Religion

Foreslo aksept for homofilt samliv, no utset dei prosessen

SAMLIV: I Oslo misjonskirke Betlehem diskuterar dei om ein skal akseptere homofilt samliv. Etter eit møte med leiinga i Misjonskirken Norge utset dei prosessen.

I oktober tok leiinga i Oslo misjonskirke Betlehem til orde for å «anerkjenne at eit trufast, homofilt forhold kan vera i samsvar med eit liv som Jesu disippel, og heller ikkje i seg sjølv til hinder for medlemskap eller teneste».

Det skjedde i ein e-post som blei sendt ut som ein del av ein invitasjon til ein temakveld med namnet «Leve sammen». E-posten skulle vera eit utgangspunkt for vidare samtaler i kyrkja. Neste veke er det tid for den fjerde temakvelden i rekka.

I invitasjonen til denne kvelden kjem det fram at kyrkjelyden no vil bremse ned den såkalla «Leve sammen-prosessen».

Grunnen til dette er at leiinga i Oslo misjonskirke Betlehem i eit møte med kyrkjelydsrådsgjevar Kjell Birkeland og generalsekretær i Misjonskirken Norge (MKN), Siri Iversen fekk høyre meir om korleis kyrkjesamfunnet sentralt vil jobbe vidare med temaet.

Jobbar med saka sentralt

Saka skal ha vore oppe på førre hovudstyremøte i MKN. Det neste hovudstyremøtet er i februar, og derfor ser leiinga i Oslo-kyrkja det som tenleg å vente til etter dette før dei jobbar vidare med korleis dei skal møte spørsmålet om homofilt samliv. Dette kjem fram i invitasjonen til kyrkjelydsmøtet neste onsdag.

Vidare skriv dei:

«Me ynskjer også å vera ein aktiv part i samtalene som vil skje på nasjonalt plan, før me konkluderer noko endeleg for vår kyrkjelyd.

Me vil ikkje ha to år med gruppearbeid. Me har andre ting å gjera enn å diskutere denne saka, og me ynskjer å koma vidare.

—  Erik Andreassen, hovudpastor i Oslo misjonskirke Betlehem

Hovudpastor i Oslo misjonskirke Betlehem, Erik Andreassen, seier til Vårt Land at det er viktigare med gode samtaler, enn at dei skjer raskt.

– Me ynskjer å vera i samtale med Misjonskirken Norge og me er ein del av det storfellesskapet. No veit me litt meir om deira tidslinje, då tenkjer me at det er naturleg for oss å vente med å gå vidare, seier Andreassen.

I forslaget leiinga i Oslo misjonskirke Betlehem kom med i oktober kjem det fram at dei ikkje ynskjer å opne for å vie likekjønna par, men dei tek til orde for at personar som lever i likekjønna forhold skal kunne vera medlemmar i kyrkja og ha roller og teneste der.

Vil koma vidare

MKN sentralt lagar rettleiarar om ulike felt som blir sendt ut til alle kyrkjelydane, med råd som dei oppmodar alle til å fylgje. Tidlegare i haust sa generalsekretær Iversen til Vårt Land at den førre rettleiaren på samlivsfeltet kom i 2004, men at den no er under revidering.

– Me er glade for at saka blir diskutert i Misjonskirken Norge, seier pastor Andreassen.

Han påpeikar at dei ikkje har dårleg tid i saka, men at han også oppteken av at det ikkje skal dra ut.

– Me vil ikkje ha to år med gruppearbeid. Me har andre ting å gjera enn å diskutere denne saka, og me ynskjer å koma vidare.

I dokumentet dei sende ut frå leiinga i oktober stod det at Oslo-kyrkjelyden hadde eit mål om å gjera eit «breitt fleirtalsvedtak ein gong i 2023».

Ein viktig kveld

Andreassen ser fram til møtet på onsdag.

– Det blir ein viktig kveld for fellesskapet.

Med seg har dei fått mellom anna Merete Hodt, Terje Hegertun og Bjørn Øyvind Fjeld.

– Me har invitert eksterne folk for å spegle oss og utfordre leiinga sitt forslag, seier Andreassen.

Professor og pinseven Terje Hegertun vekte mykje merksemd då han i 2021 i boka Det trofaste samliv utfordra frikyrkjesamfunn til å tenkje nytt om homofile parforhold.

Han meiner kristne homofile som ynskjer å leve i trufaste forhold bør få støtte og aksept frå kyrkjer. Likevel held han fast på at ekteskapet mellom mann og kvinne framleis bør ha ei særstilling. Fleire har omtalt dette som ein slags mellomposisjon i samlivsspørsmålet.

Merete Hodt er høgskolelektor i teologi, religion og filosofi ved NLA Høgskolen. Bjørn Øyvind Fjeld er tidlegare generalsekretær i MKN og rektor ved Ansgar høyskole for teologi, musikk og psykologi.

---

Misjonskirken Norge

  • Frivillig organisasjon og kristent trussamfunn stifta i 1884.
  • Heitte fram til 2016 Det Norske Misjonsforbund.
  • Kallar seg ei kyrkjelydsrørsle med fokus på misjon.
  • Har om lag 11 500 medlemmar (utgangen av 2019).
  • Har 91 kyrkjelydar rundt i Noreg.
  • Medlemmar har samvitsfridom rundt lærespørsmål som dåp, nattverd, og dessutan om ein ynskjer medlemskap i Den Norske Kyrkja.

Kjelder: Kirkesamfunn i Norge, innføring i kirkekunnskap og mknu.no

---

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion