– Eg er klar for å snakke om det no, seier forfattar Anne Oterholm.
Om tru. Gud. Alt som var så viktig for henne så lenge.
Vi skal gi oss god tid. Må bli litt kjent med henne først. Vi har sikra oss plass ved eit av dei store vindauga i det nye hovudbiblioteket i Bjørvika i Oslo. Ser vi innover, ser vi like inn i litteraturen – med Deichmans bindsterke magasin rett nedanfor oss. Ser vi ut, ser vi ut i det fri, mot fjorden og himmelen. Begge retningar har noko for seg. Litteraturen må vere fri, og det er naudsynt med ein viss fridom for å kunne skrive han.
– Fridom handlar om rammevilkår. Det har eg lært av mor mi, å ha nok pengar til at du ikkje treng å tenke på dei heile tida, seier Oterholm.
Kanskje er det litteraturpolitikaren som snakkar her i starten av samtalen? Oterholm var leiar i Forfattarforeininga i ei årrekkje, frå 2005 til 2012. Etter det har ho hatt ein like lang periode i Kulturrådet, som leiar av det faglege utvalet for litteratur i åtte år og rådsnestleiar sidan 2018. Ho er ei av dei som verkeleg har jobba for litteraturen og forfattarane sin plass i samfunnet. For rammevilkåra.
Heile vegen har ho dessutan skrive skjønnlitterært, kritikarroste romanar. «Årets debutant» i 1995, brageprisnominert i 2015, ny bok i haust – Oterholm har halde det litterære trøkket oppe i eit kvart hundreår allereie. Men sjølv etter den tiande romanen hennar, den nyutkomne Livslyst, tener ho ikkje store pengar på forfattargjerninga.
– Eg har vent meg til å bruke lite pengar. Då klarer eg å gjere det eg har aller mest lyst til – å skrive, seier ho.
---
Anne Oterholm
- Forfattar og avtroppande nestleiar i Kulturrådet
- Fødd i Urbana, Illinois i USA i 1964. Vaks opp i Ås.
- Bur i Oslo
- Singel. To vaksne barn
- Aktuell med romanen Livslyst (Forlaget Oktober)
---
Eksistensiell einsemd
Oterholm tok valet å busette seg sentralt i hovudstaden, og valde samstundes å bu trongt. I periodar har det vore knapt, åleine med to jenter som i dag er vaksne og har flytta ut. Men ho har alltid kunna gjere som ho vil.
Denne fridomen er noko ho ikkje tar for gitt, for ho har fleire personar nær seg som har det vanskeleg når straumprisen går opp, som kanskje berre har råd til varme i eitt rom. Og ho er provosert over kor umogleg det kan vere å nå fram i NAV-systemet, sjølv for folk som i utgangspunktet er ressurssterke, folk som kan lese ein tekst.
I den nye romanen skriv forfattaren om ein kvinneleg hovudperson som nyttar fridomen sin på måtar som ikkje alle lesarar har applaudert like sterkt. Åsta lever i einsemd, vaskar i staden for å nytte lærarutdanninga si og ser dokumentarar på TV. Lever ho eigentleg eit fritt liv?
– Eg synest Åsta brukar fridomen sin heilt greitt, sjølv om ho har tronge rammer for livet sitt. Ho er ganske lykkeleg. Har det ganske bra. Ho kjem ikkje til å gå sund. Eg blir veldig overraska når kritikarar synest hovudpersonane mine er stusslege, seier ho.
– Einsemd går att i mange av bøkene dine. Kvifor er det slik?
– Eg tenker mykje på, og skriv mykje om, eksistensiell einsemd. Det er eit grunnvilkår for å vere menneske, at ein er åleine – også om ein har kjæraste eller familie. Denne einsemda kan det vere problematisk å leve med, og vi har ulike strategiar for å hanskast med henne.

Oterholms eigen strategi for å hanskast med slike spørsmål, er skrivinga. Det er i skrifta ho tenker, det er i romanane ho lar dei eksistensielle problemstillingane få falde seg ut.
– Så du er ingen grublar sjølv?
– Eg har nok vore det, men kanskje meir då eg var ung.
– For no å komme med det største spørsmålet: Kva tenker du er meininga med livet?
– Der kjem eg nok litt til kort. Eg er ikkje komen heilt dit enno. Men delsvar har eg. Dei handlar om folka rundt meg. Det handlar om politikk og strukturar, kva slags samfunn vi skal leve i.
[ Kjersti Toppe tåler ikke fordømmingen i enkelte kristne miljøer ]
Heiar på nestekjærleiken
Oterholm brukar å skryte på seg at ho ikkje er moralsk: Folk kan leve akkurat som dei vil. Men ho blir sint når ho ser godt betalte politikarar som ikkje forstår korleis er å vere fattig.
– Det er motbydeleg, seier ho.
– Jesus var inne på mykje av det same, ifølgje evangelia: Han brydde seg særleg om dei svake i samfunnet. Kva tenker du om det?
