Høgsterettsdommarane har trekt seg tilbake, til kontora bak høge smijernsgjerder, i justispaleet frå 1933. Dei skal avgjere om ei mor skal tiltalast for brot på Nord-Irlands strenge abortlov.

Hennar lovbrot: På internet kjøpte ho to legemiddel, som blir brukte ved lovlege abortar i resten av Storbritannia. Dei gav ho til dottera som var gravid, men ønskte å avslutte svangerskapet. Jenta var 15 år, og hadde ein ustabil kjærast som utøvde både fysisk og psykisk vald.

Førre månad sto Amnestys nordirske avdeling utanfor Royal Court of Justice saman med kvinnas advokat og demonstrerte dei to dagane høyringa 
tok.

LES MEIR: Kjempar for sjølvbestemt abort på Færøyene 

Utfordrar

Kampanje-
leiar Grainne Teggart i Amnesty Nord-Irland fortel at saka mot den nordirske kvinna blir ei særs viktig testsak:

– Ho er den første som direkte utfordrar Nord-Irlands restriktive abortlov.

Storbritannia fekk ein abortlov i 1967, og med det blei abort ei gratis teneste som helsevesenet utfører på britiske sjukehus. Men vedtaket i parlamentet i London hadde eit unnatak:

Abortlova omfatta ikkje det katolskdominerte Nord-Irland, for sjølvstyreparlamentet i Belfast sa tvert nei til å rulle ut loven som blei innført i England, Wales og Skottland.

Politimeld

Difor får ikkje kvinner i Nord-Irland innvilga abort fram til veke 24, slik deira engelske, walisiske og skotske medsøstrer får. Difor reiser gravide, nordirske kvinner til særleg England for å ta abort. Difor kjøper dei abortpreparata Mifepristone og Misoprostol i nettbutikkar.

Slik mora til den 15 år gamle jenta gjorde, i 2013.

Via Amnesty fortel ho om «fem år med smerte»:

– Eg har hatt påtalemakta hengjande over meg kvar einaste dag i fem år. Eg kjenner at eg ikkje har hatt lov til å gå vidare.

Politiet og påtalemakta blei kopla inn då dottera oppsøkte fastlegen etter å brukt preparata mora kjøpte på nettet. Fordi lovverket krev det, varsla legen politiet som henta jenta på skulen og avhøyrde henne.

Lovverket forbyr media i Nord-Irland å offentleggjere namnet på mora som risikerer å bli tiltalt, difor er ho anonym.

Kriminell

Grainne Teggart i Amnesty seier det einaste kvinna har gjort er å hjelpe dottera med abortpiller som er gratis i alle andre delar av Storbritannia:

– Denne kvinna har ikkje gjort noko galt, og likevel behandlar lovene våre henne som ein kriminell.

Amnesty vonar høgsterettsdommarane lyttar til dei som vil skrote Nord-Irlands «forferdelege og utdaterte lov». Kampanjeleiaren meiner den britiske regjeringa har makt til å avkriminalisere abort, og «sende ei klar melding om at abort er eit spørsmål for kvinner og deira legar, ikkje politi og dommarar».

Fengsel

I dag får gravide berre innvilga abort i Nord-Irland om deira liv og fysiske og psykiske helse er i fare. Kvinner som blir gravide som følgje av valdtekt eller incest, må bere fram barna. Kvinner som bryt lovverket risikerer fengsel.

Den nordirske anti-abortorganisasjonen Precious Life støttar opp om den strenge abortloven:

– Der er ikkje nokon «rett til abort», men det er ein «rett til liv», seier direktør Bernadette Smith.

Ho meiner høgsterettsdommarane som skal avgjere om det blir tiltale eller ikkje, «må sende ut eit tydeleg signal om at drap på ufødde barn er ei kriminell handling i Nord-Irland».

LES MEIR: Varsler regjeringskrav om abort

Allianse

Grainne Teggarts appell til Storbritannias statsminister Theresa May om å gripe inn, fell på steingrunn.

For May leiar ei mindretalsregjering som er avhengig av støtte frå Nord-Irlands største parti. Det demokratiske unionistpartiet (DUP) har ti seter i det britiske parlamentet i London – og er sterke abortmotstandarar. DUP er eit protestantisk, 
konservativt parti.

Ei heller i den nordirske sjølvstyreregjeringa er det hjelp å få. For ettersom Nord-Irland ikkje har vore i stand til å få på plass ei samlingsregjering på over eit år, står nordirane utan fungerande styring.

Men Mays regjering gav ei gruppe abortsøkjande nordirske kvinner ei hjelpande hand for eit år sidan. Kvinner som tener under 15.276 pund i året får offentleg støtte for å kunne reise til England, Wales eller Skottland og få utført aborten.

Søksmål

I sommar sa eit fleirtal av dommarane i Storbritannias høgsterett at Nord-Irlands forbod mot abort er «uforeinleg» med menneskerettslover. Likevel avviste dei eit søksmål.

Det var den nordirske menneskerettsorganisasjonen NIHRC som hadde klaga den nordirske abortlovgjevinga inn for britisk høgsterett. NIHRC meiner lovene kriminaliserer «ekstremt sårbare kvinner», og er i strid med europeiske menneskerettskonvensjonar.

Men domstolen i London konkluderte med at han «ikkje har mynde» til å erklære lovene ugyldige, og at NIHRC heller ikkje har juridisk grunnlag for å utfordre dei. Difor blei søksmålet avvist.

Med domstolen sa at det er den britiske regjeringa som må gripe inn om kvinner i Nord-Irland skal få rett til sjølvbestemt abort.