Det ligg ein mørkeblå himmel over Bergen. Klokka er like over 07.00 og bilkøane byrjar å vekse innover mot sentrum.
Like ved den gamle byporten ligg eit gamalt, stort hus med svarte bokstavar. Lagshuset.
Eit og eit rom i det store livnar til med lys.
Her bur 12 unge vaksne med eit mål om å leve saman for Jesus.

Frå romma kjem nokre med kvikke, andre med trøytte steg, og biblar i hendene.
– Kan vi be for Grill en kristen? Det er mange som skal grillast denne veka, seier ein.
– Eg skal ha lagssamling på studieplassen min, kan vi be for det også? seier ein annan.
Etter å ha sunge to lovsongar lukkar dei auga og folder hendene.
Kvar dag startar slik, med ei bønestund der dei legg dagen i Guds hender.

Vanskeleg å få plass
På døra inn til Asgeir og Annlaug sitt kontor heng ein stor plakat; Laget 100 år.
2024 er eit stort jubileumsår for den kristne elev- og studentorganisasjonen. Med drøyt 4000 medlem og 230 lag, samlar dei folk på skular og studiestader for å sørge for at unge skal kunne utøve trua si. Dette er eit arbeid gjengen i kollektivet er engasjert i.
Dette har blitt viktig for Asgeir Nygård (22) som er trainee i Laget. Han ler litt når han fortel om korleis han endte opp i Lagskollektivet.
– Eg fekk no plass her, men veit ikkje heilt kvifor, eg var ikkje kristen då ein gong.
Han ser bort på Andreas Hellesøy (20) og Annlaug Åm Risa (21) som også bur i kollektivet.
– Det er nokså vanskeleg å få plass i Lagskollektivet, seier Asgeir.
– Vel..
Andreas nøler litt.
– Ja, eller eg måtte signere på ein haug med A4-sider, legg Asgeir til og ler.

– Ein må skrive under på at ein skal delta på bønemøte kvar morgon, vere engasjert i verv osv., forklarar Annlaug.
Både Andreas og Annlaug fortel begge at dei hadde fått eit kall frå Gud til å engasjere seg i Laget. Annlaug fekk det då ho gjekk på disippeltreningskule (DTS) og Andreas då han satt og ba på rommet sitt på Kongshaug Musikkgymnas.
Dei var bevisste på korleis livet i det kristne kollektivet skulle vere.
Kom bakfull inn i kollektivet
For Asgeir var situasjonen annleis. Han hadde ikkje noko forhold til Laget og rekna ikkje seg sjølv som kristen før han flytta inn.
– Eg var oppvaksen i ein kristen familie, men eg hadde ikkje noko levande tru.
Asgeir vaks opp i Vesterålen, ein liten stad i Nord-Noreg, og fortel at det ikkje var noko kristent fellesskap blant unge då han vaks opp. Han kjente ikkje til Laget då han var yngre.

Då russetida kom, stakk han og ein kompis på Landstreff for russen.
– Vi vart veldig fulle. Spesielt kompisen min, så han trengte hjelp.
Her hadde Krussen, som er i regi av Laget, eit eige telt der dei fekk hjelp. På dette tidspunktet hadde han tenkt å bu heime og jobbe etter vidaregåande, men her møtte han ein som skulle gå bibelskule i Bergen.
– Då tenkte eg «det skal eg også».
Utan å vere kristen bestemte han seg for å gå på bibelskule og trengte difor ein stad å bu i Bergen. Då mor hans studerte i Bergen var ho aktiv i Laget og ho tipsa om å søke plass på Lagshuset.
Asgeir pratar engasjert og ler litt når han fortel om korleis det heile skjedde.
– Då eg kom hit kom eg rett frå fest, bakfull og heile pakka.

Og snart vart alt snudd på hovudet.
– Så kom eg hit og møtte gjengen og på under ei veke hadde eg gjeve livet mitt til Jesus.
Vil gå all in
– Eg lever ikkje lenger for meg sjølv, Jesus lever gjennom meg.
Målet til Asgeir er å gå all in for Jesus.
– Korleis ser det ut?
– Det er ein prosess kvar dag å ta opp sitt kors og følgje Jesus.
Annlaug ler litt og bryt inn.
– Ta opp korset og dra deg ut av senga og kome på bønemøtet.

Det svingar mellom spøk og alvor i samtalen, men Asgeir er tydeleg når han fortel om å gi sitt liv for Jesus. Det er difor han jobbar i Laget no; han vil vere misjonær.
– Eg hadde aldri noko å gjere med Laget i min ungdom, men difor ser eg veldig verdien av å ha det.
Rundt i heile Noreg har Laget samlingar på studiestader og skular med eit mål om at unge kristne skal få utøve si tru. Dette skjer ofte i storefri i skulane.
I tillegg til dette fokuserer elev- og studentorganisasjonen på trusforsvar og disippelgjering.
Blir grilla i kvardagen
– Kva er dykkar mest kontroversielle meining?
Elevane i ein religionsklasse på Amalie Skram vidaregåande skule sit spente og ventar på svar.
Det er religionstime, og saman med to Andre sit Annlaug i panelet i «Grill ein kristen», eit konsept Laget har der dei reiser rundt på skular og svarar på spørsmål som elevar har om kristen tru og praksis.
Ho lener seg tilbake i stolen og ler.

– Vel, han eine eg bur med skal vente med å kysse til ekteskapet.
Nokre elevar ser litt rart på kvarandre.
– Så de meiner det er galt å kysse før ein er gift? Spør ein annan elev.
– Eg meiner ikkje det, legg teologiprofessor Gunnar Innerdal til. Han er også i panelet.

I ein time får dei spørsmål om blant anna bevis på at Gud har skapt verda, om sex før ekteskapet og om dei trur at dei sit på sanninga.
Elevane er skarpe, skeptiske og nysgjerrige og når timen er slutt sit fleire med handa i vêret.
---
Laget NKSS
- Kristen elev- og studentorganisasjon som jobbar for å spre bodskapen om blant unge
- Har samlingar på skular og studiestader
- Vart etablert i 1924 og har 100-årsjubileum i år
- Rundt 230 lag på studiestader og skular rundt i Noreg
- Ca. 4000 medlemer
---
– Gav ikkje Gud autoriteten han fortener
Som trainee, er det å verte grilla på denne måten ein del av kvardagen til Annlaug og for ho ein del av å vere Jesu disippel.
– Eg trur det å bli disippelgjort er å ha den tanken om at Jesus ikkje er ein som sit på i bilen, men ein som køyrer bilen som du kan lære av.
Men dette fokuset har ho ikkje alltid hatt.
Annlaug fortel om at då ho vart med i ei disippelgruppe i Laget forsto ho at prioriteringane hennar var feil.
– Eg såg korleis eg var bevisst kristen, men eg var ikkje disippelgjort i det.
– Eg levde ikkje med Han i kvardagen.

Ho pratar om korleis ho vart oppslukt i seriar og filmar og at dette forma gudsbilete hennar på feil måte.
– Det vart feil og det gav ikkje Gud den autoriteten han fortener. For liksom, Han skapte universet eg trur han veit betre enn meg.
– Preach, kjem det frå Asgeir.
Hjelper kvarandre ut av synd
– Å ta opp krossen vil og seie å verte likare Jesus.
Andreas og Asgeir nikkar når Annlaug pratar.
– Og i eit slikt fellesskap der vi lev så tett på kvarandre, er det enklare å hjelpe kvarandre også.

Asgeir fortel om korleis dei jobbar saman for å leve i lyset og å leve som heilage.
– Det vi gjer er at vi lever som menneske, men vi lever saman om det.
Han ser bort på Andreas.
– Eg bekjenner synd til Andreas, og så er Andreas med på å ansvarleggjere meg på det, og så går det begge vegar.

Andreas nikkar.
– Kva gjer du om du meiner venen din går på den breie veg?
– Då tek eg han gjerne til sida og spør korleis det går, fortel Andreas.
Asgeir fortel at det ikkje alltid er like lett.
– Når Andreas formaner meg, gjer han det i kjærleik. Det gjer jo det ikkje lett å ta i mot der og då, men eg har tru på at Andreas og Annlaug gjer det fordi dei vil det beste for meg.
Har snakka med alle gutane om grenser
– Når ein bur saman jenter og gutar, kan det oppstå litt misforståing, seier Annlaug. Alle tre bryt ut i latter.

Ho fortel at det gjeld både når det kjem til flørting og å verte irritert på kvarandre.
– Eg har snakka med alle gutane eller dei har teke opp med meg i forhold til grenser, kor ein står, intensjonar osv...
Eit radikalt kollektiv
– Kombaya my Lord, Kombaya...
Kvelden har senka seg over byen. I kjellaren, som ein gong var ein stall, i det gamle Lagshuset står eit førtitals unge vaksne og lovsyng saman.
Kvar måndag arrangerer Lagskollektivet Stallen, ein møtestad der saman ber, lovsyng og samlar seg rundt Ordet.
Som ellers i kvardagen i kollektivet, er målet å rette fokuset mot Jesus.
– Stallen er ein stad der ein kan komme som ein er, men det er og ein stad der Gud transformerer deg eller ynskjer at du skal verte meir lik Han, fortel Asgeir som er leiar for Stallen.
Som ein del av kollektivet har alle kvar sitt ansvar på Stallen. Dette kan vere frå praktiske til andelege ansvar, som til dømes kyrkjekaffi eller forbøn.

– Paulus skriv om alle sine verdslege merittar, men alt reknar han som skrap mot det som er så mykje meir verdt, å kjenne Kristus, fortel Andreas.
Som kollektivleiar er dette målet hans.
– Det er der vi er, eller hehe, det er der vi er på veg, legg han til.
Då Andreas var trainee i Laget i fjor ville han bu på Lagshuset, men vart sterkt frarådd å både jobbe i Laget og samstundes bu her. Han ler litt når han fortel om det.
– Det kan jo verte litt mykje Laget.

Men han følte Gud sa han skulle bu der.
– Er det ein fare for at dette vert eit ekkokammer?
– I kollektivet er alle relativt radikale kristne, men eg vil ikkje sei at vi er eit ekkokammer, for vi er veldig ueinige teologisk sett.
Dei fortel om at det er usemje om både dåpssyn og synet på nattverd.

– Laget er jo økumenisk, og i det så veit vi at vi kan vere ueinig i mykje.
Asgeir og Annlaug nikkar og stadfestar det Andreas seier.
Sjølv om dei er ueinige i nokre ting, er dei einige om det dei meiner er det viktigaste.
– Vi er av studentar for studentar. Vi er alle litt på same stad, vi er studentar som ynskjer å følgje Jesus.
Les óg om da Laget blei starta for hundre år sidan: Skilsmissen som sementerte frontene i Kristen-Norge