Nyheter

Liv etter hiv

35 millionar menneske lever med hiv. Nesten 40 millionar har døydd av aids. Win Win og sonen Min Khant Kyaw er blant dei heldige. I Myanmar får alt for få hiv-medisin.

Win Win ser seg rundt. Dette er hennar nye heim. Tre salar; ein for hiv-smitta kvinner og barn, ein for hiv-smitta menn – og ein for dei sjukaste. Frå den siste går det berre éin veg. Til lokalsjukehuset. Her ventar aids-døden.

Win Win og sonen Min Khant Kyaw har lagt fram alt sitt jordiske gods på linoleumsgolvet. Ei plastkorg. Ein tøybag. Eit tynt teppe på to gonger éin meter markerer deira del av kvinnerommet.

– Her får vi omsorg, seier mora og trekkjer sonen inntil seg.

No er det berre dei to. Win Wins mann og Min Khant Kyaws far er død. Han blei smitta med hiv – og døydde av aids. Men den vesle familien på teppet skal klare å leve med hiv-smitten.

Jaga frå landsbyen

Halvvegs i forteljinga brest røysta, augo blir våte, arbeidshender stryk vekk væta som vil ned langs kinna. Mange i Myanmar har ei livshistorie som Win Wins.

– Alt starta med at mannen min blei sjuk. Han berre visna vekk og døydde. Då også eg blei sjuk, søkte eg hjelp. Sjokket var stort då eg blei fortalt at eg var smitta med hiv.

Fordi hiv framleis er tabu i landet der brorparten bur på bygda, var det ingen veg tilbake. Win Win og sonen Min Khant Kyaw måtte reise:

– Familien min sa eg ikkje kunne bu saman med dei, ei heller bli buande i landsbyen, for folk frykta smitten.

Enka samla dei få eignelutane ho og sonen hadde, pakka dei i ein plastbag og reiste. I utkanten av den gamle hovudstaden Yangon fann dei to husly etter at Win Win hadde spurt seg fram. No bur dei på aidssenteret til Myanmars fremste opposisjonsparti, National League for Democracy (NLD):

– Vi kan bli her inntil vidare. Kva framtid vi vil få, veit eg ingenting om i dag.

LES OGSÅ: Slum skuffet vekk - kong Harald lei seg

40 millionar døde

Aids drep framleis. Kvar dag blir meir enn 5.750 menneske smitta med hiv, fortel Verdshelseorganisasjonen. Aids er på lista over verdas ti fremste dødsårsaker, framleis.

Sjukdommen blei oppdaga i USA for snart 35 år sidan. Hiv-viruset blei påvist i 1983 av ein fransk og ein amerikansk lege. Det skjedde etter at homofile menn hadde fått ei mystisk liding som svekka immunforsvaret. Mennene blei svært mottakelege for infeksjonar og sjukdommar, som til slutt tok livet av dei.

Sidan aids blei registrert første gong, har sjukdommen sendt nesten 40 millionar menneske i ei tidleg grav. I dag lever 35 millionar med hiv-smitte.

Men heile 19 millionar veit ikkje at dei er smitta, fortvilar UNAIDS.

Og: Berre 13 millionar hiv-smitta får livreddande behandling med legemiddel – og berre eit av fire hiv-smitta barn får den daglege dosen med livreddande medisin.

Manglar mykje hiv-medisin

I Myanmar er Win Win og Min Khant Kyaw blant dei heldige. Dei får legemiddel som hindrar dei å utvikle aids. Ikkje frå landets helsestyresmakter, men frå utanlandske gjevarar. Dei politiske tilhøva i Søraust-Asias nest fattigaste land rammar landets hiv-smitta ekstra hardt.

Etter 50 år i politisk og økonomisk isolasjon prøver militærdiktaturet å kople seg til omverda. Men fordi generalane som styrer landet – dei skifta frå uniform til sivil i 2011 – har brukt brorparten av statsbudsjetta på forsvaret og på å undertrykkje all opposisjon, er lite blitt brukt på helsevesenet.

Difor er det internasjonale donorar som i hovudsak deler ut medisin til Myanmars hiv-smitta.

Og difor nyt langt under halvparten av alle hiv-smitta godt av legemiddelbehandling; om lag 75.000.

Win Win og Min Khant Kyaws medisin kjem frå Leger utan grenser. Organisasjonen held liv i nesten 40.000 av over 200.000 hiv-smitta.

Moderne hiv-behandling er billeg og effektiv, og minimerer risiko for vidare smitte. Men i Myanmar har viljen til å prioritere dei mange hiv-smitta vore svak.

LES OGSÅ: Utvikling i ein telefon

90-kampanjen skal redde fleire

Vi er ved eit vegskilje. Vi må mobilisere politisk engasjement, framskunde handling og bruke ressursar på å gjere det rette, lyder oppmodinga frå Michel Sidibé, generaldirektør i UNAIDS, FNs aidsorganisasjon.

For å skunde på politiske leiarar verda over, rullar UNAIDS no ut kampanjen dei kallar 90-90-90:

• Innan 2020 skal 90 prosent av dei som er smitta med hiv vite at dei er smitta.

• Innan 2020 skal 90 prosent av alle hiv-smitta få såkalla anti-retroviral behandling (ART): medisin som bremsar formeiringa av hiv-viruset i blodet, slik at utviklinga av aids kan haldast i sjakk.

• Innan 2020 skal 90 prosent av alle får anti-retroviral behandling oppleve at hiv-viruset blir varig hemma.

Kampanjen skal oppfylle FNs store, hårete mål:

– Innan 2030 skal ikkje folk døy av aids, vonar generalsekretær Ban Ki-moon.

Frivillige reddar liv

Phyu Phyu Thin har kjempa for Myanmars hiv-smitta og aids-sjuke lenge. Medan generalane framleis styrte i uniform, stod ho fram med megafon og fortalde at berre leiarane ville sjå, så ville dei oppdage at Myanmar hadde eit stort hiv-problem; at særleg sex-arbeidarar, sprøytenarkomane og homofile blei smitta av viruset – og at mange døydde i løynd av aids.

Generalane svara med å låse henne inne. Vel ute av fengsel blei aktivisten politikar. I 2012 røysta veljarar henne inn i parlamentet for NLD, partiet til Myanmars fremste opposisjonsleiar, Aung San Suu Kyi. Då hadde Phyu Phyu Thin drive senteret Win Win bur på i ti år.

– Noko måtte gjerast for dei mange hiv-smitta, behovet for hjelp var enormt, og styresmaktene gjorde ingenting, fortel Phyu Phyu Thin.

Kvar helg brukar politikaren på aidssenteret. Her kjem folk for å bli testa, her får dei rådgjeving og her får dei behandling.

– Avtalen med Leger uten grenser sikrar oss faste leveransar av legemiddel, slik at mange styrer unna aids.

LES OGSÅ: Kongeparet fikk gjensyn med Aung San Suu Kyi

Phyu Phyu Thin viser veg opp på salen med dei sjukaste. To vifter prøver å dempe heten i rommet som er dekka med matter. På ei sit han som kom i går. Utmagra av sjukdom er han berre skinn og bein. Utsiktene er dårlege. Mannen kom truleg for seint til senteret. Han blir eit nytt offer i dødsmanntalet til Myanmar.

Risikogrupper lever farleg

Utfordringane er mange. Helsevesenet er underdimensjonert, det manglar pengar til å ruste det opp, og det er mange sjukdommar og lidingar som må prioriterast før dei hiv-smitta – vi slit kraftig med underernæring, diarè, tuberkolose og malaria. Difor er det vanskeleg for hiv-positive å få god medisinsk behandling. Samanlikna med naboland, får alt for få legemiddel som vernar dei mot å utvikle aids, seier Soe Naing, og trekkjer fram Thailand og Kambodsja.

Leiaren av Myanmar-kontoret til International HIV/AIDS Alliance har tatt ein pause frå ein av dei mange hiv-aids-konferansane som blir arrangerte i Myanmar no om dagen. Mange FN-organisasjonar ser med uro på stoda i landet.

– I risikogruppene er talet på hiv-smitta høge. For sexarbeidarar og for menn som har sex med menn ligg talet på rundt ti prosent, og blant sprøytenarkomane er talet heilt oppe i 20 prosent, fortel Soe Naing der han sit i lobbyen på eit stort konferansehotell i Yangon.

Han har mange års røynsle med hiv- og aidsarbeid. Difor trur han talet på smitta i Myanmar kan vere høgare enn dei rundt 200.000 som mange organisasjonar opererer med.

– Grafane viser at talet går ned, det kan vere sant, men også usant. Hugs at dette er eit land der det er vanskeleg å snakke ope om til dømes homofili, for det er kriminalisert og tabu.

LES OGSÅ: Samuelspakta

Kondom er bevis

Prostitusjon er også ulovleg i Myanmar. Når så lokale organisasjonar som Alliance samarbeider med, deler ut kondom for at sexarbeidarar skal verne seg mot å bli smitta med hiv, så blir mange prostituerte arresterte når politiet bankar på.

– Dei har jo kondom på seg, det provar at dei sel sex, seier politiet og deler ut bøter, forklarar Soe Naing.

Han er tydeleg på at Alliance og alle andre som arbeider med hiv og aids i Myanmar, har ei stor oppgåve framom seg:

– Det vil ta tid å fjerne stigmatiseringa hiv og aids fører med seg.

FNs befolkningsfond seier tabuet rundt hiv og aids er så lammande at mange i risikogruppene let vere å teste seg. Resultat: Dei går for lenge med viruset i kroppen, behandlinga kjem for seint, dei døyr av aids.

Saman med Kina, India, Indonesia, Thailand og Vietnam har Myanmar 90 prosent av dei som er hiv-positive i Asia. UNAIDS seier at rundt 15.000 menneske døydde av aids-relaterte sjukdommar i 2013, som er siste år med fullstendig statistikk i Myanmar. Same år blei vel 7.000 nye smitta med hiv.

Men, understrekar alle, FN og frivillige organisasjonar, som arbeider med hiv og aids i det søraustasiatiske landet; tala er truleg verre, for mange gøymer seg unna kartleggingar – og mange veit ikkje at dei er smitta. Og no når regimet slakkar tøylane, og folk kan flytte friare rundt i landet, fryktar alle at fleire vil bli smitta med hiv.

Tek hand om foreldrelause

- Hit med ballen, sentre, sentre!

Fire gutar brukar tida mellom skuleslutt og lekser til spele fotball. Sorglaus leik med ball er viktig for dei som bur på NLDs andre senter i Yangon. Her bur dei hiv-smitta som har framtida framfor seg. Her får vaksne arbeidstrening medan dei bur seg på å vende tilbake til kvardagen etter lange sjukdomsperiodar. Her får foreldrelause barn bu til dei kan klare seg sjølve.

– Mååållll!

To gutar strekkjer hendene i veret. Jobben er gjort. Dei har overtaket på motstandarane.

LES OGSÅ: – Vi som parlamentarikere kan gjøre en forskjell

Aung Kyaw Lwin veit kva den kjensla gjer med eit menneske.

– Eg er hiv-positiv, men eg er frisk, eg går på medisin som held meg frisk, seier mannen som blei leiar av senteret etter at han stod opp av sjukesenga.

Sjølv om han har reist seg, er Aung Kyaw Lwin mest oppteken av ei dei som ikkje får den hjelpa han har fått:

– Mange fleire kunne overlevd om dei berre hadde fått dei etterspurde legemidla.

