MISJONÆRAR: Glen og Ivy Milanowski er misjonærar i den kinesiske menigheten i Oslo. Dei held til i Lilleborg kirke som i dag er NMS sitt Oslo-kontor.(Foto: Marit Neset)
Ho er misjonær i Noreg. Familien blei kristne gjennom ei kyrkje starta av norske misjonærar på Taiwan
Ekteparet Ivy og Glen Milanowski er misjonærar frå Canada til ein kinesiske kyrkjelyd i Oslo. Familien hennar i Taiwan blei kristne då dei fekk kontakt med ei kyrkje starta av norske misjonærar. Bli med på leit etter eit stykke norsk misjonshistorie.
Ni år gamle Ivy Chen ser med store auge utover dei fullsette kyrkjebenkane i tre. Ho, dei to systrene og foreldra har funne seg plass på galleriet.
Alt er nytt og fascinerande. Dei vakre kvite og raude kappene dei i koret har på seg. Den særeigne lyden av syltynne ark som gnissar mot kvarandre når ei ny salme blir leita fram.
Vår far rissa inn i ei stor, svart marmortavle med sirlege, kinesiske teikn. Pastoren som fylgjer eit usynleg manus for når han skal knele, reise seg eller lyse velsigninga.
Bestill abonnement her
KJØP