Då Trygve Skaug vart kalla ein hyklar, slutta han som lovsongsleiar

– All ære til dei som ber den merkelappen, for det er eit stort ansvar, seier poeten.

Min tro

Dette intervjuet ble først publisert i april 2020.

11 år gamle Trygve sit i eit skur bak huset i Båstad. Storebroren, som nettopp er komen heim frå bibelskule, kjem ut bakdøra. Han tenner opp eit bål der familien brukar å brenne kvistar og slikt når dei skal rydde rundt huset. Trygve seier ingenting, rører seg ikkje. Broren går inn i huset og kjem attende med hendene fulle av plater. Han kastar dei på bålet.

Trygve sperrar opp auga.

Idet broren går inn for å hente meir, smett 11-åringen fram frå gøymestaden og plukkar raskt og forsiktig ut dei covera han tykkjer er finast. Count Basie, Toto, David Foster. Han spring tilbake til skuret og ventar. Framfor han går mesteparten av Trøgstads største platesamling opp i røyk.

Trygve Skaug smiler då han fortel om episoden, 25 år etter. Mange av platene han redda frå flammene, er han framleis veldig glad i. Han skildrar kjensla som ambivalent, der han sat som 11-åring og gøymde seg for «broderen». – Broren min meinte denne musikken var djevelens verk, og eg gjekk og tok dei med inn att i huset. Dette var cd-ar som eg høyrde på i smug, på discmanen min på rommet mitt. Eg torde ikkje å vise det til han, for han var veldig tydeleg på at han skulle brenne og knekke dei. Noko han angrar som ein hund på i dag.

Han fortel om timar med jazz og Jean-Michel Jarre på øyrene. Det var mykje «psykedelisk synth», som han uttrykker det. – Det kjendest ut som eg sat på guterommet og rusa meg med Satans verk, seier han og held seg rundt øyrene og snurrar på hovudet. Han smiler. – Du let deg ikkje påverke av bror din? – Nei, det var jo så fin musikk! Eg fekk desse platene gratis utan at nokon visste om det. Med litt røykskadar, men likevel... Eg redda dei ut av helveteselden, på ein måte.

Skrivestove

Då Trygve Skaug sist vart intervjua til Min tro, var han 25 år og frontfigur i bandet StMorritz. I dag er han ti år eldre og ein av Noregs mest populære poetar. Den siste diktsamlinga hans, Ikke slipp, vart utseld frå forlaget på berre tre dagar då den kom tidlegare i år. Kritikarane er ikkje alltid like begeistra, men tilhengarskaren av 120.000 menneske på Instagram er av ei anna oppfatning. – Klarar diktet å setje ord på noko i ditt liv, er det eit viktig dikt for deg. Det finst ikkje nokon fasit, sa Skaug til Vårt Land i februar.

Vi møter han i skrivestova i Ørje. Eit lite rom, som tidlegare var herredusjen i fabrikkbygget han held til i. To dusjar heng framleis på veggen, med gamle rør snirklande rundt oppe ved taket. Han deler bygget med ein byggmeister, grafiske designarar og Ørje Bil og Lakk, for å nemne nokre.

Det kjem ein jamn dur frå billakkeringshallen på andre sida av veggen.

Det ligg leiker på golvet. To av Skaugs eigne dikt er ramma inn på veggen. Bob Dylan står fremst i platesamlinga. Mange bøker prydar forskjellege arbeidsbord og hyller. – Eg kan sjå på bokryggen, og så kjem heile historia som eg vart rørt av då eg las den. Eller eg kan reise tilbake til Træna, seier han og peikar på eit bilete på veggen. – Eller Øyeren, min barndoms innsjø, seier han og peikar vidare. Om han stadig har ein plass å flytte blikket, er det lett å skrive noko nytt. I to år har han brukt skrivestova som arbeidsplass. Han og familien bur like ved.

Duren frå bilverkstaden tek seg opp igjen etter ei lita pause. – I starten var eg litt spent på den lyden der, om eg kom til å plagast av den, seier Skaug, før han blir avbroten av bankinga frå ein driven og bestemt hammar. – Men det går greitt, altså, held han fram når latteren har stilna. – Det er fint å tenke på kva han gjer der inne. Han rettar opp bulkar, liksom. Og så sit eg her og prøver å gjere det same. Det kjennest slik ut.

Ingen merkelappar, takk

Han vaks opp i Båstad i Trøgstad, ei bygd i indre Østfold, som minst av fire sysken. Eitt av dei finaste minna han har frå barndomen, er dei laurdagane han fekk vere ekstra lenge oppe. Då hadde dei andaktsstund i stova. Skaug og syskena hadde kvar sin godnattsong, som alle song saman. Og morfars favorittsong, «Som når eit barn kommer hjem om kvelden», var også alltid på repertoaret. Dei las bøker om Bartolomeus og Sakkeus. Så ba dei kveldsbøn og Fader vår til slutt.

Skaug fortel om ein familie som var del av eit lite, kristent miljø. Alle i miljøet deltok på alt i bygda, uansett om det var i kyrkja eller på bedehuset til Norsk Luthersk Misjonssamband. Det var barneklubb og søndagsskule, og gudsteneste i kyrkja annankvar søndag. Når presten preika, sat Skaug og ein kamerat på galleriet og spelte kort. Dei fekk ein After eight-sjokolade om dei greidde å vere stille.

Han har berre gode minner frå kyrkja. Men han grudde seg til å byrja på skulen. – Eg merka fort på bror min at merkelappen «kristen»... Han let det henge i lufta. – Han fekk gjennomgå på barneskulen. Fordi han var kristen. Denne broren er fem år eldre enn Skaug og er ikkje den same som brende platene på bålet. – Vart du mobba? – Ja, absolutt.

Han fortel om ein episode som har sett spor. Ein fredag ettermiddag heime høyrde han plutseleg nokon rope utanfor. Han gjekk bort til vindauget og såg fire ungdomar stå på toppen av bakken som går ned til huset. Det var mørkt ute og ungdomane ropte: Jesus, Jesus, Jesus! Skaug løftar hendene i veret og ropar taktfast for å demonstrere. Til slutt sto heile familien i vindauget og såg ut. – Det var ei kjensle av at nokon dreit oss ut, alle seks. Så gjekk pappa ut, og då pila dei sjølvsagt vekk. Dei kom aldri tilbake. Men det var nokre sekund som kjendest endelause. Eg følte meg trua, på ein måte. – Korleis har dette prega deg? – Eg er kanskje litt ekstra var på å ikkje bli misforstått. Eg likar ikkje å bli tillagt meiningar som eg ikkje har. Eg helser på folk og seier at eg heiter Trygve, ikkje Trygve Skaug frå Båstad, eller med merkelappen musikar, gitarist eller kristen. Eg vil at folk skal bli kjend med meg først.

Hyklar

Tidlegare var Skaug lovsongsleiar, mellom anna i Oslo misjonskyrkje Betlehem og på ulike kristne sommarstemner. Det slutta han med for nokre år sidan. – Kvifor? Han startar og kortsluttar eit par setningar før han kjem i gang. Så fortel han om eit seminar han hadde for 7-8 år sidan, på ei ungdomssamling. Temaet var lovsong. Eit halvt år etter seminaret, vart han konfrontert med at fleire av ungdomane hadde sett han på ein pub. Det var ikkje alle like nøgde med. – Og litt seinare fekk eg meldingar av ein kamerat som sa: No pratar dei om deg i fellesskapet mitt. Reaksjonane kom frå to forskjellege miljø, og ingen av dei hadde delteke på lovsongsseminaret. Men konklusjonen var den same begge plassane: Trygve Skaug var ein hyklar. – Då kjende eg: Det er eg ikkje. Eg er meg sjølv. Eg har mitt forhold til ting, som eg står for. Han byrja å sjå seg over skuldra når han var ute blant folk. Til trass for at han treivst i misjonskyrkja i Oslo, bestemte han seg for å slutte som lovsongsleiar. – All ære til dei som ber den merkelappen, for det er eit stort ansvar. Ikkje at det er pålagt frå nokon, men det viser seg å vere slik. I kristen samanheng er det brått litt slik at viss du har eit verv ein stad, så snakkar du på vegne av heile organisasjonen. Og det er slitsamt, seier han. – Då er det lettare å berre vere Trygve Skaug. Gi ut ting, meine ting, ha andaktar på radio som Trygve Skaug og ikkje som han som er med i den kyrkjelyden.

Spørsmålsteikn

I det førre Min tro-intervjuet sa Skaug at han var i kontakt med Gud både når han skreiv lovsongar og når han skreiv andre låtar. – Er det framleis slik? – Du må kanskje snu det på hovudet: Uansett kven eg skriv for, så veit eg at Gud er i kontakt med mitt liv. For det er eg heilt sikker på. Som barn hadde Skaug eit ope forhold til tru. Då han vart litt større og syskena gjekk på bibelskule, byrja han å forstå at det fanst ulike grupperingar. Sjølv vart han aldri del av eit pinsemiljø, som dei. – Det var vel den bålepisoden som skremte vettet av meg, seier han og ler. Han forsikrar oss om at broren har gitt han lov til å snakke om dette. – Det oppsto nok ein allergi mot det karismatiske. Om eg er blant skråsikre folk, så trekk eg meg unna. Det er ikkje alle som er skråsikre som har rett. Dei har berre veldig høg stemme. Eg kan ha det sjølv òg, men eg håper eg drysser nok spørsmålsteikn over det eg gjer slik at folk tenker litt sjølve.

Det oppsto nok ein allergi mot det karismatiske

—   Trygve Skaug

I dag er trua hans mykje mindre konkret enn før. Han går inn i trua med eit ope sinn, alltid klar for å lære noko nytt. – Eg er nok mykje mindre redd for det som kan rokke ved trua. Det kjennest berre godt om trua blir herja med. Anten blir den ståande, eller så dett det kanskje av ein bit som ikkje var så viktig i utgangspunktet.

Skaug tykkjer det er vanskeleg å finne orda når han skal snakke om eiga tru. – Men eg har eit avslappa forhold til at det er vanskeleg. Det er ikkje noko som stressar meg lenger. Gud må vere for liten om eg greier å skildre han, om du skjønar.

Jo meir Skaug oppdagar at han sjølv kjem til kort, jo større blir Gud. Som han skriv i eitt av sine dikt:

For det er det utrolige

med deg

at du faktisk har plass

til hele mørket mitt

i lyset ditt

Då får han sinte e-postar, der det står: Det er ikkje slik det heng saman, Gud er ikkje slik!

Han svarar sjeldan på det. Men han er ikkje einig. – Om ein kan skrive ned korleis Gud er, så er det iallfall ikkje den guden eg trur på. Det er veldig hyggeleg at folk responderer, men eg trur vi forstår eller erfarar kvar vår del av Gud. Eg er veldig komfortabel med å ikkje forstå. Det beste med Gud er at han er mykje, mykje større enn mi fatteevne.

Alt som bringer noko godt inn i menneskes liv, kjem frå Gud. Trur Skaug. – Kva med det som ikkje er godt? – Eg trur ikkje at det vonde som skjer, er plassert der av Gud. Men eg slit veldig med konkret bøn. Det at Gud tek seg bryet med å få økonomien til naboen til å gå i hop slik at han får kjøpt den nye bilen, medan han overhøyrer ropa frå jenta i slummen i Filippinane. Dei ytterpunkta... Han sukkar. – Det heng ikkje på greip at Gud er så konkret inne i liva våre, for då hadde han ikkje tatt så dårlege val. Eg trur ikkje Gud prioriterer.

På Facebook og Instagram får Skaug ofte meldingar frå lesarar som fortel om psykiske problem. Fleire har opplevd overgrep i oppveksten. – Innboksen min er blitt ei stadfesting på at eg ikkje trur på ein Gud som følgjer så dårleg med. Så då må det vere skrudd saman på ein annan måte. For eg trur jo på Gud. Eg trur at det gode i verda finst på grunn av han. – Du har aldri tvila? – Jo, det kan eg ha gjort. Men i dag trur eg at han finst. – Når er det vanskeleg å vere kristen? – Det vil vel alltid vere litt vanskeleg å vere kristen, vil det ikkje? Det er ikkje minste motstands veg å vere det. Ikkje i mitt liv, iallfall.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Min tro