– Eg har ikkje tenkt så mykje på det i det siste. Men eg har tenkt mykje på det i løpet av livet. Eg har jo levd svært tett på kristendommen. Så kvifor kan ikkje nettopp denne sympatiske sida ved den kristne arven vår flomme over samfunnet?
Oterholm heiar på Jesu nestekjærleiksbodskap. Ho har derimot fått større vanskar med kvifor han måtte henge på krossen, at Gud måtte ofre den einaste son sin, at han måtte døy for menneska. Vanskar med Jesu einsemd på krossen. Kanskje har det samanheng med at det å få barn, er det som han gitt henne størst glede i livet. Måtte Gud verkeleg ofre son sin?
– Eg forstår ikkje logikken. Gud kunne gjort det på ein enklare måte. Det er unødvendig vondskap!
Forfattaren meiner at kyrkja og dei kristne ikkje har lukkast med å formidle bodskapen om offeret på ein måte som kan brukast til noko. I staden synest ho at kristendommen i stor grad har fått folk til å tenke at dei sjølve ikkje er gode nok.
– Det er øydeleggande, seier ho.
[ Megan Rohrer er den første transkjønnede biskopen i et amerikansk kirkesamfunn. ]
Ein tilstøytande tematikk har Oterholm skrive om i romanen Sannheten, som kom ut i 2004. Ho er likevel fullt klar over at det finst mange kristne som ikkje er som hovudpersonen i den romanen, som ikkje kjenner seg god nok overfor ein Gud som har ofra så stort for oss.
Å ha ein Gud, tru på ein Gud – dette er storleikar som ikkje er ukjent for henne. Tru interesserer henne, sjølv om ho ikkje trur på «den kristne Gud» slik ho gjorde i «gamle dagar».
– Kvifor er det så mange som trur på ein Gud? Handlar det om einsemda igjen, at vi ikkje klarer å vere åleine? Må vi ha noko utanfor oss sjølve? Gud er ein del av tenkinga mi, men ikkje på den måten at eg vender meg til Gud.
– For det har du altså gjort tidlegare?
– Ja. Eg er vaksen opp i ein kristen heim.
[ Alister McGrath var ateist. No er han ein av verdas mest briljante teologar. ]
Heldt andaktar som ungdom
Mora var heime med dottera og dei to søskena hennar mens dei var små. Faren jobba med utvikling og standardisering av ost – han kan faktisk også omtalast som «riddarostens far». Farens studium og jobb medførte mykje reising. Blant anna er Anne Oterholm fødd i USA. Etter tre år i Drøbak, slo familien seg ned i Ås.
– Vi gjekk ein del i kyrkja på søndagar. Ikkje kvar søndag, men ofte. Søndagsskulen gjekk eg på i eitt semester, med stjerner, fisk og filttavle, men det var for keisamt for meg, så eg slutta. Etter kvart blei eg i staden med i arbeidet til KFUM/KFUK.
Ho heldt andaktar for barn i Triangelklubben – «ganske mange andakter».
– Andaktar var ikkje noko problem for meg den gongen. Det var verkeleg ektefølt, seier ho.
I dag tenker ho at ho var for ung, men det var samtidig ei tidleg erfaring med teksttolking.
Oterholm var elles med både i TenSing og Ås kristne ungdomsklubb. Tredje året på vidaregåande var ho endåtil leiar av klubben. Då jobba ho for at det skulle vere låg terskel å komme dit. Og rekrutteringa i Oterholms leiarperiode var god!
– Vil du seie at du hadde ei trygg tru?
– Ja. Eg var jo som mange andre, at trua og tvilen gjekk hand i hand. Men eg var aldri veldig i tvil. Trua var naturleg.
– Bad du mykje?
– Eg bad alltid! Å be var nesten som å leve. Det spelte inga rolle kvar eg var, eller om eg hadde sett av tid. Eg kunne uansett slenge inn ei bøn. Snakke med Gud. Eg snakka med Gud heile tida.

Anne Oterholm har opplevd å få bønesvar. Då ho var 13 år, ville nemleg faren at familien skulle flytte, frå Ås til Klepp, i staden for at han skulle halde fram med vekependlinga.
– Så var eg og søster mi på sommarleir, den siste sommarleiren med klubben og Tensing. Vi grein og grein, vi syntest det var forferdeleg å skulle flytte frå Ås. Og vi bad og bad: «Gud, redd meg frå dette!» To veker før vi skulle flytte, ble heile flyttinga kansellert, fordi far min ikkje hadde fått tilbod om eit godt nok hus på Klepp. Det blei tatt som eit gudsbevis, det var det ingen tvil om! Det var eit gudsbevis av dei heilt store! Eit bønesvar!
Kjente seg ikkje god nok
Likevel, om trua som barn og ungdom var trygg, fanst det også nokre mothakar der.
Den kristne syndstanken kan for somme bli lik tanken om at ein sjølv ikkje er god nok – som ho allereie har vore inne på. Men det ligg meir, og noko personleg, i dette. For nettopp denne tanken følgde Oterholm sidan barndommen.
– Eg har ikkje kjent meg god nok som kristen, og som menneske. For dette skuldar eg på kristendommen, seier ho.
Eg har ikkje kjent meg god nok som kristen, og som menneske. For dette skuldar eg på kristendommen.
— Anne Oterholm
Eigentleg er det påfallande at ho kjente på noko slikt som ung. For ho var best i alt. Skuleflink. Raskast også i gymtimen.
– Var du samtidig ein outsider?
– Eg var ein av dei tre, fire kristne i klassen. På den måten var eg ein outsider. Bestevenninna mi var ikkje kristen, ho var ein av dei kulaste i klassen. Så eg var ikkje outsider på den måten. Men eg var stille, eg sa aldri noko.
– Kvifor?
– Eg var redd for å drite meg ut. At det eg sa, ikkje skulle vere godt nok.
– Og så blei du forfattar?
– Ja, dette blei eg ferdig med for lenge sidan. No seier eg noko over alt. Klarer ikkje å halde kjeft!

Oterholm har eit karakteristisk fødselsmerke midt i panna. Som barn skjulte ho det bak ein pannelugg.
– Eg hadde panneluggen heilt til eg var på interrail i Frankrike og møtte ein utruleg søt franskmann. Han spurte kvifor eg hadde pannelugg, og eg svarte at eg syntest det var litt dumt med det merket. Å, nei, det var vakkert, meinte han! Og sidan har eg aldri hatt pannelugg.
Ho ler. Ikkje lenge etter begynte ho i tillegg å studere fransk, og blei etter kvart utdanna cand.philol med hovudoppgåve om Marguerite Duras.
[ Miljøaktivist Penelope Lea fekk sine første hatmeldingar då ho var tolv år ]
Ville ikkje vere blant dei utvalde
Det var i 20-åra Anne Oterholm slutta å snakke med Gud slik ho hadde gjort som barn og ungdom. Det er ikkje lett å finne eit bestemt vendepunkt. Vi skal heller ikkje skulde på fransken og Duras. Og ho har ikkje hatt spesielt dårlege erfaringar frå kristne miljø. Snarare tenkte ho meir og meir på dei problematiske sidene ved trua. Ho blei sintare enn før.
Og ho blei meir opptatt enn tidlegare av det eksklusive ved å ha ei tru. Det blei vanskeleg at nokon skulle vere utvalde og andre stå utanfor.
– Eg ville ikkje vere blant dei utvalde, seier ho.
Oterholm har likevel ikkje meldt seg ut av Den norske kyrkja. Det er eit medvite val.
– Eg melder meg ikkje ut før eg veit noko som eg ikkje veit i dag, seier ho.
Eg spør om stadig les noko i Bibelen. Det gjer ho, frå tid til annan, og helst i Det gamle testamentet. Også i den nye boka si viser ho til ei av dei store forteljingane frå 1. Mosebok, om Josef og brørne hans.
– Eg les også i Salmane og innimellom i Jobs bok. Eg synest det er absurd kor mykje Job aksepterer.
– Kona hans meinte heller at han burde spotte Gud – og døy.
– Ja, eg ville kanskje ha vore på linje med henne. Men det er ikkje sikkert. Eg likar dei ulike stemmene.
Oterholm har ikkje berre éin bibel, men mange biblar heime.
– Eg eig ikkje så mange ting, men PC-en min og biblane mine likar eg. Ein av biblane fekk eg av farmor då eg blei konfirmert, i skinn med namnet mitt på. Farmor var død då, men bibelen låg klar til meg. Ein annan bibel tok eg over etter mormor. Han blei trykt i 1964, det året eg er fødd. Begge desse biblane likar eg svært godt. Og så har eg ein «vanleg» bibel, og ein på fransk. Den gamle barnebibelen min ligg nok i Ås.

Eit rom å utforske
Fire, fem biblar og medlemskap i Den norske kyrkja: Finst det stadig ei tru hos Anne Oterholm, ein rest av trua frå ungdommen, eller noko heilt nytt? Vi kjem endå ein gong inn på litteraturen.
– Trua er som å skrive romanar. Det er eit rom der, ei utforsking. Kva er det som går føre seg? Eg er ikkje uinteressert i det rommet. Men om eg skal kalle meg ein truande, vil eg ikkje nemne éi spesiell tru.
– Det høyrest ut som om du er redd for å bli fanga i noko du ikkje har definert sjølv?
– Ja! Det pregar heile livet mitt!
Ho ler.
Spørsmålet om Gud står uavklart for henne, og det nøyer vi oss med.
– Dersom eg skal finne ut av dette, må eg nok skrive fleire romanar. Elles kjem eg ikkje tett nok på, seier Anne Oterholm.
– Eg må tenke meg inn mot Gud gjennom skriftspråket, ikkje gjennom hovudet.
---
4 raske
- Gud er: Uavklart.
- Eg klarer meg ikkje utan: Astmamedisin.
- På gravsteinen min skal det stå: Her. Det har med utseiingsposisjonen å gjere.
- Boka alle må lese: Le criminel av Leslie Kaplan, som eg for tida prøver å omsette frå fransk til norsk.
---