Programmet Åndenes makt er inne i sin ellevte sesong og framleis ein av TVNorge sine største sjåarsuksessar. – Bidrar slike medium til at den som søkjer hjelp bind fast i noko som ikkje er bra for vedkommande? spør Ann Kristin van Zijp Nilsen. På bildet: programleiar Tom Strømnæss, flankert av Lilli Bendriss (t.v.) og Gro-Helen Tørum.
Yrkesetikk for medium
Det er ein plagsam tanke at eg skulle bli skulda for å plaga familien min etter at eg er død. Eg har nemleg tenkt å ta alt mas om skitentøy, tiss på kanten og kjeldesortering med meg i grava.
Det er far din som går igjen her, får ein ung mann beskjed om i ein av episodane i tv-serien Åndenes makt. Han jobbar på ei vegkro, der eigarane har opplevd uforklarleg uro. Difor har dei bede programredaksjonen, inkludert eit såkalla medium, om hjelp. Far hans er død for ei tid tilbake.
Denne hausten er Åndenes makt inne i sin ellevte sesong og framleis ein av TVNorge sine største sjåarsuksessar. Samstundes har mediumskap stadig vore i media, og me er ikkje eingong komne til allehelgensdag og Alternativmessen på Lillestrøm.
LES OGSÅ: Skrev så mannen skulle forstå
Bestill abonnement her
KJØP