– Ingen kamp mellom mitt muslimske og mitt lesbiske eg

Nora Mehsen er muslim og open homofil. Det finst mange som henne i Noreg, sjølv om dei ikkje deltek i samfunnsdebatten, meiner ho.

Reportasje

Nora Mehsen (27) er norsk, ungarsk og irakisk. Sjølv er ho skeiv, som ho kallar det, og det er naturleg for henne å vere open om det.

– Korleis er det å vere muslim og homofil i Noreg i dag?

– Det er vanskeleg å generalisere, for vi har inga forsking på det. Det er fleire som opplever store utfordringar på eit personleg plan med å foreine den muslimske og den skeive identiteten. Men andre igjen har det kjempefint og får støtte frå familie og miljøet dei er ein del av, fortel ho.

LES KOMMENTAREN: «All religiøs motstand mot homofili kan ikke skjæres over én kam»

Til dagleg er Mehsen leiar for Skeiv Verden – ei nasjonal interesseorganisasjon for lesbiske, homofile, bilfile, intersex, trans- og queerpersonar (LHBTIQ) med minoritetsbakgrunn.


Ein vil berre høyre at det er vanskeleg å vere muslimsk og skeiv i Noreg. Det er ofte den historia media vil ha.

Nora Mehsen, leiar for Skeiv verden


Ingen kamp

Sjølv har Nora Mehsen ei veldig god erfaring med å vere muslim og homofil i Noreg. Det har vore mykje meir utfordrande å «passere» som norsk, sjølv om ho er fødd her.

– Eg følte at eg måtte bli godteken på majoritetens premissar. Så eg prøvde å distansere meg frå den karikaturen som blir laga, om at alle innvandrarar er bakstreverske, kriminelle eller terroristar, seier ho.

I vaksen alder har ho tatt tilbake makta over sin identitet.

– Det er ingen kamp mellom mitt muslimske eg og mitt lesbiske eg.

LES OGSÅ: Slik blir homofile behandla verda rundt

– Religiøse leiarar har makt

I etterkant av det som skjedde i Orlando sist søndag, har fleire religiøse miljø fått kritikk.

Biskopen av Cork, Cloyne og Ross i Irland, Paul Colton, uttalte til dømes til BBC at bønene frå religiøse personar etter ei slik hending, er tomme, dersom dei ikkje elles støttar LHBT-personar i sine daglege liv.

Frode Kinserdal, tidlegare leiar av Åpen kirkegruppe, meiner at homofobi først og fremst er eit menneskeleg trekk – at fordommar er knytt til det ein ikkje har kjennskap til og har lite erfaring med. Samtidig trur han at det har vore lettare å halde på slike fordommar i religiøse miljø.

– Her har religiøse leiarar eit særlig ansvar. I for stor grad har leiarane tillete å bruke talarstolen til å undertrykke ulike samfunnsgrupper, meiner Kinserdal.

– Religiøse leiarar må erkjenne at dei har ei makt ved dei orda dei brukar, og i verste fall også eit medansvar for haldningane som blir uttrykt i handlingar som den i Orlando.

LES OGSÅ: – Det er ikke nok med lover som sikrer homofiles rett til å vise kjærlighet

Han meiner religiøse leiarar må bruke anledninga til å ta eit oppgjer med den usikkerheita dei kjenner på når det gjeld LHBT-gruppa.

– Det gjeld både konservative og liberale, understrekar han.

LES OGSÅ: Kjende frykta på kroppen

Homofili verre enn utroskap

Gjerningsmannen i Orlando var muslim. Etter masseskytinga stilte muslimar i Florida seg i kø for å gi blod og pengar til ofra hans, skriv avisa Orlando Sentinel.

Samtidig har Linda Noor – muslim og leiar av tenketanken Minotenk – merka seg at mange muslimar hatt behov for å presisere at homofili er synd etter angrepet, sjølv om dei fordømmer det som skjedde.

– Kvifor er det slik, Linda Noor?

– Eg trur det er to hovudgrunnar til det. Det første heng saman med ein patriarkalsk kultur, der homofili blir sett på som ei mykje verre ugjerning enn til dømes heterofilt utroskap. Det andre er at homofile er ein sårbar minoritet, som kanskje er lettare å vere hard mot enn andre, seier ho.

Noor er muslim og leiar av tenketanken Minotenk.

– I muslimske samfunn er det få som er opne homofile. Mange trur at det nesten ikkje eksisterer, seier ho.


Den beste motgifta mot homofobi er å kjenne skeive personar. Det ser eg særleg blant unge jenter, dei er mykje mindre negative mot homofile.

Linda Noor, leiar av Minotenk


– Lytt til oss!

Men det gjer dei. Ei av dei er Nora Mehsen. Ho trur det er mange muslimar som er opne homofile i dag, men at dei ikkje nødvendigvis deltek i samfunnsdebatten av den grunn.

Ho trur mange vegrar seg for akkurat det.

– Ein grunn til det er at ein ofte berre vil høyre på det eine narrativet, nemleg at det er vanskeleg å vere muslimsk og skeiv i Noreg. Det er ofte den historia media vil ha. Men det må kunne gå an å ta både dei utfordringane som finst i muslimske miljø på alvor, og samtidig løfte fram det enorme mangfaldet av erfaringar som finst blant skeive muslimar, meiner 27-åringen.

Mehsen meiner vi må skape eit rom der homofile muslimar kan vere heile seg, der dei ikkje må velje mellom sin religion eller si legning.

– Viss vi ikkje gjer dette, er det ei usynleggjering av progressive, skeive muslimar. Når vi først snakkar, må vi bli lytta til, seier ho.

– Gjeld alle trussamfunn

Skeiv Ungdom-leiar Eirik Rise meiner vi har ein jobb å gjere innanfor alle trussamfunn, ikkje berre muslimske.

– Homofobi er ikkje greitt, uansett om du er kristen predikant eller muslimsk imam, meiner han.

Samtidig dømmer han ikkje muslimar for det som skjedde i Orlando.

– Det blir feil å skjere alle over éin kam. Under årets Oslo pride, er solidaritet slagordet. Det kan også vere solidaritet med muslimar, som no kan oppleve meir islamofobi fordi gjerningsmannen i Orlando var muslim, seier Rise.

Den muslimske Oslo-politikaren Shoaib Sultan (MDG) oppfordra onsdag muslimar til å delta i årets pride-parade – nettopp for å vise solidaritet etter angrepet i Orlando.Oslo bispedømmeråd vedtok i mars ei oppfordring til alle kyrkjelydane i bispedømet. Dei ynskjer at kyrkjelydar i Oslo, Asker og Bærum er med på å synleggjere kyrkje under Oslo pride. Fredag denne veka skreiv Vårt Land at det som skjedde i Orlando har auka det religiøse engasjementet for festivalen.

Linda Noor har trua på at den yngre generasjonen muslimar kan vise veg i åra framover.

– Den beste motgifta mot homofobi er å kjenne skeive personar. Det ser eg særleg blant unge jenter, dei er mykje mindre negative mot homofile, seier Noor.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje