Alt kva mødrene har kjempa

På midten av 1970-talet samla Berit Ås kvinner frå heile det politiske landskapet i eit hemmeleg nettverk. Nytt arkivmateriale viser korleis nettverket arbeidde for å snu opp-ned på Kristen-Noreg.

Reportasje

– Me fann ut at me måtte starta ein undergrunnsorganisasjon.

Berit Ås smiler løyndomsfullt frå lenestolen. Ho sit i stova si i Asker utanfor Oslo og blar i gulna papir. Dei fortel historia om eit hemmeleg nettverk som samla kvinner frå heile det politiske spekteret.

Den 92 år gamle bautaen i norsk kvinnekamp hugsar kor utålmodig ho var på 1970-talet. Sjølv om det var gått 60 år sidan kvinner hadde fått stemmerett, var kommunestyre og storting dominert av menn. Kvinner hadde vikeplikt.

– Me opplevde at alle kvinnekrav måtte vika for andre sentrale krav. I alle parti var det noko anna som skulle koma først. Då det var ordna opp, skulle dei liksom ta kvinnekampen.

Berit Ås sukkar oppgitt. Ho var ikkje tålmodig. Heldigvis hadde ho sanka nyttige erfaringar frå det såkalla kvinnekuppet i Asker i 1971. Kuppet sørga for kvinnefleirtal i kommunestyret og varaordførar-verv for Berit Ås.

Så i 1976, eit år før stortingsvalet, var ho klar for å breia ut kampen. Ho starta Kvinnepolitisk Aksjon, eit hemmeleg nettverk som dekka fleire sentrale samfunnsfelt. Med på laget hadde ho Eva Kolstad frå Venstre og Marie Borge Refsum frå Høgre.

LES MEIR: Krf-ar Bergrid Fjose var ein av medlemmane i ukjent kristent nettverk

No opnar Berit Ås opp arkivet sitt for Vårt Land, og viser korleis ei rekke kristne kvinner vart involvert i aksjonsgruppa. I materialet dukkar politiske krav, feministisk liturgi og KrFs første kvinnelege stortingsrepresentant opp.

Bygde bru mellom konservative og sosialistar

Kvinnepolitisk Aksjon var bygd opp av 40 grupper. Gruppene arbeidde med svært varierte tema, som idrett, litteratur, filosofi, ernæring og kjernekraft.

Ei av gruppene hadde namnet «kyrkjegruppa».

For sjølv om Berit Ås i 1976 var fersk leiar i nystarta SV, var det naturleg for henne å inkludera kristne kvinner i aksjonen.

– Eg kjem i frå ei misjonsslekt og har familie som har blitt jaga ut av Kina av Mao. Frå oppveksten har eg blitt kjent med ein glad, men også seriøs kristendom. Det har alltid vore rart for meg å sjå den store avstanden mellom sosialistar og konservative kristne, fortel Berit Ås.

Kyrkjegruppa bestod av tre koordinatorar og 19 deltakarar frå akademia, media, politikk, statskyrkja og kristne organisasjonar.

Gruppa arrangerte to kvinnekonferansar i 1976 og 1977 på Diakonhjemmets sosialskole.

---

Kvinnepolitisk Aksjon

  • Starta  i 1976 av Berit Ås (SV), Eva Kolstad (Venstre) og Marie Borge Refsum (Høgre).
  • Aksjonen bestod av 40 autonome arbeidsgrupper.
  • Kvar gruppe var leia av tre koordinatorar. Dei skulle halda arbeidet hemmeleg.
  • Kyrkjegruppa var ei av gruppene. Den jobba med kvinner si stilling i Kristen-Noreg, men heldt seg unna abortdiskusjonen.

---

Dei munna ut i ei rekke politiske krav:

* Lik representasjon i alle lovfesta kyrkjelege råd og utval.

* Høve til å jobba deltid for prestar.

* Fleire kvinner innan teologiske forskarar- og lærarstillingar.

* Lønsutjeving mellom ulike grupper innan kyrkja.

LES OGSÅ: Kyrkjekunst tyder på at kvinner var prestar før år 380.

Eufori og sjølvtillit

– Det var ei euforisk oppleving å vera med på desse konferansane, fortel Astrid Bjellebø Bayegan.

I 1989 skapte ho historie då ho vart første kvinnelege prost i Noreg. Tolv år tidlegare var ho ein av koordinatorane for kyrkjegruppa i Kvinnepolitisk Aksjon.

Vervet betydde mykje for henne.

Det har vore rart å sjå den store avstanden mellom sosialistar og konservative kristne.

—   Berit Ås

– Eg opplevde at me var fleire i same situasjon. Me stod mellom det tradisjonelle kvinnesynet me hadde lært frå våre mødre og dei nye ideane om likestilling. Me skulle gjera det tradisjonelle heime og samstundes jobba, seier Bayegan.

Nettopp dette spennet mellom forventningar i yrkesliv og på heimebane var eit viktig tema for kyrkjegruppa.

I ein rapport frå 1976 skriv kyrkjegruppa:

Det ble understreket at den voksne generasjon kvinner er oppdratt til en underordning som fører til liten selvtillit til å gå inn i krevende oppgaver i kirken. 

En viktig forutsetning for kvinnens medansvar i kirken er at mannen tar medansvar i hjemmet.

Gruppa tok også opp situasjonen for gifte, kvinnelege misjonærar. Dei hamna ofte i ein skvis mellom kallet og pliktene som hustru og mor.

Då kunne dei fort enda opp som «misjonærhustru» eller «reservearbeidskraft», åtvara kyrkjegruppa.

Men i 1977 var ting i endring. Talet på kvinnelege prestar var auka til 30. Ei av dei var Astrid Bjellebø Bayegan, som vart ordinert i 1975. Det var ingen enkel kamp, fortel ho.

– Det gjorde eit sterkt inntrykk på oss kvinner å høyra at når me ønska å bli prestar, så var det ei synd. Me ville jo også gjerne leva våre liv i Guds plan.

Frykta infiltrasjon frå AKP (ml)

I starten var Kvinnepolitisk Aksjon prega av mykje hemmeleghald. «KONDFIDENSIELT» står det på lista over namn på koordinatorar til dei ulike arbeidsgruppene.

---

Berit Ås

  • Kvinnesakspioner, sosialpsykolog og politikar. Kjend for omgrepet «Dei fem hersketeknikkar».
  • Vart første kvinnelege partileiar i Noreg, då ho vart leiar for Demokratiske Sosialister (AIK).
  • Leiar av nystarta SV i 1975.

---

I tillegg hadde Berit Ås hanka inn ei rekke «stråkvinner» som skulle fronta aksjonen.

Desse kvinnene var det Ås kalla «ufarlige personar» som ikkje vart sett av «mannssamfunnet som politisk farlige».

– Det var ein veldig angst for at me skulle bli infiltrert av AKP (ml) og Kvinnefronten. Me opplevde den rørsla som autoritær og såg at dei raskt hadde teke over styringa av andre aksjonar, fortel Marit Lindheim.

Ho var ein av dei tre første koordinatorane i kyrkjegruppa.

Ho delte vervet med Anne-Berit Stensaker, som seinare vart sokneprest i Markus kirke i Oslo, og teolog Astri Hauge.

Styrte unna abortdebatten

Medan abortkampen splitta Noreg på 1970-talet, var abort ikkje eit tema for kyrkjegruppa.

– Me konsentrerte oss om andre ting, som likelønn, representasjon og tilgang til arbeidslivet, seier Lindheim.

Dei som var med i Kvinnepolitisk Aksjon forplikta seg til ein overordna plattform om å jobba for kvinners representasjon, utdanning og økonomisk sjølvstende.

Ut over det, kunne dei ulike arbeidsgruppene jobba fram eigne, sjølvstendige krav. Dermed kunne gruppa som jobba med abort og prevensjon koma med sine tilrådingar, utan at det forplikta medlemmene i kyrkjegruppa.

Lindheim trur dette var viktig for å samla ei brei allianse.

– Eg trur dei fleste i kyrkjegruppa var i mot sjølvbestemt abort på den tida, seier Lindheim.

Sjølv har ho skifta syn på abort etter å ha jobba mange år med kvinner i uviklingsland for Kirkens Nødhjelp.

«Ein viktig del av frigjeringskampen»

– Venstresida har ikkje eigedomsretten på kvinnekamp, seier Marianne Lystrup.

Ho meiner styrken til kyrkjegruppa var at den mobilserte breitt.

- Det har vore veldig viktig å ha med kvinner frå alle politiske fløyer. Kampen må ikkje bli for snever.

Våren 1977 var ho nytilsett journalist i Vårt Land. Ho tok over vervet som koordinator i kyrkjegruppa saman med Astrid Bjellebø Bayegan og Grete Hauge.

Grete Hauge vart seinare sokneprest i Paulus Menighet i Oslo. Mange av kvinnene i kyrkjegruppa fekk seinare framtredande posisjonar i samfunnet.

Også i politikken endra mykje seg. Kvinnedelen på Stortinget byksa opp til 23,9 prosent etter valet i 1977. Ved førre val var kvinnedelen på 15,5 prosent.

Marianne Lystrup meiner at både tidsavgrensa aksjonar som Kvinnepolitisk Aksjon og meir permanente organisasjonar som Kristent Kvinnesaksforum har hatt mykje å seia for utviklinga.

- Kyrkja har bevegd seg kraftig på dette feltet. Eg trur Kvinnepolitisk Aksjon var ein viktig del av frigjeringskampen, seier Lystrup.

LES MEIR: Grunnleggaren av Kristent Kvinnesaksforum fortel om korleis kristne feministar var fanga i ein tofrontskrig.

---

«I verden var Eva en lydig statist»

  • I arkivet til Berit Ås dukkar liturgien frå ei eksperimentell gudsteneste opp.
  • Gudstenesta hadde som mål å motivera til kamp for ei meir rettvis fordeling av oppgåver mellom menn og kvinner.
  • Den inkluderte ein eigenskriven prolog, som mot slutten lyder:
  • I verden var Eva
    en lydig statist
    i kirken også
    dessverre
  • I syndvedkjenninga vart kyrkjelyden delt i to. Menn skulle vedkjenna sitt ansvar for kvinneundertrykkinga:
  • Vi bekjenner at mannsamfunnet ofte har plassert kvinner i bestemte roller som den oppofrende mor eller som sex-objekt.
  • Då kvinnene skulle vedkjenne sine synder, tok dei på seg sin del av ansvaret for den manglande likestillinga:
  • Vi bekjenner at vi ofte har forherliget vår morsrolle eller spilt på våre ytre fortrinn for å opnnå menns gunst. Ved det har vi skyld i at menn får et ensidig bilde av kvinner.
  • Gudstenesta vart halden i Bogstadveien kapell 6. mai 1977. Astrid Bjellebø Bayegan hugsar det var mange folk i kapellet.
  • - Me jobba mykje med liturgien, seier Bayegan. Ho var liturg og predikant under gudstenesta.
  • Fleire kvinner knytt til kyrkjegruppa i Kvinnepolitisk Aksjon arrangerte gudstenesta, saman med Kristent Kvinnesaksforum og Forum Experimentale.

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje