– Det er fleire som fortel meg at Kirkens SOS har redda livet deira
KIRKENS SOS: Mai og juni er nokre av høgsesongane for samtalar hos Kirkens SOS. – Dei vonde kjenslene forsvinn ikkje berre fordi sola skin, seier generalsekretær Johannes Heggland.
STILLEROM: Kjartan Vevle (71) har vore frivillig i Kirkens SOS i 4,5 år. På lokalet i Skøyen i Oslo, har Kirkens SOS eit eige stillerom der dei frivillige møtast før og etter vakt.
Ragnhild Kallestad
– Mai og juni er høgsesong for samtalar i Kirkens SOS, med om lag 22.000 som tek kontakt begge månadene. Fleire helsetilbod og sosiale møteplassar er sommarstengd, og einsemda blir tydelegare. Dei vonde kjenslene forsvinn ikkje fordi sola skin – tvert imot opplever mange større kontrastar til korleis ein trur «alle andre» har det.
Det seier Johannes Heggland, som har vore generalsekretær i Kirkens SOS sidan juni i år. Sjølv om Kirkens SOS merkar ei auke i talet på menneske som tek kontakt i sommarsesongen og i høgtider, understrekar Heggland at det likevel ikkje er drastiske endringar frå månad til månad.
– Det er relativt stabile tal året rundt. Men det er noko unikt med dei spesielle tidene der ein har sterkast forventing til fellesskap.
Bestill abonnement her
KJØP