Religion

Meiner heile samfunnet kan lære av Paulus

LEIING: I ei ny bok tek tre kyrkjeleiarar til orde for at samfunnet og kyrkja kan lære av mangfaldet hos Paulus. – Å tru at vi vert betre saman burde vore ein sjølvfølgje, men det er ikkje det.

– Når kyrkja har vore på sitt beste, har den klart å vere tru både til ei lære og ei bekjenning som har vore såpass samsvarande at alle har visst kva ein har vore saman om. Så har det samstundes vore såpass mykje spenn av ulikskapar at ein har klart å vekse.

Torstein Eiden Nordal, Vidar Mæland Bakke og Egil Elling Ellingsen er aktuelle med boka FEM toneangivende personer.

Dette seier Vidar Mæland Bakke, prest og dagleg leiar i ByMenigheten Sandnes. Han sit på ein benk rett ved Oslo sentralstasjon, midt mellom Torstein Eidem Nordal, prest i Bogafjell kyrkje i Sandnes, og Egil Elling Ellingsen, pastor i IMI-kirken. Saman er dei aktuelle med boka FEM toneangivende personer.

Boka tek utgangspunkt i Paulus sin modell for leiing av ei forsamling. Forfattarane meiner Paulus set ord på fem toneangivande personar i ein dynamisk organisasjon, det Paulus kalla apostel, profet, evangelist, hyrde og lærar.

– Det Paulus seier i Efesarane 4 er at om fellesskapet skal vekse opp og verte modent, må det vere plass til forskjellige typar. Då må dei spele saman, seier Ellingsen.

Ein leiarmodell for alle

Boka er, ifølgje forfattarane, ikkje berre for dei som jobbar i kyrkja, eller dei som er med i leiarskapet i kyrkjelyden. Dei har som mål å opne temaet slik at alle som er kristne og opplev seg sjølv som leiarar kan gå til boka og tenkje at det er relevant for dei også. Eidem Nordal fortel at boka er viktig for dei som er knytt til den sekulære delen av samfunnet.

– Det eg trur er nytt i denne boka er at vi vågar å ta det ut av ein kyrkjeleg samanheng. Vi spør om det er ord som vi finn igjen elles i samfunnet og som kanskje byggjer på skapelsesgjevne føresetnader, eller typar og utrustingar som menneske har, som Paulus plukka opp og brukte i ein kyrkjeleg samanheng, seier Mæland Bakke.

Torstein Eiden Nordal, Vidar Mæland Bakke og Egil Elling Ellingsen er aktuelle med boka FEM toneangivende personer.

– Trur de at boka og leiarmodellen kan vere aktuell i sekulære organisasjonar også?

– På ein måte så er jo dette veldig tidsriktig når det kjem til dette med personlegdomstypar. Så kan ein spørje; treng vi ei til? Men viss vi i kyrkja, med vårt trusgrunnlag har noko som seier noko om dette mangfaldet, og faktisk trur at det kan vere ein ressurs eksternt og ikkje berre internt, så kan kanskje kyrkja rette seg litt i ryggen og ha litt sjølvtillit og tenkje at vi har faktisk noko å leggje på bordet vi også, seier Ellingsen.

Ei kyrkje skal tru på Gud, men no har tida komen for at vi også må tru på oss sjølv som kyrkje.

—  Torstein Eidem Nordal

Ei ny tid for kyrkja

Dei er alle einige i at det er på tide med ei bok som løftar fram mangfald i leiing av organisasjonar.

– Ei kyrkje skal tru på Gud, men no har tida komen for at vi også må tru på oss sjølv som kyrkje. Då treng vi å kome oss vekk frå renkespelet, altså den type manipulasjon som kan feste seg i kristne forsamlingar og stabsmiljø. Den tida er forbi, no må vi gå saman for eit samspel og spele kvarandre gode, seier Eidem Nordal.

Individualismen pregar kyrkja

Torstein Eiden Nordal, Vidar Mæland Bakke og Egil Elling Ellingsen er aktuelle med boka FEM toneangivende personer.

Det er fleire faktorar som spelar inn når Eidem Nordal snakkar om at kyrkja er i endring. Han meiner også at frivilligdommen er i endring. Frå å vere ein kollektivistisk og tradisjonell frivilligdom der ein utfører tenester basert på plikt, har kyrkja komen til eit punkt der ein tenkjer «Kven er du?», «Kva kan du bidra med?» og «Kva er di utrusting?»

– Denne boka er eit kjempegodt innsteg til nettopp det å sjå og anerkjenne menneske og plassere dei i oppgåver som ikkje berre gjer at dei vert verande i kyrkjelyden, men verande hos Jesus.

– Korleis er dette relevant for kyrkja i dag?

– For nokon slår vi inn opne dører, men samtidig så er det slik at vi må snakke om dette igjen og igjen. Tendensen er at vi mister litt trua på at vi kan få til ting saman. Det er eit veldig sterkt driv mot individualisme i Noreg og det å tru at vi vert betre saman burde vore ein sjølvfølgje, men det er ikkje det, seier Mæland Bakke.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion