Bilde 1 av 5

Generalprøva

Han sel med glede Aung San Suu Kyi, kvinna som vinn folket, men som ­allereie har tapt presidenttittelen.

Reportasje

T-skjorte, berenett, skjerf, genser, kva vil du ha?

Kyaw Thu Aung er pågåande. Han augnar eit sal.

– Likar du også henne?

Han sel tekstilar pryda med ein tidlegare politisk fange; ein av verdas mest kjente, eit ikon.

Nesten alt på salsbordet hans har same motiv – kvinna som har personifisert kampen for demokrati i Burma, seinare Myanmar, kvinna som blei heidra med Nobels fredspris, kvinna som blir nekta å vere presidentkandidat i morgondagens parlamentsval.

Aung San Suu Kyi.

– Å, kor glad eg er i henne. Ho er presidenten landet vårt treng.

Var forbode

Omgitt av landsmenn i hovud­gata i den gamle hovudstaden Yangoon likar ikkje Kyaw Thu Aung å snakke politikk.

Han smiler vekk spørsmål om generalane som styrte landet rett inn i isolasjonen då dei kuppa makta i 1962, og låste inn demokratiforkjemparane, slik dei også gjorde med dottera til fridomshelten, general Aung San, som blei myrda av rivalar i 1947, berre månader før Burma blei ein fri nasjon.

– Aung San Suu Kyi er vår «lady», seier gate­seljaren og held opp ei T-skjorte.

LES OGSÅ: Frykter norske våpen skal bli brukt i tortur

«Freedom to lead» står det over hovudet på kvinna­ som sat 15 år i husarrest. Lenge var det ulovleg å selje T-skjorter pryda med bilete av leiaren av partiet NLD.

– Eg sel mykje meir når det er val i Myanmar, særleg til turistar.

Blei skræmde

I landet med vel 50 millionar innbyggjarar er val uvanleg. Frå Burma vann sjølvstende i 1945 til militærkuppet i 1962, var det berre tre val. Generaljuntaen styrte landet som ein brutal eittpartistat.

Først i 1990 inviterte dei folket til å velje kven som skulle styre.

Opposisjonspartiet NLD, Den nasjonale ligaen for demokrati, gjorde eit brakval. Under leiing av dottera til nasjonalhelten vann NLD 392 av 492 ledige seter.

Braket frå NLD skræmde generalane. Valet blei annullert. Aung San Suu Kyi fekk husarrest i heimen ved breidda av Inyasjøen, nord i Yangoon. Forsøket på parlamentsval i 2010 blei boikotta av nobelprisvinnaren.

Å sjå på valet som ei slags øving er respektlaust andsynes burmesiske veljarar

– Audun Aagre, leiar i Den norske Burmakomité

Først etter valet i 2010 låste generalane opp ­dørene i den nedslitne kolonivillaen. Ho fekk stille opp i eit suppleringsval til nasjonalforsamlinga to år seinare.

Kvinna med kallenamnet «The Lady» vann ein stol i Pyithu Hluttaw; Folkets forsamling.

Ho var tilbake i myanmarsk politikk. Aung San Suu Kyi ville bli president.

Endra grunnlova

Generalsvaret var endeleg. Nei. Forbodet i grunnlova var ikkje til å rokke. ­Myanmarske borgarar med ektefellar eller barn med utanlandsk statsborgarskap, kan ikkje bli president.

Paragrafen som generalane skreiv inn i grunnlova medan dei framleis gjekk i uniform, i 2008, står fast. Han kan berre endrast om 75,1 ­prosent av dei folkevalde røystar ja ved ein lovrevisjon.

Paragrafen er laga for Aung San Suu Kyi. Ho var gift med ein brite, og har to søner med britisk pass.

LES REPORTASJEN: Hippiane som bygde småbruket om til tempel

Så sjølv om ho og NLD gjer eit nytt brakvalg i morgon, blir ikkje generaldottera statssjef i ­Myanmar.

«Mange tror at det er et presidentvalg og at ASSK (Aung San Suu Kyi, red.anm.) kan bli president. Begge deler er feil, og det er viktig at flest mulig er klar over dette. Uansett valgresultat vil militære fortsatt utgjøre 25 prosent av parlamentsrepresentantene», skriv ambassaderåd Tale Kandal i Yangoon i ein fersk valrapport til Utanriksdepartementet i Oslo.

Skifta strategi

Sidan 2013 har Norge hatt ein ambassade i Myanmar, ein lyttepost for den ­demokratiske utviklinga – og for den økonomiske­ utviklinga.

To år tidlegare skrota Stoltenberg-­regjeringa «ikkje-handle-med-Burma»-doktrin­a som blei innført under Bondevik I. Omlegginga kom etter at generalane bytta ut uniformane med sivile klede og varsla reformer.

– Dei noverande makthavarane har vist gjennom ord og handling at dei er genuine i sin endringsvilje, sa Jonas Gahr Støre i Stortinget i 2011. Då var han utanriksminister.

Fire år seinare er Norges utsendingar i Myanmar ikkje like sterke i trua:

«Det er knyttet store forventninger til årets valg, selv om mange mener at det er valget i 2020 som blir den virkelige prøvesteinen på om Myanmar har blitt et reelt demokrati», melder ambassaden heim.

Må ha trua

– Med respekt å melde, dette er tull. Å sjå på valet som ei slags øving er respektlaust andsynes burmesiske veljarar.

Audun Aagre har følgt Myanmar i over 20 år. No er leiaren i Den norske Burmakomité i Myanmar for å følgje valinnspurten.

Følg Vårt Land på Facebook og Twitter!

Aagre er klar på at Norge­ og andre vestlige land ikkje må bakke ut no og snakke om at valet i haust ikkje er så viktig, at det er først om fem år den store demokratitesten kjem.

– Valet er umåteleg viktig. For det første får vi sjå kor stor oppslutning NLD har. For det andre får vi testa kor villige militæret er til å gje frå seg makt, som trass alt er den viktigaste indikatoren for eit demokrati.

Valreglane er bestemt av Myanmars mektigaste; dei militære leiarane. Allereie før folket byrjar å putte stemmesetlar i urnene, har forsvarssjefen peika ut 166 representantar, alle militære – eller 25 prosent av nasjonalforsamlinga.

Eg har gjort det heilt klart; dersom NLD vinn valet og vi skipar regjering, så skal eg vere leiar for denne regjeringa, uansett om eg blir president eller ikkje.

– Aung San Suu Kyi

Folket skal så velje dei som skal få dei øvrige plassane i ­nasjonalforsamlinga. Skal NLD få fleirtal, må partiet­ vinne to tredelar av dei 498 ­ledige seta – ei oppgåve Aagre trur blir for vanskeleg.

Når det nyvalde parlamentet kjem saman, skal underhuset, overhuset og dei militære velje­ kvar sin presidentkandidat. Kandidaten med flest stemmer i parla­mentsavstemminga blir president – om vedkommande blir godkjent av eigen komité.

– I denne runden er det ­imperativt at dei militære godtek valresultatet, uavhengig av om at deira kandidat vinn eller ikkje, seier Aagre.

Når ny regjering skal skipast innan april neste år, har dei ­militære allereie reservert tre sentrale statsrådar, forsvars-, innanriks- og grenseministrane – alt i samsvar med grunnlova.

Har ofra mykje

Aagre meiner snakket om at 2020 blir det viktige valet, indikerer at ein er villig til å akseptere fem nye år med det kvasisivile generalregimet.

– Burmesarar fryktar at mange vestlege land, Norge inkludert, er nøgde med at Myanmars styresmakter liberaliserer økonomien, og at det difor er mindre viktig å presse på for at folk også skal få oppleve politisk liberalisering – altså demokrati.

LES OGSÅ: Dei flyktar i hopetal – Aung San Suu Kyi talar ikkje deira sak

– Mange av dei som nå stiller til val har sete 10-20 år i fengsel for ei sak, kravet om demokratiske rettar, som vi i Norge finn naturlege. Difor er valet sundag eit særs viktig val, trass i avgrensingane som ligg i grunnlova.

Vil bli sjef

70 år gamle Aung San Suu Kyi blir ikkje president, sjølv om NLD får den rekordoppslutninga ho spår. Likevel er NLD-leiaren sikker i sak:

– Eg har gjort det heilt klart; dersom NLD vinn valet og vi skipar regjering, så skal eg vere leiar for denne regjeringa, uansett om eg blir president eller ikkje.

Bodskapen blei hamra inn i eit intervju med TV-kanalen India Today for vel tre veker sidan. Korleis ho vil bli president reelt, men ikkje formelt, gjekk Aung San Suu Kyi ikkje inn på.

Torsdag repeterte ho bodskapen på ein pressekonferanse i Yangoon:

– Eg vil styre regjeringa, og vi vil ha ein president som skal jobbe i samsvar med politikken til NLD.

Manglar målingar

Myanmar er eit land utan meiningsmålingar. Få veit difor noko om kva ­utfallet av valet sundag kan bli, sjølv om NLD står sterkt i dei sentrale regionane. Her bur det i hovudsak menneske frå Myanmars dominerande etniske folkegruppe. Seks av ti borgarar er bamarar. Aung San Suu Kyi er ein av dei.

Kampen om dei ledige representantplassane i parlamentet, dei som så skal velje president, står først og fremst mellom NLD og USDP, partiet til generalane som sidan 2011 har gått i sivil.

Dei to siste vala i Myanmar gjev ein peikepinn på NLDs oppslutning. I 1990 enda oppslutninga på 58 prosent, og i 2012 på 66 prosent. «ASSK har også en klar og uttalt forventning om at partiet vil få opp mot 80 prosent av stemmene, basert på ­resultatet fra 1990», melder ambassaderåd Kandal.

– Eg trur det blir vanskeleg for NLD å få over 50 prosent i parlamentet, sidan dette krev at dei vinn minst 67 prosent av valkrinsane, seier Aagre. Men han trur partiet kan klare å skipe ei koalisjons­regjering – dersom valet blir fritt og rettvist.

Får kritikk

På vegen mot sundagens val hausta Aung San Suu Kyi lenge internasjonal heider. Så kom kritikken, som auka i styrke.

Nobelprisvinnaren står ikkje opp for dei forfølgde­ rohingyaane, ein stor muslimsk minoritet som ­regimet har gjort statslause, og som bur i grenseområda mot Bangladesh.

Opposisjonspolitikaren leiar eit parti som ikkje har nominert ein einaste muslim på vallistene.

Å, vi ­elskar Aung San Suu Kyi. Ho er vår. Ho vil det beste for oss.

– Ma Nge, gateseljar i Yangoon

Den tidlegare politiske fangen har i lita grad inkludert 88-rørsla, ei stor gruppe politiske fangar som leia opprøret mot regimet i 1988, i NLDs kamp for demokrati.

Partileiaren byggjer ikkje opp alternative leiarar.

Støttar ASSK

Audun Aagre i Burmakomiteen har høyrt alle skuldingane lenge. Han meiner delar av kritikken er legitim – som at NLD har mangla vilje til å innlemme 88-rørsla, for det meste studentleiarar som gjennom opprøret i 1988 bana vegen for den ukjende Aung San Suu Kyi. Då var ho berre dottera til fridomsgeneralen.

Likevel nektar Aagre å vere med i klagekoret:

– Det er viktig å hugse at ­ingen parti har vist større vilje til å kjempe mot dei nasjonalistiske lovene som er retta mot rohingyaane og muslimar. Likevel har Aung San Suu Kyi fått meir internasjonal kritikk enn regjeringa.

– I Myanmar blir ho kritisert for å støtte muslimar for mykje, og NLD blir kritisert for å vere eit muslimparti.

– Kva med kritikken om at ho er «eigenrådig», og lite villig til å sleppe fram yngre krefter?

– Kritikken er legitim, samstundes som knapt noo anna parti har nominert fleire unge politikarar og kvinner enn NLD. Hugs at NLD er ungt som politisk parti, og at Aung San Suu Kyi er den mest kjende opposisjonspolitikaren i Myanmar, og opplever sterke avgrensingar gjennom grunnlova.

LES OGSÅ: Mor og sønn er smittet med hiv

– Trur du Aung San Suu Kyi er NLDs presidentkandidat også om fem år?

– Det er høgst usikkert. Ein dag må ho tre til sides.

Vil det beste

Dag går mot kveld i Yangoon. Dei siste kundane stoppar opp ved matutsalet til Ma Nge og Than Toe i Bogyoke Street.

I eit land der FN melder at ein av fire lever under fattigdomsgrensa og 40 prosent av barna under fem år er underernærte­, er folk nøye med kva dei kjøper av matvarer. ­Gateseljarane får nok til å halde liv i eigen husstand.

– Kva vi meiner om Aung San Suu Kyi? Å, vi ­elskar henne. Ho er vår. Vi skal stemme på henne. Ho vil det beste for oss, meiner Ma Nge.

Than Toe nikkar så bremmen på skyggelua ­vippar opp og ned. Søndag skal dei delta i ­Myanmars første frie val på 25 år. Søndag møter generaldottera generalane til demokratisk kappestrid.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje