Mange kristne amerikanarar meiner ein bør boikotte OL i Beijing

USA: Majoriteten av amerikanske katolikkar og evangelikale kristne støttar USA sin diplomatiske boikott av vinter-OL i Beijing. Rekordfå amerikanarar såg opningsseremonien førre veke.

Olympisk opningsseremoni, Beijing 2022. Vinter-OL. Åpningsseremoni. Fyrverkeri.
BOIKOTT: Fleire land har innført diplomatisk boikott av årets olympiske vinterleikar. Få i USA har høyrt om Biden si avgjersle om ein slik boikott. Under opningsseremonien i Beijing forma fyrverkeri dei olympiske ringane.
Publisert Sist oppdatert

16 millionar sjåarar såg opningsseremonien til dei 24. olympiske vinterleikane på den amerikanske fjernsynskanalen NBC, skriv Christianity Today.

Det er tidenes dårlegaste sjåartal for ein olympisk opningsseremoni, og heile fire millionar færre enn førre jumboplassering, nemleg OL i Canada i 1988.

Det er det nok fleire som er glade for. Nye tal frå Pew Research Center viser at majoriteten av amerikanske katolikkar og evangelikale kristne som har høyrt om Biden sin diplomatiske boikott av OL i Beijing støttar denne.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS