine menneske. I popbransjen er det eit evig jag etter prestasjon, og du skal alltid fylgje vinden som tek deg lengst framover. Det var noko annleis med menneska eg blei kjent med i Frelsesarmeen i Stavanger. Dei var faktisk interesserte i meg, og dei ville meg godt.

I dag ville ikkje Vetle Jarandsen late seg sjølv som ikkje-truande 18-åring opp på lovsongsscenen. Men at nokon andre faktisk gjorde det førte til ei sterk tru og produksjonen av fleire av dei mest populære lovsongane i Noreg.

Han spurte seg sjølv om kva som var annleis med dei. Den einaste fellesnemnaren han fann mellom dei var Gud.

– Korleis kunne eg forklare meg vekk frå det?

Han let spørsmålet henge i lufta.

Men han trur også det var meir overnaturlege krefter som hadde sådd eit frø i han.

– Eg gjekk i Frelsesarmeen i Stavanger i ein liten periode. Når eg ser tilbake på det, trur eg det at eg gjekk på gudstenester og utsette meg for den heilage ande over tid gjorde noko med meg.

Og her fekk han tillit, sjølv om han ikkje trudde.

Ville ikkje late seg sjølv sleppe til

– Det ironiske er at hadde eg vore ungdomsleiar ville eg ikkje late meg sjølv leie lovsongen. Då hadde eg heller ikkje late meg sjølv vakse inn i trua.

Men lovsongsartisten meiner at han har blitt mindre streng på at ein må ha alt på stell for å kunne stå på ein scene i ein kristen samanheng med åra.

– Ja, du er eit førebilete, men kanskje det å stå på den scenen kan vera vegen til å bli eit førebilete på sikt?

Likevel har han sjølv tatt valet om å ikkje drikke alkohol fordi han er eit førebilete for mange i kyrkja.

– Det viktigaste er kanskje ikkje kvar du er, men kvar du er på veg?, reflekterer han.

---

4 raske

  • Gud er: Gud.
  • Eg klarar meg ikkje utan: Kaffi.
  • På gravsteinen min skal det stå: Eg håpar det skal stå; Elska.
  • Boka alle må lese: Garden City av John Mark Comer.

---

Å putte ord i munnen til folk

Og kvar var han eigentleg på veg? I dag er Jarandsen forsamlingsleiar i Filadelfiakirken Oslo, men mest kjent er han som lovsongsprodusent, -artist, forfattar og -leiar. Han har saman med mellom anna David André Østby laga dei populære lovsongane «Stor er din trofasthet» og «For så langt».

Og han står som låtskrivar og produsent på albuma til fleire kristne artistar. Også gjev han ut musikk sjølv. Om du leitar litt ekstra kan du framleis finne dei tidlege, engelskspråklege poplåtane til Vetle på Spotify, men med ein brøkdel av avspelingane til den nyare lovsongsmusikken han har gitt ut.

Popstjernedraumen utvikla seg sakte, men sikkert til ein draum om å bruke dei musikalske evnene han meiner Gud har lagt i han til å tene kyrkja. Denne veka kjem den nye singelen, «Levende Bevis» ut. Her ynskjer Jarandsen å bruke sitt eige vitnesbyrd til å fortelje om Gud.

Det er noko nytt, for vanlegvis skriv han det han kallar meir teologiske, eller objektive lovsongar. Songar som skildrar Gud, og som kan syngjast i dei fleste situasjonar, heller enn songar om kva Gud er eller betyr for han.

– Det eg skriv songar om og som eg puttar i munnen til så mange menneske bør vera bygd meir på Bibelen enn mine eigne tankar, meiner Jarandsen.

Eit stort ansvar

Han har nyleg fullført ein bachelorgrad i teologi for å betre kunne sikre at innhaldet i songane hans held mål. I tillegg sender han tekstane sine til fleire teologar for ein ekstra sjekk.

– I ei tid der «alle» høyrer på lovsong, men det berre er dei spesielt interesserte som høyrer ei preike på podkast, så formar musikk ikkje berre trua, men teologien til mange menneske.

Det er tydeleg at Jarandsen no er på eigen banehalvdel. Den eine armen ligg henslengt over ryggen på sofaen, og det er litt færre innslag av den avvæpnande latteren.

I dag ville ikkje Vetle Jarandsen late seg sjølv som ikkje-truande 18-åring opp på lovsongsscenen. Men at nokon andre faktisk gjorde det førte til ei sterk tru og produksjonen av fleire av dei mest populære lovsongane i Noreg.

– Det er eit stort ansvar å vera med å forme trua og teologien til ikkje berre dei som går i Filadelfia i Oslo, men også alle dei som strøymer musikken din på Spotify?

– Ja, det er eit stort ansvar, men det er eit ansvar ein ikkje kjem utanom. Så då er det skumlare å ikkje vera seg det ansvaret bevisst.

Noko av det mest ironiske han veit er når bloggarar som får kritikk for å fremje kroppspress eller liknande mot unge svarar at det er folk sitt eige ansvar fordi dei oppsøkjer innhaldet.

– Eg må sjølv ta ansvar for musikken eg gjev ut. Eg gjev ut lovsong som eg veit folk høyrer på og som eg veit at er med på å forme folk sitt bilete av Gud.

Kritikk av glansa fasadar

Med jamne mellomrom får kyrkjer, gjerne dei meir karismatiske, kritikk for å framstille ei glansa fasade og for å ha eit gladkristent miljø med lite rom for kritiske spørsmål og tunge dagar. Sist ute var tidlegare lovsongsleiar i Hillsong, Rebecca Instebø, som i Vårt Land fortalde om korleis ho følte ho miste mykje av seg sjølv i løpet av åra i kyrkjelyden.

Kva tenkjer Jarandsen om å som lovsongsleiar vera ein slags «frontfigur» i kyrkja si, og kva det kan gjera med ein sjølv og trua si?

– Det klassiske dømet er å stå på scenen å skulle syngje salmen «Jeg vil gi deg alt» på ein dårleg dag. Men eg har aldri hatt den kampen. Lovsong for meg er å formidle eit ynskje eller ei bøn. Og eg har lyst å gje alt til Gud.

For 30-åringen er det fint å jobbe tett med den profilerte, og meir erfarne lovsongsleiaren, David André Østby. Saman snakkar dei ærleg om ting som er vanskelege.

Det ironiske er at hadde eg vore ungdomsleiar ville eg ikkje late meg sjølv leie lovsongen. Då hadde eg heller ikkje late meg sjølv vakse inn i trua.

—  Vetle Jarandsen

Og når Jarandsen står på scenen og leier ei folkemengd i lovprising av Gud går ikkje fokuset innover. Når han opplever å få leggje til rette for at nokon i salen har eit møte med Gud gløymer han fort eigen dagsform eller tunge tankar.

– Eg får eit «front row seat» til å sjå kva Gud gjer.

– Ikkje for bli heilt Hillsong, og gløyme kva norske ord ein brukar, skyt han unnskuldande inn, og siktar til pinsekyrkja som har importert mangt eit ord og uttrykk frå moderkyrkja I Australia.

«Orkesterplass» ville kanskje språkrådet foreslått?

Velkommen heim

Jarandsen viser veg ned til kyrkjesalen. Fomlar litt med å få på dei rette lysbrytarane for å blidgjera fotografen. På galleriet ligg ein haug med turkise bokstavar i isopor som på sundag på nytt skal forme frasen som møter deg i mange «hippe» pinsekyrkjer i Noreg for tida: «Velkommen hjem».

– Noko av det eg likar best med lovsong er at det handlar om det kollektive, ikkje meg og mitt. Me står saman og me tilber den same Gud.

Lovsongsleiaren blir beordra opp på scenen av fotografen. Her har han stått og lovsunge heilt sidan frå før han fann vegen til tru. Og her håpar han å bli verande i mange år, for å leve ut kallet til lovsong.