Min tro

Utøya utfordra trua

Torleiv Ole Rognum held fast i Bibelen når han er omringa av død. Men etter drapa på Utøya tenkte han: Korleis kan Gud sjå på dette?

Bilde 1 av 2

Det er sommar, og Torleiv Ole Rognum er på veg heim til Asker frå hytta i Risør. Klokka nærmar seg halv fire på ettermiddagen. Han skrur på radioen. Dei snakkar om ein eksplosjon i sentrum av Oslo.

– Eg skjønte med ein gong at her blir det mykje å gjere, seier rettsmedisinaren.

Kvar gong noko skjer, veit han at Kripos snart er på tråden.

Dobbelt opp

Rognum har vore involvert i arbeidet med nokre av dei mest kjende kriminalsakene dei siste 30 åra i Noreg. Orderud-drapa, Christoffer-saka og drapa i Baneheia har alle vore på hans bord. I tillegg var han i Thailand etter tsunamien og i In Amenas etter terrorangrepet der i 2013.

Rognum reknast som ein nestor i sitt fag.

LES MIN TRO MED MINA FINSTAD BERG: Vender seg ofte til Gud, selv om hun ikke får svar

Etter terrorangrepet mot regjeringskvartalet og Utøya for fem år sidan, leia han arbeidet på Rikshospitalet med identifisering og obduksjon av offer. Dei kartla alle skotskadane. I rettssaka i Oslo tingrett året etter forklara han skadane til kvart enkelt offer. Det tok fleire dagar.

– Korleis var Utøya annleis enn dine tidlegare oppdrag?

– Det var her heime, og det var drap. Det var dobbelt opp, seier Rognum.

Det sterkaste bilete han sit att med etter julidagane i 2011, er dei unge menneska.

– Og det at vi forsto kva som hadde skjedd når vi såg skadane. Vi såg at dei hadde vorte skotne på avstand først, deretter på kloss hald. Eg såg desse unge menneska og... Kva skal ein seie?

Bibelhistorie

Vi rekk å kome før han heim til huset i Asker, der han bur saman med kona Elsa. Nokre minutt etterpå trillar elbilen lydlaust inn bak oss. 68-åringen har hatt ei travel veke med korrekturlesing av ei lærarbok for medisinstudentar.

Det er hage rundt heile huset. I eine hjørnet er det ei basketballbane, som dei laga til den yngste sonen.

– Men no er han 33 år, seier Rognum og smiler, og peikar mot gravemaskina som står lenger borte.

Snart skal hagen bli ny.

Foto: Erlend Berge

Vi set oss i ned i vinterhagen, ein krok av stova som er godt varma opp av sola som har stått på gjennom dagen. På veggen ved sidan av Rognum heng bilete av barn og barnebarn. Alle dei fire barna hans jobbar i dag med helserelatert arbeid. Den yngste sonen er lege, som far sin.


 – Eg hadde ei veldig sterk tru, iallfall fram til eg var tolv år. Då vingla eg litt i ei periode


Rognum sjølv var inspirert av misjonslegen Albert Schweitzer, som vann Nobels fredspris i 1953. Allereie då, fem år gammal, bestemte Rognum seg for å gå i hans fotspor.

Men det gjekk trått på skulen dei første åra.

– Eg var nok litt seint utvikla. Eg måtte til dømes slutte i musikalsk barnehage fordi eg ikkje var moden nok, fortel han.

– Men i bibelhistorie var det ingen som slo meg.

LES MIN TRO MED RUNE GOKSTAD: – Eg har slutta å be til Gud

Far til Rognum var søndagsskulelærar, og han tok sonen med seg til kyrkja frå han var to år gammal.

– Eg hadde ei veldig sterk tru, iallfall fram til eg var tolv år. Då vingla eg litt i ei periode. Men som 15-åring bestemte eg meg.

Møtte Jesus på hybelen

19 år gammal var han kristenruss og tok artium heime i Noreg. Men han ville ut i verda. Same år reiste han til Wien for å studere medisin. Tida i Austerrike skulle bli ein av dei viktigaste periodane i livet hans.

– Det var eit veldig spesielt miljø i byen den gongen. Vi var veldig mange norske, og eg hadde vener frå mange land, fortel han.

Det var eit tøft studium. Dei måtte ofte stå meir enn ein time i kø for å plass i førelesingssalane. Rognum tenkte mykje over livet.

– Eg gjekk rundt i forskjellege kyrkjer og leita etter svar. Eg følte vel at eg måtte bli betre enn eg var, at eg ikkje strekte til.

Ein kveld, den første hausten i byen, var han åleine på hybelen der han budde. Plutseleg vart det lyst i rommet.

– Det var som om ei svær hand løfta meg opp, seier Rognum og viser med sine eigne hender.

– Der og då gjekk det opp for meg. Jesus var ikkje komen for at eg skulle vere superkristen. Han var komen fordi eg var svak.

– Kva tenkte du då?

– Eg vart veldig glad. Og så svevde eg i fjorten dagar etterpå, ler han.

Han siterer salme 40 frå Bibelen.

«Eg venta og vona på Herren. Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop.

Han drog meg opp or den tynande grav, opp av den djupe gjørma.

Han sette mine føter på fjell og gjorde mine steg faste.»

– Eg tenkte: ah, det var det eg opplevde, seier Rognum.

Alt han opplevde i Wien, fekk han til å gå vekk frå draumen om å bli misjonslege. Uroa han kjende på, trongen til å utforske verda som hadde vore der frå femårsalderen, minka.

Lengt etter påskemorgon

Påska 1990 skulle bli eit vendepunkt. Det var palmelaurdag då Rognum og kollegane vart bedne om å reise til Lysekil i Sverige, der båten Scandiavian Star vart taua inn etter at det hadde byrja brenne om bord. Dagen etter var brannen nesten sløkka, og dei kunne byrja arbeide.

– Vi fann menneske som låg i ein haug, som ikkje hadde klart å finne utgangen. Andre stadar var det berre haugar med knoklar. Vi sat der med skei og grov i oska for å finne heile kroppar. Det var veldig spesielt.


– Med så mykje død rundt meg, fekk eg ei fysisk lengt etter påskemorgon


På andre sida av hamna låg Lysekil kyrkje. Rognum kan framleis hugse lyden av kyrkjeklokkene.

– Eg gløymer aldri den kyrkja, og heller ikkje andakten vi hadde for alle dei avdøde før dei vart køyrde heim til Oslo. Skjærtorsdag var vi ferdige. Med så mykje død rundt meg, fekk eg ei fysisk lengt etter påskemorgon. Livets siger over døden, fortel han.

LES MIN TRO MED SUSANNA WALLUMRØD: – Jeg finner trøst i at vi alle skal dø

Etter oppdraget skulle han eigentleg ta toget heim til Asker, men han enda opp med å køyre. Då han kom til Lysaker, nesten heime, vart han møtt av to tog som sto rett i veret. Dei hadde nettopp kollidert.

– Eg hoppa ut av bilen og var første lege om bord i det eine toget. Der låg ein mann som var fullstendig fastklemt, men bevisst. Han heldt på å gå i sjokk. Då ambulansen kom med førstehjelpsutstyr, fekk eg være med å gi han væske intravenøst, og var der til brannvesenet kom, fortel han.

Mannen overlevde.

– Det var spesielt å kunne vere med på å redde eit liv, etter all døden på båten.


4 raske

Gud er: Kjærlighet

Eg klarar meg ikkje utan: Jesus

På min gravstein skal det stå: «Vi møtes igjen».

Boka alle må lese: Bortsett frå Bibelen, som er nummer ein, så kan eg ta ei eg las for ikkje så veldig lenge sidan, nemleg biografien om Dietrich Bonhoeffer, av Eric Metaxas.


Las Bibelen kvar morgon

I Thailand, rett etter tsunamien i jula 2004, var Rognum raskt på plass etter katastrofen. Tusenvis låg døde på bakken i 35 varmegrader.

– Det var veldig tungt fysisk arbeid. Lange dagar og mykje venting, fortel han.

I starten var ingenting systematisert. Pårørande gjekk rundt og leita etter sine, og journalistar kom og spurde om intervju.

LES MIN TRO MED SENTRALBANKSJEFEN: På hytta får han alltid en tåre i øyekroken

Rognum ville lese i Bibelen og be kvar morgon, sjølv om dei måtte reise klokka seks. Han måtte ha noko å halde i.

– Det var heilt nødvendig.

– Du har sagt tidlegare at du måtte fordjupe deg i trua då du var der. På kva måte hjelpte det?

– Eg las veldig mykje i Johannesevangeliet, frå kapittel 14 og utover. Avskjedstalen som Jesus heldt til disiplane sine. Der står det mellom anna: «Dette har eg sagt dykk så de skal ha fred i meg. I verda har de trengsler, men ver frimodige: Eg har sigra over verda!». Det var eitt av orda eg heldt fast i.

Utøya utfordra trua

Som 34-åring fekk Rognum kreft, med spreiing til lungene. Han hadde då fire små barn, den yngste var berre seks veker gammal. Kva er meininga med dette, tenkte han. Ein ny kur gjorde han frisk, mot alle odds.


– Korleis kunne Gud sjå på dette? Korleis kan han tillate dette? Det skal eg innrømme at eg tenkte


Seinare har han jobba med mange saker som kan kjennest urettferdige. Kvifor vart Christoffer mishandla til døde? Kvifor var ikkje Scandinavian Star i betre stand? Kvifor skulle ikkje ungdomane på Utøya få leve vidare?

– Kva kan utfordre trua di?

– Utøya utfordra meg.

– På kva måte?

– Korleis kunne Gud sjå på dette? Korleis kan han tillate dette? Det skal eg innrømme at eg tenkte. Men vi har ikkje alle svara. Er det noko betre om han ikkje er der, når ein tenker på Utøya eller tsunamien, spør han.

Sjølv ser han ikkje noko alternativ. Men han tykkjer det er mykje liding i verda.

– Mykje uforståeleg. Men det er menneskeskapt. Ikkje tsunamien, men terrorangrepa er vår eigen aggresjon.

Eit kall

Etter medisinstudiet og eit doktorgrad i patologi, ville Rognum bli barnelege. Så fekk han tilbod om jobb på Rettsmedisinsk institutt. Kollegaene meinte det kanskje var lurt av han å ta den, sidan han hadde små barn og det var risiko for tilbakefall etter kreftsjukdommen.

– Det var litt feigt, kanskje. Men så kom eg til rettsmedisinsk institutt midt opp i ein krybbedød-epidemi. Opptil tre barn døydde kvar dag. Eg hadde jo erfaring frå barneklinikken, så då vart eg fanga i forskinga om krybbedød og blei i rettsmedisinen, fortel han.

LES MIN TRO MED LIVE MARIA ROGGEN: En åpenbaring på bussen endret hennes livssyn totalt

Gjennom heile karrieren har Rognum hatt eit stort engasjement for barn. Eit kall, seier han sjølv. I dag jobbar han ved ei avdeling som har eit nasjonalt ansvar ved plutseleg, uventa barnedød.

– Eg har jobba med dette så lenge at eg ber på ein del historier. Det dukkar opp i meg av og til. Eg veit om små barn og babyar som vart mishandla til døde, men der sakene vart lagt vekk. Fordi ein ikkje visste kven ein skulle tiltale, fortel han.


– Sakene der det er mistanke om mishandling av barn, treff meg hardt


I dag er dette betre, ifølgje Rognum.

– Eg jobba mellom anna med Christoffer-saka. Den var lagt vekk i fire år, meldt som sjølvdrap. Men vi visste det ikkje var det. Til slutt vart det så mykje press at dei tok ut tiltale mot både stefar og mor. For ei mor som har sett på dette, er medskuldig.

Fem prosent av alle barn i Noreg blir sparka, lugga og alvorleg mishandla. Nokre få døyr eller blir skada for livet.

– Vi hjelper politiet med saker når det er mistanke om mishandling. Eg har eit par slike saker eg må bli ferdig med no før sommarferien. Dei treff meg hardt, seier han og ser ned i bordet.

Hjartesaka

I 1978 var Rognum med på å starte rådgjevingstenesta Alternativ til Abort i Norge (AAN). I 2003 skifta tenesta namn til Amathea.

– Kvifor er abortspørsmålet ei viktig sak for deg?

– Ifølgje den gamle abortlova, måtte kvinna ha ein helseknekk for å ta abort. Og sosialistiske legeklinikkar var suverene til å gjere alt til helseknekk. Dei fekk gjennom alle søknadane, seier Rognum.

– Så då tenkte eg...

Han bankar i bordet.

– ...vi skal bli superspesialistar i å folk til å finne ei anna løysing, eller iallfall sjå på andre høve.

Dei fekk tak i eit gammalt legekontor og kjøpte inn utstyr sjølve. Dei tilsette ein dagleg leiar. Sjølv jobba dei der frivillig, og tilbaud rådgjeving og svangerskapskontrollar.

– Eg hugsar godt den første som kom innom. Ho sa at barnefaren ikkje ville ha barnet, så ho måtte velje ein av dei. Men så fekk vi barnefaren til å kome innom, og det viste seg at han var ein kjekk kar. Seinare fekk eg vite at han hadde vore med på fødselen og var verdas stoltaste pappa, smiler Rognum.

LES MIN TRO MED «FRELST»-SKAPAREN: Rut Helen Gjævert jobber med å tilgi seg selv

– Kva samanheng har engasjementet ditt i denne saka med ditt livssyn?

– Det heng saman, seier han og smiler.

– Eg trur at vi er skapt av Gud og at vi ikkje skal ta liv. Eg har stor respekt for menneske som opplever en vanskeleg livssituasjon, men eg kan ikkje skjøne at abort er riktig.

– I dag har vi lova om sjølvbestemt abort. Kva hadde vore eit betre alternativ, i dine auge?

– Eg har ikkje så stor tru på at ein kan modifisere den lova vi har no. Vi må heller gjere det vi kan for å hjelpe. Til dømes ved å auke foreldrepengane, seier han.

Rognum sit i helse- og omsorgskomiteen i Asker for KrF.

Vitskap og tru

Som politikar er Rognum oppteken av å ta vare på Noregs kristne kulturarv. Han meiner vi i dag står i fare for å bli påverka av «overflatiske vitskapsfolk som avlyser Gud». Både samfunnet og den enkelte treng eit fast haldepunkt, trur han.

– Vi har hatt ein kristen grunnpilar i Noreg i ganske mange år, og den har vore bra for landet. Vi skal ikkje skjemmast over den.

– Trur du mange gjer det?

– Eg trur mange lever i det daglege som om det ikkje finst nokon gud. At kristendommen er passé. Men det stemmer ikkje. Når ulukker skjer, så søker folk til kyrkja. Det er noko som ligg i oss, ein uro eller ei lengt, meiner han.


– Vitskapen gjer deg audmjuk og ærbødig. Og det er bra


Vener seier at Rognum er god til å kombinere vitskapen og trua. Sjølv seier han trua er alt. I vitskapen er det søken etter sanning som gjeld.

– Eg klarar ikkje sjå noko motsetning der.

– Påverkar dei to kvarandre?

– Vitskapen gjer deg audmjuk og ærbødig. Og det er bra. Eg har ikkje sansen for vitskapleg overmot.

– Har dei nokon gong vore i konflikt med kvarandre, vitskapen og trua?

- Eg har tenkt veldig mykje på det. Sjølv om ein er eit truande menneske, betyr ikkje det at ein let vere å snu kvar stein i vitskapen. Det må ein gjere. Eg er ikkje redd for kva eg kan finne når eg leitar, seier han.

Liv etter døden?

Gjennom karrieren har Rognum obdusert nærare 8.000 døde kroppar. Hjelpelause barn og hjelpelause gamle. Det er syretesten på eit godt samfunn, om ein greier å ta vare på dei, meiner han.

LES MIN TRO MED RUNE ANDERSEN: En fantastisk mor og en grusom barndom

Rognum er usikker på kva det har gjort med han som person å ha så mykje død tett på.

– For å ta den fromme utgåva, så har eg blitt meir avhengig av Jesus, seier han og smiler.

Han håper han ikkje har blitt avstumpa.

– Eg har sett unge kollegaer som vi har lært opp, som har vore med på barneobduksjonar, som plutseleg står der og strigret. Og det er heilt greitt. Du må sjølvsagt ha ein profesjonell distanse til det du gjer, men det betyr ikkje at du ikkje av og til tek innover deg kva som ligg bak, kva som har skjedd, seier han.

– Har du sjølv opplevd av kjenslene har tatt overhand?

– Kanskje etter Scandinavian Star. Då gjekk eg rundt meg sjølv ein dag etterpå. Dei du kjem heim til, har ikkje opplevd det same som deg, og dei skjønar ikkje nødvendigvis at du har vore med på noko ekstremt. Derimot er dei opptekne av at pappa har vore vekk, fortel han.


– Eg håper at flest mogleg skal lære Jesus å kjenne


Rognum trur ikkje arbeidet har endra hans syn på døden.

– Eg er ikkje spesielt glad i den. Den er jo min siste fiende. Eg romantiserer ikkje over den, den kan vere brutal.

– Trur du på eit liv etter døden for alle du har møtt på vegen?

– No er det ikkje eg som er Gud. Men eg trur på eit liv etter døden. I Bibelen står det at Gud vil at alle menneske skal bli frelste og læra sanninga å kjenne. Eg håper at flest mogleg skal lære Jesus å kjenne. Men korleis det blir i æva, det er Guds sak.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Min tro