Religion

Misjonskirken diskuterer likekjønna samliv - dette kan bli utfallet

KRAGERØ: Leiarar i Misjonskirken Norge er samla og har mellom anna diskutert samlivsspørsmål. To modellar har blitt presentert.

– Det er ein debatt om medlemskriterium. Misjonskyrkja ynskjer å vera bibeltru, samstundes som me ynskjer å vera inkluderande i møte med våre medmenneske.

Det seier pastor i Stavanger Misjonskirke, Sten Sørensen, til Vårt Land.

Han er ein av rundt 120 leiarar som på tysdag har diskutert korleis ein skal møte og inkludere menneske som lever i likekjønna samliv i Misjonskirken Norge.

I desse dagar er nemleg Pastor -og medarbeiderforeningen i misjonskyrkja samla i Kragerø, mellom anna for å diskutere denne saka.

To modellar på bordet

Generalsekretær i misjonskyrkja, Siri Iversen, stadfestar til Vårt Land at ein har diskutert om høvet for at personar som lever i eit likekjønna samliv kan bli medlemmar.

Fleire kjelder opplyser at det har liggje to forslag på bordet; ein modell A og ein modell B.

Erik Andreassen, pastor i Oslo misjonskirke Betlehem, seier modell A er å vidareføre dagens ordning. Modell B er ei «oppmjuking», der personar som lever i eit likekjønna forhold eller er sambuarar kan bli medlem, men har visse restriksjonar på kva roller eller tenester dei kan ha.

– Eit gyllent høve

Dette er ei sak ein har jobba med over lenger tid i misjonskyrkja. Generalsekretæren skriv i ein epost til Vårt Land at tysdagens samtaler berre var meint som ein start, og at Predikant og Menighetsrådet og Hovedstyret vil jobbe vidare med saka, og at dei vil leggje opp til fleire samtaler i framtida.

Samstundes presiserer Iversen at «slik me forstår Bibelen er ekteskapet mellom éin mann og éi kvinne».

Trygve Wikstøl

– Me har ikkje endra forståinga vår av dette. Det me ynskte var å invitere til samtale og refleksjon om, er korleis me tek imot og inkluderer menneske med forskjellig seksuell orientering i våre lokale kyrkjelydar.

Trygve Wikstøl jobba som pastor i Misjonskirken Norge i over tjue år, før han gjekk av med pensjon for halvtanna år sidan. Han er klar i si sak:

– Eg tenkjer at ein no har eit gyllent høve til å lande på eit mellomstandpunkt: ein kan invitere alle som trur på Jesus, inkludert homofile, inn i kyrkjelyden, utan å gå inn for å vie homofile.

Wikstøl meiner dette ville vore ei naturleg løysing i misjonskyrkjas tradisjon. Her har ein nemleg frå før samvitsfridom når det kjem til syn på dåp og nattverd.

– Sjølv om misjonskyrkja har eit klart teologisk standpunkt om at barna tilhøyrer guds rike utan dåp, spør ingen om kva dåpssyn ein har før ein får ei leiarrolle.

Den tidlegare pastoren ynskjer seg ei liknande ordning med samvitsfridom i spørsmålet om likekjønna samliv.

– Ein umogeleg spagat

Verdinytt.no meldte nyleg at pastor i Randesund Misjonskirke i Kristiansand, og tidlegare generalsekretær i Misjonskirken Norge, Jarle Råmunddal, har sendt eit 17 sider langt notat til pastorane i kyrkja.

Her tek Råmunddal til orde for a halde på dagens ordning, både med tanke på teologi og medlemskap.

«Eg legg merkje til at nokon ynskjer å halde fast på ein konservativ teologi i spørsmålet om homofilt samliv, men ynskjer å finne vegar til å endre våre ordningar rundt medlemskap og tenester for menneske som lever i homofilt samliv.»

Vidare skriv han at det etter hans meining er «ein umogleg spagat», og grunngjev dette mellom anna med misjonskyrkja sin tradisjonelle forståing av kva det vil seie å vera medlem der.

---

Misjonskirken Norge

  • Frivillig organisasjon og kristent trussamfunn stifta i 1884.
  • Heitte fram til 2016 Det Norske Misjonsforbund.
  • Kallar seg ei kyrkjelydsrørsle med fokus på misjon.
  • Har om lag 11 500 medlemmar (utgangen av 2019).
  • Har 91 kyrkjelydar rundt i Noreg.
  • Medlemmar har samvitsfridom rundt lærespørsmål som dåp, nattverd, og dessutan om ein ynskjer medlemskap i Den Norske Kyrkja.

Kjelder: Kirkesamfunn i Norge, innføring i kirkekunnskap og mknu.no

---

Stor risiko

Erik Andreassen seier han synest det var godt å snakke saman på samlinga.

Det vekte merksemd då kyrkjelyden han er pastor i, Oslo misjonskirke Betlehem, i fjor haust diskuterte same tema.

Nokon tenkjer at det ikkje er så farleg at me tenkjer ulikt, medan andre meiner at det er ein stor risiko.

—  Erik Andreassen

Leiinga i Oslo-kyrkjelyden til orde for å «anerkjenne at et trufast, homofilt forhold kan være samsvar med et liv som Jesu disippel», og at dette ikkje kan stå til hinder for medlemskap i trussamfunnet.

Ein dryg månad seinare bestemte dei seg for å utsetje prosessen etter møte med leiinga sentralt.

Andreassen seier samtala bar preg av at alle ville kvarandre vel, men at ein har ulike meiningar.

– Misjonskyrkja har vore tydelege i synet på ekteskapet. Det trur eg ikkje det er noko særleg usemje om. Spørsmålet er korleis me skal møte dei med ei anna seksuell orientering. Der er me ueinige.

– Også tenkjer me ulikt om å tenkje ulikt.

Han forklarar:

– Nokon tenkjer at det ikkje er så farleg at me tenkjer ulikt, medan andre meiner at det er ein stor risiko.

Oslo-pastoren seier han likevel opplevde at det denne gongen var ei «meir ærleg samtale» og større rom for å seie det ein tenkte på.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion