Trygge med fredsmurar

Vel 100 murar held protestantar og katolikkar frå kvarandre, men nordirane ønskjer ikkje eit grensegjerde mot Irland. Det kan brexit gje dei.

Reportasje

Viskarane arbeider hardt, for regnet høljar ned over Belfast, slik det har for vane å gjere på denne tida av året.
– Denne muren er ein av dei største og lengste, no kjører vi på den protestantiske sida.

«Hugh» styrer den svarte drosja inn i Cupar Way, inn langs den nedtagga muren som har eit høgt gjerde på toppen. 30 år etter at Berlinmuren fall, og opna for samlinga av Tyskland - og demonteringa av Sovjetunionen og deira austeuropeiske imperium, står murane i Belfast og Nord-Irland fjellstøtt.

Trur på riving

Slik dei har stått sidan dei første kom opp for 50 år sidan.

– Mange her i Belfast kjenner seg faktisk tryggare med murane oppe, fortel «Hugh», som ikkje ønskjer å dele etternamnet. Han arbeider som rullande guide i selskapet som tilbyr Black Cab Tours – gjennom Belfasts mørke, politiske historie.

Ei meiningsmåling utført av International Fund for Ireland (IFI), ein irsk-britisk statleg organisasjon som arbeider for dialog og forsoning på den irske øya, viser at murane representerer tryggleik for mange. Heile 54 prosent av nordirane svarte at murane i provinsen har ein nøkkelfunksjon; dei sikrar dagleg tryggleik. Samstundes sa 66 prosent seg samde i at dersom murane blir ståande vil dei ha ein negativ effekt på samfunnet og samkvemmet.

Den same undersøkinga viser at majoriteten – i begge leirar – trur på ein provins utan murar. 62 prosent av unionistane/protestantane 73 prosent av republikanarane/katolikkane ønskjer murane vekk i løpet av neste generasjon.

– Katolikkar og protestantar bur framleis i segregerte bydelar, særleg her i Vest-Belfast. Ikkje utan grunn kallar me murane for «fredsmurar», seier «Hugh» med eit underfundig smil.

Belfast blei busett av engelske og skotske protestantar på 1600-talet. Dei irske katolikkane kom flyttande eit hundreår seinare for å arbeide i linveveria som kom opp.

Favoriserer protestantar

Då Storbritannia gav avkall på Irland i 1921, valde seks grevskap nord på øya å vere lojale mot London. Nord-Irland blei ein provins, med utstrakt indre sjølvstyre, men innafor Storbritannia.

Men ein stor minoritet gav aldri opp draumen om eitt Irland, så provinsens historie har fram til i dag vore prega av konflikten mellom unionistane, som omfamnar Storbritannia, og republikanarane, som ønskjer eit samla Irland.

– Konflikten er ikkje av religiøs karakter, sjølv om protestantane i hovudsak er unionistar og katolikkane republikanarar.

«Hugh» fortel at bakgrunnen for at konflikten small i 1969, etter kraftige demonstrasjonar og samanstøyt, var særleg kampen for like røysterettar og ein meir rettvis bustadpolitikk.

– Protestantane forfordelte seg sjølve, katolikkane kravde sin rettar.

50 år seinare favoriserer framleis den kommunale bustadpolitikken i Belfast protestantane. Ei kartlegging frå antidiskrimineringsorganet Equality Commission for Northern Ireland viser at byens katolikkar må vente lenger på kommunale bustadar enn det protestantar må. I snitt må katolikkar vente 28 månader på ein ny heim. Tilsvarande tal for protestantar er knappe 12 månader.

Provinsens sosiale bustad-etat, Northern Ireland Housing Executive, melder at det er uråd å byggje meir i katolske bydelar, fordi alle ledige tomter er brukte. I protestantiske område gror grønt gras på ledige tomter.

Vern mot brannbomber

Cupar Way ligg som ein kile mellom Shankill Road i Nord og Falls Road i sør. Falls har alltid vore eit kjerneområde for republikanarane med Shankill har vore eit tilsvarande område for unionistane. I Falls bur det katolikkar. I Shankill bur det protestantar.

– Det var her dei første murane kom opp for 50 år sidan, fortel «Hugh».

Dei erstatta provisoriske barrikadar reist av lokalbefolkninga som vern mot opptøyer og gatekampar. Murane skulle verne særleg mot brannbomber.
Nord i Belfast ligg Alexandra Park, den einaste parken i Vest-Europa som er delt med ein tre meter høg mur. Men han har fått ei dør som er open nokre timar dagleg.

LES MEIR: Straffa for brot på streng nordirsk abortlov

Minner frå konfliktåra

Éin mur er nordirane samde om å protestere mot. Han som kan bli reist langs den 50 mil lange grensa mot Irland om Storbritannia går ut av EU 29. mars utan ein avtale med Unionen; ein såkalla hard brexit.

Skjer det, går England, Wales, Skottland og Nord-Irland samla ut av tollunionen, og fordi den irske provinsen er den einaste som har grense mot EU, kan alt som forsvann med langfredsavtalen frå 1998 kome opp att.
Grensegjerde, sjekkpunkt, og ein sterkt militarisert infrastruktur i form av væpna soldatar, forlegningar, sprengveggar, vakttårn blei fjerna for 21 år sidan.

I brexit-folkerøystinga i 2016 sa eit tydeleg fleirtal av nordirane nei til å gå ut av EU - 56 prosent ville bli i Unionen. Frykta for konsekvensane av ein hard brexit; ei hard grense mot Irland, er sterke. Sjefen for det nordirske politiet seier til avisa The Guardian at grensepostar og elektronisk overvaking lett vil kunne bli mål for paramilitære grupper, som det framleis finst fleire av i Nord-Irland.

Fryktar åtak

– Det siste me treng er infrastruktur ved grensa, for det vil bli særs symbolsk og dermed mål for valdelege opprørsgrupper på republikanske side, seier Chief Constable George Hamilton.

Talsmannen for organisasjonen Saoradh, som tyder frigjering på irsk, vedgår i Washington post at «grupper som er kapable» vil vere villige til å angripe infrastruktur som markerer grensa. Men Paddy Gallagher plasserer ikkje Saoradh mellom dei kapable.

Då antiterrorpoliti ransaka Saoradh i byen Londonderry i fjor haust, fann dei 330 fyrverkeri.

I Belfast har «Hugh» tru på at grensa mot Irland blir som i dag. Det betyr at bønder kan bu i Nord-Irland og la dyra beite i Irland.

---

Murane

  • I dag står det rundt 109 store og små fredsmurar i nordirske byar, dei aller fleste i Belfast.
  • 59 av dei blir forvalta av det nordirske justisdepartementet.
  • Sjølv etter langfredagsavtalen frå 1998 som gjorde slutt på den væpna konflikten i provinsen, er det blitt bygd nye murar for å redde liv.
  • Borgarkrigen mellom paramilitære grupper, som raste i tre tiår, kosta 3.500 menneske livet.

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje