Ein fallen ateist
Alister McGrath var ateist. No er han ein av verdas mest briljante teologar.
TEOLOG: Alister McGrath meiner at vitskap og religion lyser opp ulike delar av røynda. Begge er nødvendige.
Ryan Cowan
Alister McGrath hugsar ikkje sjølv kor mange bøker han har gitt ut. Fleire av dei er for lengst blitt standardverk for teologistudentar rundt om i verda, slik som Christian Theology: An Introduction og Science & Religion. Den britiske biologen og teologen har hatt ei rekke prominente posisjonar på ulike eliteuniversitet i Storbritannia, som Oxford, Cambridge og King’s College i London. Den anglikanske kyrkja ville gjerne hatt han som biskop.
Det er med andre ord ein stor fisk Vårt Land har fått på kroken – ein av verdas mest briljante teologar, ifølgje ei uoffisiell kåring.
Aller best kjent er McGrath moglegvis for polemikken mot nyateisten Richard Dawkins i etterkant av boka Gud – en vrangforestilling (The God Delusion) i 2006. McGraths motbok The Dawkins Delusion?, som han skreiv saman med psykologkona Joanna Collicutt, blei ein internasjonal bestseljar. Tidlegare hadde han gitt ut boka Dawkins’ God, ei akademisk utgreiing av synet hans på vitskap og religion.
Bestill abonnement her
KJØP