Mufanos hjertesak er integrering: – Skal puste Ulstein i nakken
ETTERLYSER MANGFALD: TikTokar og KrF-politikar Heritier Mufano er ein av få med flyktningbakgrunn i norsk politikk. Han ønskjer å bidra til at Norge vert betre på integrering, og etterlyser meir mangfald i politikken.
ENGASJERT: Heritier Mufano - ung, kristen, Tiktok-stjerne og aktiv i KrF. Kom til Norge som flyktning fra Kongo. Han er også ansvarleg for BUA på Kadettangen.
Sindre Deschington
Like før juleaftan i 2020 kom kongolesiske Heritier Mufano som flyktning (30) til eit koronastengt Norge. Han var glad, men samtidig redd. Dagane var korte og alt var mørkt. Han sat 14 dagar i karantene før han fekk møte det nye heimlandet sitt på ordentlig.
– Alle virka veldig sure. Det tok lang tid før eg fekk venner. Det var litt vanskeleg må eg innrømme, fortel Mufano om starten på det nye livet i Norge.
Den første nordmannen Mufano hilste på var ei dame som kom med eit teppe på døra til han. Ho hadde oppdaga at han budde i ei nesten tom leilegheit.
Bestill abonnement her
KJØP