Miljøaktivist Penelope Lea fekk sine første hatmeldingar då ho var tolv år

Dette intervjuet vart fyrste gong publisert 22. august 2021.

Utsikta er vid og fri heime hos Penelope Lea. Litt tilbaketrekt frå larmen og maset i hovudstaden, i nærleiken av Grefsenkollen, er det som å bu midt i naturen. Her er Lea i sitt rette element. Sidan ho var åtte, ni år gammal, har ho vore ein ivrig forkjempar for naturen og klimaet.

Ikkje alle har vore like glade for det. Det skjedde igjen i førre veke. Etter at TV 2 hadde intervjua henne om FNs nye klimarapport – omtalt av FNs generalsekretær som «kode raud for menneskeheita» – kom det så mange stygge og negative meldingar i kommentarfeltet at TV-kanalen måtte stenge det ned.

– Eg blir lei meg når eg får slike meldingar, for dei er ein trugsel mot unge stemmer som vil delta i samfunnsdebatten, seier Lea.

– Dei er ein trugsel mot demokratiet. Første gong eg fekk hatmeldingar, var eg berre tolv år gammal.

– Tolv år? Tullar du?

– Nei. Og det er mange som opplever det mykje tidlegare enn eg.

---

Penelope Lea

  • Miljøaktivist
  • 17 år
  • Bur i Oslo
  • Er vald til ambassadør for UNICEF
  • Aktuell med boka I hverandres verden

---

Motstandskraft

Den første tanken hennar då ho begynte å få hatmeldingar, var: «Har eg gjort noko gale? Har eg sagt noko som gjer at saka ikkje kjem godt nok fram?» Etter kvart forstod ho at det ikkje var slik. Ein lang periode reagerte ho med å ikkje lese kommentarfelt i det heile, at ho berre måtte tole det og ikkje vere lettkrenka.

– I det siste har eg tenkt at det ikkje er godt for meg det, heller. Eg kan ikkje berre akseptere at det er slik. Det er farleg, for kva er det eg aksepterer då? Om unge blir tvungne til å vere stille, mistar vi viktige samtalerom og motstandskraft i samfunnet vårt.

– Kvifor trur du somme menneske kan finne på å skrive stygge ting til deg i kommentarfelta?

– Det er eit vanskeleg spørsmål. Kvifor mobbar vi kvarandre i det heile? Eg trur svaret er samansett og enkelt på same tid, men eitt av svara er at vi er redde for endring. Kvifor er ikkje så viktig, men at vi må velje noko anna, er viktig.

Ho syntest ikkje innhaldet i FN-rapporten var overraskande å lese. Men ho håper at han kan bli ein vekkar, og gjere det lettare også for andre å forstå. Formidling er avgjerande for å berge klimaet, meiner ho.

– Rapporten gir meg eit moglegheitsrom til å snakke med utgangspunkt i kunnskapen eg sit på, og nå ut til andre.

Vil aktivere det gode

Lea vil rett nok ikkje berre bli høyrt. Ho vil medverke.

– For å løyse klimakrisa er det viktig at det også finst ungdom i vedtaksromma. Det handlar om livsgrunnlaget vårt. Det er ein presserande situasjon.

– Kva slags posisjon i samfunnet kunne du tenkt deg, om du fekk velje fritt?

– Eg har tenkt mykje på om eg vil jobba innanfor eller utanfor eit system. Vi treng begge deler for å skape endring. Sjølv heller eg mot å jobbe inni eit system. Så helst vil eg jobbe i FN, eller vere menneskerettsadvokat.

– Er politikken aktuell for deg?

– Ja. Og det kan hende at eg ein dag går inn i det politiske systemet. Men førebels vil eg engasjere meg i eit anna system.

Uansett kvar ho engasjerer seg – og ho er medlem også av Press, Changemaker, Natur og Ungdom og Framtiden i våre hender: Penelope Lea ønskjer å aktivere det gode. Ho er flink til å komme med ein positiv bodskap når ho snakkar om klimakrisa: Menneska får ikkje livet sitt innskrenka ved å endre seg i miljøvennleg retning. Derimot vil vi få eit betre liv.

– Eg synest det er svært viktig å rette søkelyset mot den framtida og den verda vi kan leve i. Ei solidarisk og berekraftig framtid som er bra for oss på mange område. Om vi klarer å gjere dette bilete tydeleg, er det også lettare å nå målet saman.

Samtidig er ikkje 17-åringen skvetten for å balansere mellom positivitet og realisme. Ho ønskjer ikkje å skape hysteri, og ho ønskjer ikkje at barn og unge blir deprimerte eller lei seg. Men det kan ikkje hindre henne i å informere om reell og viktig kunnskap om situasjonen vi er i. Det er ikkje ei god løysing å slipe ned bodskapet for å unngå å skremme folk.

– Om vi blir redde, handlar det om å bruke redselen på ein slik måte at vi handlar – ikkje at vi blir paralyserte.

Miljøaktivist Penelope Lea fotografert til Min Tro utenfor hjemmet sitt

– Barn er i akutt fare

Det sterke miljøengasjementet hennar blei vekt tidleg. Familien har vore glad i naturen og vore mykje ute på tur. Ho har sett David Attenborough-dokumentarar sidan ho var ein neve stor. Då ho i åtteårsalderen forstod at naturen var i fare, måtte ho gjere noko. Ho meldte seg inn i Miljøagentene, der ho fann eit fellesskap av likesinna. Ho blei såkalla «spesialagent» og blei deretter vald inn i Barnas Klimapanel. Sidan har ho ikkje sett seg tilbake. For to år sidan blei ho den første miljøaktivisten som har fått æra av å vere ambassadør for UNICEF.

– Klimakrisa er den krisa som angår barn og unge mest. Det er heilt avgjerande at vi blir lytta til, at vi blir forstått og at vi får vere med å påverke. Difor har eg veldig sans for organisasjonsarbeid. Krafta vi får ved å stå saman, den er ein del av trua mi, seier ho.

I dag lanserer UNICEF ein stor rapport om barn i klimakrisa. Ein indeks fortel om kor mange som er i fare på grunn av klimaendringane. Talet er oppsiktsvekkande, ifølgje Lea, som kjenner innhaldet i rapporten: èn milliard barn i 33 land er i ekstrem fare.

– Dei er akutt trua av klimaendringane. Dei er avhengige av at vi endrar kurs, seier ho.

Det er ikkje utan grunn at ho er så engasjert som ho er. Det står om liv.

Klimakrisa er den krisa som angår barn og unge mest.

—  Penelope Lea

Fall ned frå talarstolen

Den første gongen ho skulle halde ein tale, fall ho ned frå talarstolen. Ho trakka utanfor ein krakk ho stod på for å nå opp til mikrofonen. Ho var ti år.

– Heldigvis var det eit snilt publikum, for det var Natur og Ungdom sitt landsmøte. Eg kravla meg opp igjen og heldt talen ferdig, seier ho og humrar.

Sidan den litt vaklevorne starten har Lea fått treffe ei rekke sentrale norske og internasjonale politikarar og samfunnsaktørar, og snakka med dei om klimaspørsmål. Nokre av dei har ho intervjua i boka ho er aktuell med i desse dagar, I hverandres verden. Ho kjenner seg heldig som får jobbe med Noreg som utgangspunkt. På den andre sida kan ho også kjenne på ei viss skam, for Noreg med sine olje- og gassrelaterte klimautslepp, og med det høge forbruket vårt, er ikkje den snillaste i klassen.

– Vi har ein dobbeltmoral her. Vi ønskjer å stå fram som eit føregangsland, men på mange område heng vi etter når det gjeld klimatiltak, seier ho.

– Eg kan bli fortvila over det. Noreg er også ein versting. Den sjuande største eksportøren av klimagassutslepp i verda, rekna per innbyggar. Vi likar ikkje å høyre om det. Vi vil halde på godane våre.

Miljøaktivist Penelope Lea fotografert til Min Tro utenfor hjemmet sitt

Klimakamp som nestekjærleik

Ho har reist på internasjonale klimakonferansar sidan ho var tretten år. Ho hugsar kor sterkt ho gledde seg til det første klimatoppmøtet, og korleis ho blei oppmoda til å skrive dagbok under opphaldet.

– Eg skreiv at det var som å gå rundt i eit kjærleiksbrev. På klimatoppmøtet var så mange stands, og menneske som brenn for landet sitt, for naturen, for livet. Folk som kjempar så hardt for det dei er glade i. Eg kjente på ein overveldande kjærleik.

I Penelope Leas miljøaktivisme er det nettopp kjærleiken som ligg i botnen.

– Klimakrisa handlar om livsgrunnlaget vårt. Om alle venene mine. Om familien min. Og det som skjer med unge andre stadar i verda, skjer også med meg. Kjensla av kjærleik og solidaritet er hovudgrunnen til at eg starta med dette arbeidet, og hovudgrunnen til at eg ønskjer å halde fram med det.

– Det ligg ei form for nestekjærleik i klimakampen?

– Ja! Det gjer det.

– Mange kristne ser på jorda som Guds skaparverk. Kva tenker du om det?

– Eg er ikkje kristen sjølv, men har fleire kristne venner. Det er ingen ting som er betre enn om ein slik tanke gjer at ein tar betre vare på naturen. Det er kjempefint!

Lea opplever at ho deler mange av dei same verdiane og synet på livet med dei kristne vennene sine.

– Det handlar om å ta vare på kvarandre og kjempe for kvarandre. Å vere eit medmenneske. Solidaritet, fellesskap og motstandskraft. Det er trua mi.

Det samsvarer med kva slags tre ord ho ville brukt for å skildre seg sjølv: solidarisk, snill og motstandsdyktig. Andre har omtalt henne mellom anna som uredd, ambisiøs og ekstremt kunnskapsrik.

---

4 raske

  • Gud er: Ein som gir viktig kraft til mange
  • Eg klarer meg ikkje utan: Familien min og motstandskraft
  • På gravsteinen min skal det stå: Kvil i action!
  • Boka alle må lese: Akkurat no blir det I hverandres verden

---

Tru som drivkraft

Penelope Lea har stor respekt for religiøs tru, og meiner at trua kan vere ei avgjerande drivkraft også for mange miljøaktivistar. Ho set stor pris på å lære om kva andre trur på, og kva som er viktig for dei.

– Det handlar om å sette seg i andre sine sko. Tru er så personleg for så mange menneske! Sjølv er eg ikkje vaksen opp med Gud. Og eg har ikkje bedd til Gud, heller ikkje i pressa situasjonar, men eg har likevel bedd. Kanskje til verda? Eg veit ikkje heilt. Dette må eg tenke litt meir på.

Å respektere andre si tru, er ein del av det grunnleggande verdisettet som Lea bygger livssynet sitt på: Å ta vare på kvarandre, ta vare på det andre blikket.

– For å klare å løyse klimakrisa er vi også avhengige av alle dei ulike blikka, alle dei ulike ståstadene.

Den unge miljøaktivisten fortel at ho er glad i å sitte på kafé og kikke på folk som går forbi.

– Dei er uttrykk for det mangfaldet vi har klart å skape. Også samhaldet. Kjærleiken som finst i samfunnet.

Miljøaktivist Penelope Lea fotografert til Min Tro utenfor hjemmet sitt

Grunn til håp

Trua på mennesket er ein viktig del av det humanistiske livssynet hennar. Det er grunn til håp. Det er ikkje køyrt – enno.

– Eg får ofte spørsmål om eg har håp. Dersom vi ser på korleis på vi har handla basert på kunnskapen vi har i dag, er jo svaret soleklart nei. Men om eg svarer ut frå trua mi – trua på kva menneska kan klare om vi står saman – så kan vi klare det utrulege.

– Kva slags samfunn håper du at dine eventuelle framtidige barn får vekse opp i?

– Å, no skal eg drøyme mykje! Det er eit samfunn der vi deler med kvarandre. Eit samfunn der solidaritet og klimarettferd er heilt grunnleggande. Eit berekraftig samfunn der vi klarer å leve i eitt med naturen. Og ingen fleire krigar! Eg meiner ... no vil eg vere skikkeleg naiv! Fred!

– Har du ei utfordring til lesarane av avisa for at det skal bli slik som du drøymer om?

– Les deg opp på situasjonen vi er i, og bruk stemmen din, så vi kan nå eit felles kunnskapsgrunnlag og finne dei politiske løysingane som må til. Elles handlar det ikkje berre om å bruke stemmen sin ved politiske val, men også om kva vi gir merksemd og korleis vi samtaler med kvarandre. Det ansvaret og den stemmen kan vi bruke kvar dag.