Leve vanleg liv med hiv

U Zaw Zaw skal snart heim. Barna som har budd hjå besteforeldra, skal få ein frisk far tilbake. Snekkaren har dei fire siste månadane hatt kona Ma Sabei buande saman med seg på opptreningssenteret til NLD.

– Berre eg er hiv-positiv, seier han og ser smilande bort på kona, som han deler teppe med.

– Men med hjelpa eg har her fått skal vi klare oss.

Då U Zaw Zaw kom til NLDs aidssenter for over eit halvår sidan, var han så sjuk at kona måtte vere med og pleie han. No skal dei tilbake til kvardagen i landsbyen.

– Eg kjenner ikkje på skam. Eg får medisin som gjer at eg kan leve eit vanleg liv saman med familie og vener.

LES OGSÅ: Kampen om vannet

Verdshelseorganisasjonen fortel at utviklinga går den rette vegen, år for år. I 1999 blei heile 3,6 millionar smitta med hiv på verdsbasis. 15 år seinare har talet gått ned til 2,1 millionar. 2005 var toppåret for aidsdøde; 2,4 millionar menn, kvinner og barn. Ti år seinare er talet nede i 1,5 millionar døde.

Men framleis blir over 2.400 unge menneske verda over smitta med hiv dagleg, viser tal frå Alliance.

Opne om risiko

Stigmatisering handlar om mangel på kunnskap. Difor opplever mange hiv-positive at dei blir nekta jobb eller at dei mistar jobben. Arbeidsgjevarar er redde for å ha hiv-smitta tilsette, dei fryktar at viruset skal smitte over på friske, fortel Kyaw Min Htun.

Han leiar Myanmar Youth Stars, ein organisasjon som kjempar fleire kampar:

– Vi vil fjerne den sterke stigmatiseringa som homofile, lesbiske, bifile, transseksuelle og sexarbeidarar opplever i Myanmar i dag.

Ungdomsleiaren har samla medaktivistar til ein kveldstur i ein av Yangons mest populære mingleområde, tempelparken Shwedagon. Mellom gullforgylla pagodar vandrar dei som har kjent på kroppen kva det vil seie å vere annleis.

– Er eg ikkje fin, seier Chit Nyi - og viser fram eit mobilbilete der 24-åringen poserer i kjole.

– Eg er homo, seier «Steel», som ikkje vil ut med namnet.

– Eg var den første i Myanmar som gifta seg med ein mann, seier Myo Minn Thet og hentar opp foto og video frå vigselsseremonien på eit hotel i Yangon.

Etter ti år som partnarar blei dei eit gift par. Politiet svarte med å starte etterforsking på grunnlag av medieomtalen. Paret var mistenkt for å ha brote paragraf 377 i straffelova. Menn kan ikkje ha sex med menn i Myanmar. Paret er framleis gift.

– Eg er hiv-positiv. Difor fekk eg ikkje jobben eg søkte. Arbeidsgjevaren tok ein hemmeleg hiv-test då eg var inne til helsesjekk, fortel Zin Mar Phyo.

Følg oss på Facebook og Twitter!

På eit besøk hjå legen opplevde ho mangelen på respekt ganske så brutalt:

– Eg sat på venterommet då eg blei ropt inn til legen som «ho som er hiv-positiv». Heller ikkje offentlege sjukehus nølar med å dele ut hemmelege helseopplysningar om dei som er smitta med hiv, fortel kvinna.

– Du forstår kanskje at Myanmar Youth Stars har store utfordringar å jobbe med, seier leiar Kyaw Min Htun.

Varsam med ord

Dagsavisa The Global New Light of Myanmar har nære band til det kvasisivile regimet; ho er eigd av informasjonsministeriet. Då avisa rette søkelyset mot Myanmars mange hiv-smitta på verdas aids-dag 1. desember, blei sjefen for helsedepartementet i Yangon-regionen intervjua. Legen valde desse orda då han forklarte dei mange nye tilfella av hiv-positive:

– Dei blir smitta med viruset som følgje av genital kontakt.

Andre ord kunne han ikkje bruke.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter